Innenriks

Bjarne Wærdahl i Ulsteinvik har sist helg ein kronikk i lokalavisa Vikebladet Vestposten om «trykk-kokaren» i Midtausten som no er komen til Europa. Han viser mellom anna til terroren i Paris og uroa i Malmø. «Multikulturelle samfunn har sin verdi, men også sin pris…. Integreringa stoppar opp og vert reversert».

Medan han sit og blar i siste nummer av Charlie Hebdo konkluderer han slik: «Legg eg saman mine erfaringar, kjenner eg at eg framleis har skepsisen min i behald. Kall det gjerne fobi».

Wærdahl legg ved ein faksimile av framsida til Charlie Hebdo «som illustrasjon til denne ytringa», og skriv: «Så vert det spanande å sjå kva Vikebladet Vestposten har slags fobiar, og kvar redaktøren gjer med dei».

Resultatet er verre enn ein skulle frykte. Ikkje berre har dei latt vere å bruke Charlie Hebdo, artikkelen er i staden illustrert med eit bilete av hoppbakken i Falun, Sverige. Ein hoppbakke!

Vikebladet 1

Vikebladet Vestposten del 1, side 2/31. januar 2015

Hoppbakken har ikkje noko med artikkelen å gjere utanom at bakken ligg i Sverige. Wærdahl skriv rett nok at han ein gong på veg til Falun var innom gamle vener og fekk der inntrykk av den svenske innvandringsdebatten. «Hoppbakken» er difor ikkje berre å vike unna problemet, men ein demonstrasjon.

Vikebladet B

Del to av Vikebladet side 2/ 31.januar 2015

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dei kunne brukt eit illustrasjonsbilde frå terroråtaka i Paris. Det hadde i det minste vore tematisk riktig og presist. Nei, dei vel seg eit illustrasjonsbilde som er heilt irrelevant. Dei kunne like gjerne trykt eit bilete av solnedgangen på Flø, ein tube tannpasta, ein sparkstøtting … ?

Redaktør Anne Gry Eilertsen forklarar seg slik:

«Illustrasjonen som Bjarne Wældahl har lagt ved viser «Muhammed» eller ein som representerer islam be om orsaking. Redaktøren i Vikebladet Vestposten har bestemt seg for å ikkje trykke denne faksimilen. Avisa vil heller bruke ord enn satiriske teikningar som kan vere hånande og provoserande».

Nei, muslimane blei nok ikkje provoserte av hoppbakken, men eg blei det. Kanskje også innsendaren og andre av dei som faktisk les avisa. Hoppbakken er som ein «hån» mot mange som meiner situasjonen er svært alvorleg og at denne Muhammed no må fram i det kritiske lyset dersom vi skal kunne leve saman i fred her i landet.

Innsendaren har med andre ord fått fram poenget sitt. Overskrifta til Wærdahl var nemleg «Å kjenne etter sine fobiar». Etter terroren i Paris og situasjonen mellom anna i Sverige, er det framleis grunn til å vere skeptisk – «kall det gjerne fobi». Han lurer deretter på om kanskje også redaktøren har ein liten fobi.

omslag.charlie

Forside på Charlie Hebdo 14 januar i år. «Alt er tilgitt. Eg er Charlie», teikna av Rénald Luzier.

Det har ho. Vi er altså alle redde for islam, ser det ut til.

For muslimane, derimot, må redaktøren sin respekt for profeten gjere dei krye. Dei er nok likevel litt overraska sidan det kjem frå dei vantru: ‘Så, denne Muhammed må verkeleg vere ein mektig herre sidan sjølv dei vantru lyder hans ord’.

Muhammed er ikkje berre ein profet, men ein politisk lovgivar. Dette skil dei frå oss. For oss er dette skiljet grunnleggande, med røter i den greske og romerske republikken fram til kampen mot pavekyrkja og eineveldet.

Europa, med sine mange religiøse minoritetar, har lært. Eit skilje mellom politikk og religion, har ikkje berre gitt oss ein god stat, men det har gitt det beste vernet for dei mange kyrkjesamfunna. Det sekulære er garantisten for dei mange minoritetane. Vi har hatt våre religiøse krigar i rikt monn. Midt-Austen står no midt oppe i sin eigen trettiårskrig. Dei som flyktar hit skulle vi undervise i historie før dialog.

Terroristane må på si side tenkje at dette fungerte fint. ‘Vi drap ein redaksjon i Paris, og media over heile Europa lyder oss’. Det blir nok ikkje naudsynt med så mykje meir terror mot media.

Fundamentalismen har vind i segla. Islam treng difor kritikk og openheit, helst frå sine eigne, men viss ikkje, og når har kome hit til oss, får dei få det her. Det er det minste vi skuldar dei. For det er ei gåve! På sikt er det dette som vil berge den muslimske kulturen frå undergang. I staden lærer vi dei kunsten å bli såra og provoserte på vegne av ein profet og krigsherre 600 e.Kr. Og dette tar vi svært alvorleg.

Krenking er ein del av demokratiet. Utan demokrati og menneskerettar er det berre den sterke som krenker den svake. Den svake gjer det mot stor risiko. Det er ABC. Utan vår fridom til å krenke, kritisere, var det ikkje noko å flykte til for asylsøkarane; knapt nok eit fungerande asylinstitutt i verda.

Asylinstituttet som blei til på basis av liberale verdiar har i staden no den funksjonen at illiberale idéar blir styrkte – med hjelp av redaktørar og politikarar. Grunngjevinga for asylinstituttet er i dag blitt noko heilt anna. Det baserer seg mest på det gode sinnelaget. ‘Vi skal vere snille med dei’ er blitt viktigare enn at vi tilbyr dei fridom. Resten er enkel matte.

Demokrati er ikkje harmoni og einskap – det er strid utan trugsmål. Demokrati treng at ein deler noko grunnleggande, lojalitet til ein konstitusjon, ein idé, ein nasjon. Ulike land legg vekt på ulike dimensjonar, men fridom er grunnvilkåret for alle. I demokratiet kan vi ytre oss utan risiko for liv, helse, arbeid og status.

Trykking av karikaturane er difor viktigare no enn før Paris fordi ytringsfridomen ikkje kan tole å bli truga med vald. Demokratiet må sikre at det finst eit rom og ein orden for all kritikk og alle ytringar. Spesielt når den er truga. Når politisk operative og potente figurar som profeten Mohammed ikkje kan kritiserast eller teiknast utan fare for sitt liv så er det ei stadfesting av kor viktig nettopp slike teikningar er.

Tegning af Muhammed

Karikaturane er ikkje ein sport eller eit tidsfordriv. Ei muhammedteikning med bombe i turbanene er treffande. Det får ein til å tenkje på korleis Muhammed, krigsmann og profet, politikar og gudsmann, blir brukt til å sende sjølvmordsbombarar ut i gata. Teikninga av den morske mannen med lunta i turbanen gir oss eit lite glimt inn i det absurde, latterlege og tragiske i dette. Ikkje alle ler, sjølvsagt. Og ikkje alle teikningar er like gode. Men dette er fridomen.

Spørsmålet ein redaksjon alltid styrer etter er om tekst og bilete er relevant, viktig, interessant, treffande, sannferdig. Charlie Hebdo skårar på alle punkt. Åtaket er ei av dette mest skjelsettande hendingane dette året. Det har ringverknader over alt, slik vi har sett i den norske karikaturstriden. Åtaket kastar lys over debatten om islam si framtid i Europa, jødane sin plass, ytringsfridomen, og om korleis vi skal leve saman. Så er nokre muslimar provoserte. Nettopp difor skulle lesarane få sjå kva dette raseriet skuldast. Charlie Hebdo er toppaktuelt. Ein innsendar tematiserer, men avisa sensurerer.

Sunnmøringen er ikkje kjend for å vere redd sin eigne skugge. Vi har tru på oss sjølve og det vi står for. Eg trur difor redaktøren er i utakt med lesarane, og i utakt med Europa si historiske lange vandring.