Sakset/Fra hofta

Erhardt Körting (SPD) har ombestemt seg. Den tidligere innanrikssenatoren gjeld for å vere skaparen av nøytralitetslova for Berlin (2005), men meiner no at lova er moden for revisjon.

Den «Berlinske» nøytralitetslova forbyr lærarar, politi og rettspersonale å ha på seg religiøse symbol under utøving av yrka sine. Spesifikt gjeld dette hijab, kippa og kors. Lova gir dog hijab-brukarar (og eventuelle andre) løyve til å undervise i dei såkalla yrkesskulane (må ikkje forvekslast med yrkesutdanninga i Noreg – her gjeld det spesifikk yrkesretta utdanning etter tolvte skuleår). Årsaka til unntaket er at det i desse tilfella er snakk om vaksne studentar (over 18), og at desse i liten grad er mottakelege for religiøs påverknad.

Hijab, sjølvsagt
Ikkje uventa er det bruk av hijab som utløyser (også denne) debatten. Bakgrunnen er ein nyleg avsagt dom i regionaldomstolen (Landesgericht), der ei muslimsk kvinne fekk medhald i at ho urettvist vart nekta å tiltre som informatikklærar (i vidaregåande skule) av di ho nytta hijab. Retten meinte dette var diskriminerande, og vende såleis avgjerda frå første rettsinstans – lokaldomstolen (Amtsgericht).

Den profilerte advokaten og kvinnerettsforkjemparen Seyran Ates, som representerte den saksøkte (utdanningsadministrasjonen), ankar saka vidare til Oberlandsgerichte (regionaldomstolen). Ho hevdar at «religiøse konflikter vert ikkje løyste når ei kvinne med hijab skal tillatast å undervise».

Ei svevande endring
No meiner altså Körting at nøytralitetslova må endrast. Til Berliner Zeitung seier han: «Ein lærar skal kunne nytte hijab så lenge dette ikkje utgjer nokon trussel mot skulefreden.» Om det derimot syner seg at borna vert religiøst indoktrinerte av ein lærar, bør lova tillate disiplinære tiltak; i verste fall at vedkomande lærar vert fjerna frå tenesta.
Spørsmålet vert imidlertid: Korleis skal det kunne prove at religiøs indoktrinering finn stad? Og kven skal prove det?

Ei lovendring vil gi unge muslimske kvinner «likeverd»
«Sjølvsagt er hijab ofte (sic!) eit uttrykkk for patriarkalsk dominans,» vedgår Körting, «men dette er berre den eine sida av medalja. På den andre sida står det «emansipasjonshøve og ditto høve til likeverd» for unge muslimske kvinner.»
«Ved fleire besøk i moskear har unge kvinner hevda nettopp dette», held Körting fram, «læraryrket framstår som særs attraktivt for denne gruppa, då det vil gi dei høve til både å forlate heimen og tene sine eigne pengar.»

Ny vurdering på beddingen
Alarmert av Körting sitt utspel, har utdanningssenator Sandra Scheeres (SPD) tinga ei eiga vurdering. Spørsmålet er om provinslova (les: nøytralitetslova for Berlin) er haldbar i høve grunnleggjande rett til trusfridom og til det generelle forbodet mot diskriminering. Dette stadfestar Beate Stoffers, talskvinne for utdanningsadministrasjonen. «Rapporten ventast ferdig om to månadar,» seier ho til BZ.

Kven som derimot skal skrive rapporten, ynskjer (interessant nok) administrasjonen ikkje å informere om. Berre at moment som rettferd, utdanning og mogleg påverknad av elevar skal vektleggjast. Men både Scheeres og borgermeisteren i Berlin – Michael Müller – har til no vore stoiske tilhengjarar av den eksisterande nøytralitetslova.

Spaninga er stor
Allereie i neste veke ynskjer koalisjonskomiteen å handtere lova sin framtid. Berliner Zeitung har fått informasjon om at Scheeres sist onsdag tok telefonisk kontakt med justissenator Dirk Behrend (Grüne); dette etter at Behrendt tysdag offentleg hevda at nøytralitetslova er forelda. Advokaten til utdanningsforbundet, allereie nemnde Seyran Ates, tilrådde umiddelbart på sin Facebookside at Behrendt bør vurdere si rolle som senator. Behrendt på sin side, oppfordra Ates til å fjerne innlegget, noko som også har blitt gjort.

Steile frontar
Det er altså (som vanleg i saker som har med islam å gjere…) dikotome motsetnadar mellom partane. Vi lar Bettina Jarasch (Grüne) avslutte: «Wir können uns hier als Land nicht ewig wegducken.» – «Som nasjon kan vi ikkje igjen og igjen dukke unna.»

Vonleg står dei tyske politikarane ryggrake denne gongen.