Tavle

Ifølgje det nye busskonseptet fra Senatstrafikketaten, vil turistbussar ikkje lenger få lov til å parkere på Museumsøya (Museumsinsel).

«Konseptet er utarbeidd av trafikkadministrasjonen i foreninga/ interessegruppa (IG) kultur og utdanning Spreeinsel (=Museumsøya)», seier Berhnard Wolter, foredragshaldar for stiftinga Humboldt Forum, og sjølv medlem av IG. Også Bodestraße (den eneste gjennomkjøringsgata på Museumsinsel) skal verte heilt avsperra, og gata Am Lustgarten delvis sperra for trafikk

Parkering i folketome område
Som erstatning ynskjer trafikkadministrasjonen å opprette fem til seks busshaldeplasser nordaust for Museumsøya – i Rathausstraße mellom Spandauer Straße og Poststraße. Her kan bussane sleppe passasjerane av, for dernest å køyre vidare til faste og permanente parkeringsplassar, til dømes i gata 17. Juni.
Foreninga IG Spreeinsel inkluderar også Humboldt Forum, Staatliche Museen og Berliner Dom. Saman har dei altså utarbeidd konseptet som vil utestenge turistbussane frå den populære turistøya.

Ein del av «Verdas kulturarv»
Overfylte bussar, frå Polen, Kroatia, Sør-Tyskland eller andre europeiske land, kjem dagleg i hopetal hit. Her vert dei ofte ståande, medan turistane oppsøkjer dei åtte museuma/galleria som har tilhald på øya. Og fleire vil det bli når det storstilte gjenreisingsprosjektet «Schloss Berlin», inkludert Humbold Forum opnar i september neste år.

Schloss Berlin

I ein studie IG har gjort, estimerer ein med at eit antal på 28 bussar og 1100 passasjerar vil passere/parkere kvar einaste time i turistsesongen. Dette vil skape kaos, hevdar dei.

Vinden snur
IG har i lengre tid freista å få sentatet til å forby bussane på Museumsøya. Imidlertid meinte Trafikkadministrasjonen, leia av senator Regine Günther (die Grüne), fram til for kort tid sidan, at busshaldeplassane på sjølve øya og i Bodestraße var tilstrekkelege. No har ho skifta meining. Også dei nye haldeplassane i Rathausstraße og ved sidan av Nikolaiviertel (distriktet som inneheld den eldste busetjinga i Berlin) vil verte fjerna i august 2020. «Dette høver godt, sidan vi opnar Humboldt Forum i september neste år,» seier Wolter.

Frå september neste år vil Bodestrasse og delar av gata Am Lustgarten framfor Berlin-katedralen verte heilt stengt for trafikk. Dispensajon vert imidlertid gjeven til transport av funksjonshemma, men dette er det einaste unntaket.

Ikkje radikalt nok
Stefan Lehmkühler er talsmann for Verkehrswendeverein Changing Cities (trafikkomleggjingsforeninga CC). «For oss er dette berre første skritt i ein større samanheng. Vi ynskjer ei utvida bilfri sone i sentrum av Berlin,» uttalar han.

Det ingen derimot seier noko om, er årsaka som truleg eigentleg ligg bak.

Terrorfaren.