Migranter, mange av dem syriske, besøker en egen jobbmesse for migranter og flyktninger i Berlin, 25. januar 2017. Foto: Fabrizio Bensch/Reuters/NTB Scanpix

Lækjarar skal lokkast med bonus for å opprette verksemd i Berlin sine såkalla «problemområder».

Etter månadar med forhandlingar, har myndighetene i Berlin no blitt samde om å gi lækjarar som vil etablere praksis i «uforsørga områder/bydelar» ein klekkeleg bonus.

– Målet med tiltaket er å redusere eller unngå eksisterande og framveksande tilbudsmangel i disse distrikta, og å forbetre poliklinisk pleie betydeleg, heiter det i den nye honoraravtalen for lækjarar. (Berliner Morgenpost)

Eskalerande problem

Det har over lang tid eksistert ein ubalanse i fordelinga av lækjarar i Berlin. Sjølv om dei indre bydelane har eit godt tilbod av medisinske spesialistar, vert tilstanden i dei meir perifere bydelane stadig dårlegare.

– Vi gleder oss over at vi med denne bonusordninga har etablert eit nytt instrument i vår streben etter å forbetre poliklinisk pleie i dei mest utsatte bydelane, seier KV-styremedlem Günter Scherer om avtalen som no er signert.

Opptil 64.000 euro i støtte
I avtalen framgår det at storleiken på bonusen er opptil 64.000 euro. I tillegg kan lækjarane her fakturere inntil 8.000 euro meir pr kvartal enn kollegane i Berlin sine allereie «velsituerte» bydelar.
Bydelane det gjeld, er som følgjer: Spandau, Neukölln, Treptow-Köpenick, Marzahn-Hellersdorf, Lichtenberg og Reinickendorf. I tillegg ynskjer ein også å gi bonus til augelækjarar som vil starte praksis i bydelen Mitte.

Ekstrabonus for heimebesøk
I den nye avtalen er det også implementert ein ekstrabonus for lækjarar som utfører heimebesøk. «Målet med tiltaket er å auke antal sjukebesøk i Berlin,» heiter det i avtaleteksten. 1,2 millionar euro er avsett til dette tiltaket.

Vidare gir «die Kassenärztliche Vereinigung» (KV) og «Krankenkassen» (Folketrygda) ytterlegare 1,5 millionar euro til å utvide legevaktordninga i desse områda. Pr dato eksisterer det fire naudetatar for born og unge, og fem for vaksne i Berlin. Ein femte naudetat for born og unge vil opne ved Vivantes Clinic i Neukölln i starten av juli, og den sjette for vaksne til hausten; denne også i Neukölln.

– Vi har oppnåd mykje her dei siste åra, og er glade for å kunne halde fram med reformarbeidet også i år, seier KV-styremedlem Scherer.

Valdgiftsnemnda måtte avgjere tvisten
Diskusjonane rundt den nye honorarordninga har vore tunge og uforsonlege. Semje vart først oppnådd då «Das Schiedsamt» (Valdgiftsnemnda) vart tilkalla.

Sjølv om det ikkje blir nemnt med eitt ord (eufemismene er – som så ofte – «demografiske endringar» og «sterk befolkningsvekst»), skuldast lækjarmangelen i desse distrikta først og fremst at dette er muslimdominerte områder.

Og årsaka til at lækjarar helst unngår å etablere praksis i desse områda, er naturlegvis at dei – i likheit med øvrig førstelinjepersonell – risikerer å bli utsette for vald og sjikane – særleg under utrykking og/eller heimebesøk.

Døma på dette er legio, og utgjer eit stadig aukande problem.

Så det spørs om ikkje partane bak denne avtalen ikkje oppnår noko som helst; om då ikkje muslimske lækjarar no ser sitt snitt til å etablere lukrative praksisar i desse allereie klans- og islamdominerte territoria.

Ärzte in Berliner Problembezirken bekommen Prämie

Kjøp Klanen her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.