Nytt

Issa Remmo, leiar for klanen Remmo.

Document skreiv i fjor at Statsadvokatembetet i Berlin beslagla 77 eigedomar tilhøyrande den kurdisk-libanesiske klanen Remmo.

I media vart saka presentert som eit gjennombrot i kampen mot klanane; mellom anna vart argumentet «å straffe dei der det smertar mest, ved å ta inntektene frå dei», brukt.

No kan «Der Spiegel» avsløre at leigeinntektene derimot framleis går til klanen, derav ein stor del direkte til Libanon. For sjølv om eigedomane (herunder bygardar, fleirfamiliehus, byggjeplassar og ein hagekoloni) – estimert i verdi til 9,3 millionar euro – er beslaglagde, har myndigheitene ikkje klart å finne juridisk heimel til også å kunne konfiskere leigeinntektene.

Avsløringa kom etter at ein av eigedomsforvaltarane kontakta myndigheitene med spørsmålet om det var greit å overføre 200.000 euro til Libanon utan på noko vis å verte rekna som medskuldig.

Lov frå 2017 er utilstrekkeleg
Først i midten av 2017 vart ei lov innført som gir myndigheitene løyve til å konfiskere og beslagleggje eigedelar ein reknar med er tileigna som følgje av kriminell verksemd. Det var denne lova som gjorde at Statsadvokatembetet i Berlin i juli i fjor tok «det modige skrittet» (sitat «Berliner Zeitung») å beslagleggje eigedomane til Remmo-klanen. Kort etter aksjonen, hevda ein av anklagarane at leigeinntektene heretter ville tilflyte staten direkte.

Lang tid før lovtillegg vert rettskraftig
Slik gjekk det altså ikkje. Myndigheitene har på noverande tidspunkt ganske enkelt ikkje lovfesta verktøy til å hindre at inntektene framleis går direkte til klanen – og til Libanon. Talsmann for Statsadvokatembetet, Martin Steltner, uttalte laurdag til BZ, at eit lovtillegg vedkomande «ein juridisk bindande konfiskasjonsordre» er diktert, men at det vil ta tid før lova er rettskraftig.

Leiar i BDK kallar klanbekjempinga for «politisk show»
Sebastian Fiedler, som er leiar av BDK (Bundes der Kriminalbeamten – Forbundet for kriminaltenestemenn), går i «Berliner Morgenpost» i harde ordelag ut mot politikarane. Han forlangar meir midlar, meir innsats og at ei einheitleg nasjonal tilnærming til klanproblematikken (endeleg) må spikrast, slik at effektive tiltak kan setjast i verk, raskt og resolutt.

Han held fram: «Å tilføre klanane «små nålestikk», tar seg pent ut i offentlegheita og i mediaoppslaga, men har i praksis ingen verknad utover «showeffekten». Vi treng langt fleire dyktige etterforskarar,» seier han.

«Rettsstaten er absurd»
Slik startar og oppsummerer «Berliner Kurier» denne saka, og «klankampen» generelt. Og det er vanskeleg å vere usamd. Klanane boltrar seg så å seie fritt og utan motstand; vitner vert skremde eller muta (bestukne), og innad i klanane råder mottoet: «Klanen er alt». Myndigheitene famlar tydelegvis framleis i blinde, medan utviklinga særleg i Berlin, Bremen, Nordrhein-Westfalen og Nieder-sachsen stadig forverrar seg. Og klantentaklane finn stadig nye territorier, stadig nye revir.