Feature

Regjeringen vil gi domstolene og påtalemakten en håpløs oppgave med den nye blasfemiloven, sier jusprofessor Jan Fridthjof Bernt til Dag og Tid. Forslaget om å legge krenking av religioner og religiøse følelser inn under rasismeparagrafen er velment, men ikke desto mindre farlig. Det er ikke en oppgave domstolene er skikket til. Medisinen kan vise seg å være mer skadelig enn sykdommen, sier han.

– Som alltid må vi hugsa regelen om at det mange gonger er dei som er ute etter å gjera det rette, som gjer mest skade. Ja, det er forståeleg at vi har lyst til å stogga slike som medvite er ute etter å hissa opp dei muslimske folkegruppene eller andre. Men her kan medisinen lett verta verre enn sjukdomen. Då er det lita trøyst i at departementet nyttar nokre litt diffuse formuleringar om at dette berre skal gjelda i dei mest alvorlege tilfella og ikkje råka gjennomtenkte ytringar.

For korleis skal ein få til det? Problemet er, seier Bernt, at utan å vurdera om det er rimeleg å taka så hardt i i den konkrete samanhengen, er det særs vanskeleg å skulla draga ei grense mellom det lovlege og det ulovlege ut frå ei vurdering av kor sakleg og god formuleringa er.

– Det kan faktisk vera slik at vi av og til bør skjella ut religiøse rørsler, og det bør i alle høve ikkje vera slik at politiet har til oppgåve å vurdera kor hardt vi har lov til å ta i. Den som meiner at til dømes scientologane er nokre sjarlatanar som berre er ute etter pengane til folk, eller at muslimsk sharialovgjeving er mellomalderleg og avskyeleg, må ha høve til å seia det. Så får andre seia frå om dei meiner at det er grovt og usant.

Farleg og ueigna
– Så lovverket vert her nytta til noko det ikkje er særleg eigna til?
– Ja, og det er i tillegg farleg. Lovgjevar skal her freista å laga eit lovverk som er så fintemperert at det berre skal fanga opp det som er klårt klanderverdig. Men med dette gjer ein rettstilstanden svært usikker for store grupper.

Bernt er redd en slik lov vil virke hemmende på ytringsfriheten. Folk vil bli forsiktige når de beveger seg inn på sensitive områder, og tilpasse sine ytringer.

– Ein farleg paragraf

Les også

-
-
-
-
-
-
-