Kommentar

Godtfolk! Me er vel alle samde om at språkstoda her i landet er av det merkelege slaget, med eit dominant skriftspråk, bokmål, som er ein variant av målet til dei danske kolonistane som styrde Noreg i fleire hundre år, og eit dominert, mindretals skrivemål, nynorsk, eller norsk som eg gjerne kallar det, som er rotfesta i norske dialektar. Professor i lingvistikk, Jan Terje Faarlund, skreiv i eit innlegg i Klassekampen i vinter at bokmålet har ei historie som er ulik noko anna offisielt standardspråk i verda. Ikkje i noko tidlegare koloniland har ein valt å laga sin eigen variant av det tidligere kolonispråket for å nytta det som hovedmål ved sida av eit mål med innfødt opphav. For folk og nasjonar i ein liknande situasjon har tanken på å innføra ei slik ordning vore så fjern, at tanken ikke eingong er vorten tenkt, skreiv Faarlund.

Ein ting er stoda for nynorsk i landet som heilskap, noko anna er tilstanden i Nord-Noreg der det for 50-60 år sidan var mange nynorsk-kommunar, også i det området av landsdelen der eg kjem frå, Helgeland. Då nynorsk var på det sterkaste i Nord-Noreg, rundt midten av 1940-talet, var det til dømes 176 skulekrinsar i Troms med nynorsk og 199 med bokmål. Nordland hadde 218 nynorsk-krinsar og 400 med bokmål. I dag er det ikkje ein einaste nynorsk-kommune att i dei to fylka.

I dette innlegget skal eg seia litt om kvifor nynorsk har mista fotfeste i Nord-Noreg, og litt om korleis politisk korrekte trendar i norsk-undervisninga av utlendingar forsterkar det, som eg i mangel av noko betre, vil kalla bastardiseringa av talemålet i nord. Denne trenden går i lag med ei utvikling som fjernar nordlendingane meir og meir frå nynorsken, det skrivemålet som mest samsvarar med talemålet på Helgeland, eit talemål som er nært i slekt med dialektane på Vestlandet og Sør-Vestlandet.

Dialektane i Nord-Noreg har i lang tid vore under sterkt press frå det dominante skriftspråket og talemålet, bokmål, med basis i den tidlegare dansk-norske eliten og Oslo vest. Resultatet er ei normalisering (sic!) av talemålet. Å snakka om normalisering i denne samanhengen, stadfestar dei tunge føringane som gjer at bokmål vert oppfatta som det ”normale”, men eg ser på bokmålet som ei utarming av talemålet i nord.

Før eg kjem inn på problema som språkundervisninga av utlendingar i Nord-Noreg skapar, vil eg seia litt om kva eg trur er forklaringa på at folk i Nord-Noreg så lett har gitt slepp på det nynorske skrivemålet. Medan Noreg var ein koloni under Danmark, var Nord-Noreg på mange vis ein koloni i kolonien. Under den seinare dansketida utvikla det seg eit samfunnssystem der einskilde familiar sat på store landegods, gods som var så store at dei omfatta område nesten på storleik med eit fylke i Sør-Noreg. Coldevin-familien på Dønnes i Helgeland eigde så å seia ein heil landsdel, frå svenskegrensa og ut til dei ytste skjæra i Træna. Det kan og tenkjast at storgodssystemet var ei overleving og vidareføring av eigedomsstrukturar i viking-tida. Då fann ein mange av dei samme godsa som vi finn på 1600- og 1700-tallet og opp mot vår tid. Godsa på Dønnes og Tjøtta er døme på det.

Nessekongane eller væreigarane, som utvikla seg frå 1700-tallet og som det i si tid var 300 av frå Rørvik i Nord-Trøndelag til Vardø i Finnmark, og godseigarane, var i mange høve folk som kom utanfrå og sørfrå,. Dei hadde ofte lita sosial, kulturell eller etnisk forankring i Nord-Noreg, og dei snakka heller ikkje dei lokale dialektane. Dei snakka ”fint”, som ein seier i Nord-Noreg, og det vil seia dansk eller dansknorsk. Nessekongesystemet, som var eit nett av handelsmenn som kontrollerte handelen i Nord-Noreg, og godseigarsystemet, førde til at storparten av bøndene der vart leiglendingar. Ja, på Helgeland var så å seia heile befolkninga leiglendingar.

For eit par-tre år sidan fortalde ein ven av meg ei sjølopplevd soge frå siste halvdel av 1950-talet. Då var han med lensmannen på Nesna til øya Tomma på Helgeland der det skulle forkynnast ein dom i ei rettssak mellom eigaren av Husbygodset og ein eller fleire av leiglendingane hans. Godseigaren tapte saka. Då domen var forkynt, sa han, ikledd ridestøvlane sine, i ein syrleg og kan hende litt bitter tone: ”Husmennene kan jo gjøre hva de vil for tiden!”

Bøndene i Nord-Noreg var fiskarbønder og leiglendingar som i generasjonar nærmast hadde levd frå hand til munn. Det var berre hos nessekongane og godseigarane at det vart skapt noko økonomisk overskot av nokon storleik. Og utan økonomisk overskot vert det som kjent lite rom for kultur og kulturelle tradisjonar. Det som var av kulturelt overskot, det fanst på godsa, som var svære greier med ei mengde tenestefolk. Om eg ikkje tek feil, så var det eit tjuetal tenestetauser på Brodtkorb-godset på Tjøtta på slutten av 1800-tallet i tillegg til anna hjelp. Tenestefolka på og leiglendingane under godsa var vitne til eit herskapsliv og ein kultur som var innførd sørfrå, ikkje berre frå Sør-Noreg, men og frå Europa.

Nessekongane og godseigarane sette altså eit kulturelt stempel på heile landsdelen, og allmugen la seg meir eller mindre kulturelt flat for finkulturen utanfrå. Det som var fint, kom utanfrå, og lokale tradisjonar kom meir og meir i bakgrunnen, noko som førde til at nordlendingane byrja å ringakta sitt eige mål. Nordlendingane knota når dei møtte dei lokale høvdingane og folk utanfrå. Dei prøvde å snakka fint med dei fine, ikkje berre for å snobba oppover, men og fordi dei ønska å verta forstått. Gjenom dette kulturelle trykket vaks det fram ei språkleg framandgjering av eit nokså grotesk slag. Men det ga og rom for mange originale språk-konstruksjonar, noko som fekk Hamsun til å skriva at: Nordlendingene snakker ravgalt inntil kunst!

Eg minnest eit intervju eg las for ein del år sidan med komikaren Ingrid Evertsen, betre kjend som Mossa frå Tromsø, der ho fortalde at heime hos ho i barndommen skrudde dei av når det kom nordnorske røyster i radioen. Så mykje skamma dei seg over å høyra nordnorsk i NRK.

Kulturelt, sosialt og økonomisk var altså tilhøva i Nord-Noreg svært ulike frå situasjonen på Vestlandet. Der var bøndene stort sett sjølstendige. Dei var difor betre rusta mot og slapp dermed unna den tunge, kulturelle og språklege påvirkninga utanfrå som folket i Nord-Noreg vart utsett for. Dette førde til større vyrdnad for dei lokale dialektane på Vestlandet og ein naturleg overgang til nynorsk skrivemål då det vart aktuelt.

I fjor haust stod det eit lesarinnlegg i lokalvisa i distriktet mitt. Det var skrive av ei som underviser utlendingar i norsk på øya Lovund ytst ute på Helgelandskysten. Der finn me det lokale selskapet Nova Sea, ja eg sa Nova Sea, ein typisk nordnorsk, språkleg blandingskonstruksjon, som driv stort med oppdrettslaks. Det vesle kystsamfunnet omset laks for om lag ein milliard kroner årleg og hadde i 2010 eit driftsresultat på 375 millioner kroner. Folketalet, på vel 400 innbyggarar, veks, men produksjon av tusenvis tonn med laks i året gjer at dei treng arbeidskraft utanfrå. Og sidan norske styresmakter sender folk på NAV i staden for å skaffa dei jobb i næringsbedrifter i utkantane av landet, så tek ein på Lovund arbeidskraft frå dei store flokkane med asylsøkjarar og arbeidsinnvandrarar som kjem til Noreg.

I ein landsdel der nynorsken er bortvist som skrivemål, er språkundervisninga av utlendingane på Lovund på bokmål. Men bokmålet dei lærer, er til lita hjelp når dei skal prata med dei innfødde, for bokmålet er så ulikt den lokale dialekten. Resultatet er at utlendingane ikkje skjønar kva dei innfødde seier. No hadde den lokale språklæraren verkeleg sett ”lyset” og løysinga på problemet. I det stort oppslåtte avisinnlegget hennar peika ho på kor viktig det er at me forstår kvarandre. Ho hadde kome fram til at dei infødde skulle nytta bokmål når dei snakka med utlendingane, eller knota som ein seier. For det viktigaste med kommunikasjon er jo, som ho skreiv, at vi forstår kvarandre. Og det er ikkje minst viktig i ein arbeidssituasjon der millionverdiar står på spel. Språklæraren avslutta artikkelen sin med disse orda: ”Se den gleden som vises deg når en av våre nye landsmenn lyser opp fordi han eller hun skjønte hva som ble sagt. På norsk!”

Denne språklæraren synte ellers i artikkelen at ho veit ein del om norsk målhistorie. Ho skreiv om den danske dominansen og om Ivar Aasen og det store og viktige arbeidet han gjorde for norsk målreising. Ho kom og inn på korleis ”danna” østnorsk, eller Oslo-vestdialekten, var den språklege norma som fløymde ut or radioen og fjernsynet i etterkrigsbarndommen hennar. Det førde til det ho kalla eit språkleg tyranni frå NRK-Majorstua og Oslo 3. Men det språklege tyranniet og maktspråket i dag er det lokalbefolkninga på Lovund som står for. Og dette tyranniet utøvar lokalbefolkninga mot utlendingane når dei snakkar sin eigen dialekt, slo ho bombastisk fast i avis-innlegget sitt.

I eit kort svar til artikkelforfattaren skreiv eg at omgrepa språktyranni og maktspråk er ganske meiningslause når dei vert nytta på dette viset og i denne samanhengen. Eg peika på det sjølvsagte at innvandrarane har eige ansvar for å læra seg målet i det landet dei flyttar til, så lenge dei ikkje kjem som koloniherrar og tek seg til rette, slik som danskane og søringane, då dei i si tid kom og la grunnlaget for den nordnorske knotinga og bastardiseringa av dei nordnorske dialektane. Dermed la dei grunnlaget for bokmål som skrivemål i Nord-Noreg. Eg sa og at språklæraren og meiningsfellene hennar i staden for endå ein gong å bøyga seg for eit språklig diktat med rot i innvandring, burde nytta meir energi på å tenkja over kvifor det ikkje lenger finns ein einaste nynorsk-kommune att i Nord-Noreg. Hadde vi hatt nynorsk som skrivemål i Nord-Noreg, og hadde språkopplæringa vore på nynorsk, ville språkopplæringa på Lovund vore langt meir friksjonsfri. Og behovet for knoting ville ha falle bort, skreiv eg.

I eit svar vart eg anklaga for å lata ein historisk urett som søringar gjorde seg skuld i for lang tid sidan, vera til hinder for at ho i dag kan letta innlæringa av norsk for fremandspråklege. Eit fornuftig argument isolert sett, men eit argument som i ein vidare samanheng syner ei utilstrekkeleg forståing av den språklege situasjonen som lokalfolket på Lovund står i. Eg understreka at forslaget om å knota, innebær at ein då ber lokalbefolkninga om å underkasta seg eit språkregime som nordlendingane har dårlige røynsler med. Og det har ført til at me i dag har eit skriftspråk, bokmål, som er fjernt frå talemålet. Implikasjonen av standpunktet hennar er altså ei vidareføring av den språktilstanden som gjer at ho i dag tilrår lokalbefolkninga å snakka bokmål i møte med utlendingar. Standpunktet hennar vil eigentleg seia å reprodusera heile den gamle og uakseptable situasjonen. Å knota for at utlendingane skal forstå kva ein seier, kan ikkje vera noko anna enn nedverdigande for dei innfødde, påpeika eg. Og eg skreiv at knoting som språkkulturell løysing på problemet, liknar mistenkeleg på holdningar på den politiske venstresida der ein meiner at det er dei innfødde som må tilpassa seg i møte med innvandrarfolket.

I eit svar skreiv språklæraren at knotemetoden ikkje var noko ho hadde funne på. Knoting er noko som dei fleste av oss nyttar når me til dømes snakkar med svenskar og danskar. Ho gjorde meg og merksam på at eg nytta hersketeknikkar i det ho kalla ”mitt belærende korstog for å belyse språksituasjonen i Nord-Norge” ”Jeg har ingen intensjoner om å vikle meg inn i det grumsete tøvet hans”, var den fyndige avslutninga på innlegget hennar. Ho hadde sikkert hatt lyst til, men sparde seg pussig nok for å kalla det såkalla grumset mitt for fascistisk og brunt. Det er ord som ser ut til å ha kome på moten hos venstreradikale meiningsprodusentar, særleg i Sverige, når dei kritiserer nordmenn som er tilhengarar av nynorsk. Dei som nyttar slike argument, er dei som går i brodden for å skapa det nye, multikulturelle mennesket. Det er eit politisk prosjekt som har mykje til sams med tidlegare prosjekt som tok sikte på å skapa det kommunistiske, det sosialistiske og det ariske mennesket, altså tradisjonar som må seiast å knyta seg godt til fascismen.

Den venstrefascistiske argumentasjonen mot nynorsk og mot den norske nasjonalstaten har gjort det offentlege ordskiftet i Norden meir eller mindre til eit galehus. Åtaka mot nynorsken kjem i dag ikkje berre frå den ekstreme venstresida, dei kjem frå alle kantar, men då ikkje med skuldingar om fascisme. Det er til dømes kome krav om at sidemålet skal bort og at jamlikskravet mellom nynorsk og bokmål hos offentlege tilsette skal opphevast. I tillegg kjem påvirkninga frå dei tunge økonomiske, sosiale og kulturelle straumane som er ferd med å gjera nynorsk til eit framandspråk i det landet der språket har sine røter. Og det gjer at den urbane kultureliten med røter i Danmark og Oslo 3, og deira allierte, står mykje sterkare enn for 50-60 år sidan. Og dei er no i ferd med å knekka nynorsken for godt, dersom ikkje politikarane tek til vitet og handlar.

Foredrag på Litteraturhuset i Oslo 15. juni. En kortere versjon i Klassekampen 1. august.

Les også

Tettli-saka -
17. mai i blekk og blod -
Den drepende hjelpen -
Quo vadis, Vårt Land? -