Nytt

Omslag fra en ny bok av Stefan Schubert: Die Destabilisierung Deutschlands: Der Verlust der inneren und äußeren Sicherheit (Destabiliserungen av Tyskland og tapet av både indre og ytre sikkerhet)

Berlin sitt kriminalpoliti (Bundeskriminalamt – BKA) har no gått ut med bilete attentatmannen Anis Amri hadde lagra på mobilen sin. Her er både huset i Berlin Mitte der kanslar Angela Merkel bur og Berlindomen foreviga.

Tahuidhelsing framfor Domen

På eitt av bileta (ein selfie) ser vi Amri stå framfor Berlindomen, med peikefingeren i veret. Opprinneleg er dette ei helsing som har vore nytta i hundrevis av år av muslimar i bøn; men terrorgruppa IS omdefinerte signalet til å tyde at det berre finst EIN gud, Allah. Og helsinga vart deretter nytta som terror- og sigerssignal.

Dette teiknet nytta også Amri like etter at massakren på Breitscheidplatz; han er fanga opp av eit overvakingskamera i nærleiken av jernbanestasjonen Zoo – der han med vitande og vilje poserer framfor kameraet.

Anis Amris Attentäter Gedächtniskirche

Bileta er tatt 23. oktober 2016
Ifølgje BKA er bileta tekne nær på sju veker før terroråtaket (12 mennesker drepne, 55 mennesker alvorleg skadde); og ein trur Amri har gjort dette som ledd i planleggjinga av moglege terrormål.

Heimen til kanslar Merkel

Fotografia frå huset der kanslar Angela Merkel bur, er tekne nokre minutt før Dom-biletet. BKA nemner imidlertid også at det nærliggjande «Magnus-Haus», sete for det «Deutschen Phsyikalischen Gesellschaft» (det tyske selskap for fysikk) også kan ha vore eit terrormål. Dette selskapet er både verdas eldste og største – med rundt 62.000 medlemer.

Frustrerte politikarar

Konstantin von Notz (Grüne) er irritert: «At vi ikkje tidlegare har fått vite at også kanslarhuset var del av terrorplanleggjinga, er svært irriterande,» uttalar han til politikkmagasinet «Kontraste». «Dette er naturlegvis eit høgst relevant sikkerheits-aspekt i Tyskland.» Spørsmålet hans om Kanslarsetet/Kanslaren sjølv visste om dette, får han ikkje svar på.

«Ingen kommentar»

Den føderale juridiske foreninga (Bundesanwaltschaft) som var ansvarlege for etterforskinga, ynskjer ikkje å kommentere prosessen ytterlegare. Det kjem dog fram av bileta på mobilen hans, at Amri, hausten 2016, hadde fleire mål i sikte.
Bilete av Oberbaumbrücke (brua mellom Kreuzberg og Friedrichshain), nattklubbar i nærleiken og Gesundbrunnen kjøpesenter låg også inne på mobilen hans. Det gjorde også bilete frå julemarknaden som til slutt vart terroristen sitt mål.

Truleg kontakt med terrorceller

Framleis vert det diskutert om Amri var ein «einsam ulv» eller ikkje. Han hadde rett nok vorte opplært av ein IS-instruktør, han hadde også kontakter med islamistar i Nordrhein-Westfalen og Niedersachsen, og var hyppig tilhøyrar på jihadistmøter.

Russer og franskmann

Undersøkjingar utført av Berliner Morgenpost, RBB og ARD-magasinet Kontraste, syner at Amri truleg var involvert i ei anna mistenkt terrorcelle, der ein russer som vart arrestert i Berlin og ein franskmann som vart arrestert i Marseille også tok del. Det er påvist at dei tre islamistane hadde møtt kvarandre i den no stengde Fussilet-moskeen i Moabit, og planlagt terroråtak.

Ein månad til årets julemarknader

25. november går startskotet for årets julemarknadar her i Berlin. Myndigheitene er naturlegvis på tåhev, og vakthaldet er skjerpa maksimalt. Det er ikkje berre Amri som har skapt terror på julemarknadane. I 2011 jakta politiet på ein utkledd julenisse som blanda gift i drinkar han gav til tilfeldige personar.

 

 

Kjelde:
https://www.morgenpost.de/berlin/article227449571/Attentaeter-Anis-Amri-spionierte-Haus-von-Angela-Merkel-aus.html?

Kjøp «Den islamske fascismen» av Hamed Abdel-Samad fra Document Forlag her.