Jon Fosse under et intervju på Kaffistova i Oslo den 5. desember 2023. Foto: Fredrik Sandberg / TT / NTB.

Ei tid har gått sidan kunngjeringa om at Jon Fosse (fødd 1959) vart tildelt Nobelprisen i litteratur, vart offentleggjort 5. oktober i fjor. Og at Noreg med dette fekk sin fjerde Nobelprisvinnar i litteratur, etter Bjørnstjerne Bjørnson i 1903, Knut Hamsun i 1920 og Sigrid Undset i 1928.

Det var altså 95 år sidan sist prisen gjekk til Noreg. Og det skal ein svært så kjenslekald nordmann til, i alle fall om vedkomande er litteratur- og kultur­interessert, om ikkje stoltheita bugna i buk og bryst! Medan Bjørnson (særleg) og Undset i svært liten grad vert lesne lenger (i motsetnad til Hamsun), er vår nybakte Nobelpris­vinnar omsett til over 50 språk og er meir i vinden enn nokon gong.

Grunngjevinga den Svenska Akademien gav for tildelinga, var at Fosse «… med sin nyskapande dramatikk og prosa har gjeve stemme til det useielege».

At Fosse også har gjeve ut ei rekkje dikt­samlingar, 1) vart såleis ikkje nemnt. Denne delen av forfattar­skapet hans er – ein smule urettvist, kan ein hevde – langt mindre kjend.

Fosse sjølv uttalte då meldinga nådde han: «Eg vart både glad og overraska. Eg veit nesten ikkje kva eg skal seie» og heldt fram: «Eg visste jo at det kunne kome, for eg har vore inne i diskusjonen i alle høve sidan 2013. Så eg har på ein måte førebudd meg mentalt på det.» 2)

– Og ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg i sannings namn takke nynorsken for prisen, seier han i presse­meldinga. 3-4)

Fosse avslutta foredraget med å takke Svenska Akademien for å ha gjeve han Nobelprisen i litteratur, og han takka Gud.

Dette siste fall fleire meldarar og kritikarar ein smule tungt for brystet, og mange freista bortforklare – ja, til og med fjerne/oversjå – dette kristne bodskapet. Sjølve slutt­appellen i foredraget. «Litteratur er ikkje forkynning», vart det m.a. sagt. For no til dags vert stadig fleire intellektuelle, dilettantar, influensarar og andre autodidakte religions­fornektarar omskapte til reinhekla «Nietzsche­anarar». Nietzsche, som i 1882 uttalte at «Gud er død» (den kristne Gud, vel å merke). 5)

Det gripande Nobelfordraget han heldt i Stockholm 7. desember 2023, finn ein her, og her kan ein følgje heile arrangementet:

Språklege kjenneteikn

Ein finn dei same språklege verkemidla i poesien hans, som ein gjer i dramatikken og prosaen. Gjentakingar (anaforar), dog gjerne med ørsmå tekstlege endringar (som ofte både gir små og store kjensle­messige utslag), manglande teiknsett, analogiar og/eller metaforar av ulikt slag. Eit anna språkleg trekk som i større grad går att i dikta hans enn elles, er utelatinga av versalar.

Motsetjingar – kontrasteringar – vert ofte nytta. Som liv/død, lys/mørker, himmel/hav, fjell/fjord, ro/rørsle m.m.m.

Av metaforar han ofte har nytta i poesien sin, er fargar noko som går att i det meste av produksjonen hans. Fargar for å gi ulike (sinns)stemningar ei djupare og klarare meining, og for å skildre kjensler og mentale tilstandar, særleg sårbarheit og sakn.

Det mest særprega i lyrikken hans er imidlertid det smålåtne, det usagte, det stillferdige – det som berre vert antyda. Det nakne, det ofte hudlause, det såre.

Eg får mest lyst til å nytte orda til Nobelpris­vinnaren av 1920, som i sitt litterære program ville skildre: «… disse tankens og følelsens vandringer i det blå, skrittløse, sporløse reiser med hjernen og hjertet, selsomme nerve­virksomheter, blodets hvisken, benpipenes bønn, hele det ubevisste sjeleliv. 6)

På spørsmål om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, elles så gjer ein det ikkje.»

Eit utval dikt 7)

Først eit par som omhandlar kjærleik, og den lange, mest umoglege vegen heilt inn til den andre (dei gir meg refleksjonar til Halldis Moren Vesaas sitt «Ord over grind»: 8)

Dei ser kvarandre

Dei ser kvarandre komme gåande imot kvarandre.
Og begge ser dei ned, men dei held fram,
dei må jo det, med å gå imot kvarandre. Kva er det
dei tenkjer? Kvifor ser dei begge ned?

Dei nærmar seg kvarandre og ingen har sett
den andre. Dei går imot kvarandre, som om
dei berre kan gå forbi kvarandre, slik alle andre,
på denne gata, også går forbi kvarandre. Korleis
                                                               tenkjer

dei som tidlegare har elska kvarandre? Er deira
                                                                tankar
og hjarte ein lengsel etter å vere som steinar,
djupt i mold, eller er dei slike steinar? Er deira
skam så tung ein draum, at deira rørsler er steinen

utan vatn, utan vind og himmel? Dei går imot
                                                            kvarandre.
Dei går imot kvarandre. Dei går imot kvarandre.
                                                                Dei går
imot kvarandre. Dei går imot kvarandre. Dei
                                                       møter kvarandre.
Dei går forbi kvarandre. Dei går ifrå kvarandre.

 

Eitt av hans mest kjende kjærleiksdikt er «Kvarandre»:

Kvarandre

eg vil stryka deg over håret
eg vil seia til deg
kor mykje eg bryr meg om deg
og så ser eg ei brå redsle
i augo dine
og så smiler vi til kvarandre

 

Erindringar om barndom går ofte att. Som her, i det første diktet frå den første samlinga han gav ut, «Engel med vatn i augene», 1986:

I
hesten, og natta er tidleg. Sveittelukt
og raud snø på boblejakka mor sit i. Eg har druer
i munnen, ein mann snakkar. Høge
brøytekantar. Druene er i ein svart pose. Skrå

musikk, og ein svart vind. Heten. Gitaren
er eit grønt vindauge. Det dryp fargar frå augene og mor spør
kvar eg har vore. Skulle vore
heime for lenge sidan
Ho har reist seg
Går over stovegolvet
Du er berre tolv år, seier ho

II
gult gras nedover skuldrene. Vi går
innover i det blå fjellet, druer
Ho held meg i handa
Mor har mold i håret og
langt borte
ropar ho namnet mitt

 

Eit minne om ein bestefar – «Hund og engel», 1992:

(hendenes lys)

På eit sjøhusloft
   blant gamle teiner    er det gule lyset
og lang der ned er det støypte golvet    Så ta
tak og trø forsiktig opp og inn
og stå i lukt av salt og elde
som ein ting i gammalt tre blant andre slike ting
og så ei lukt av redsle    Og over
det heile, i det gule lyset, er
bestefars store tynne hender
i all deira attgløymde vilje og stille

 

Og i «barnet protesterer» frå samlinga «Auge i vind», 2003:

barnet protesterer

Eg vil ikkje vere snill og grei
for er du snill og grei
lar du berre det som er
som andre meiner at er
vere der
Eg vil at det som ikkje er
skal vere der
Eg vil gjere det eg vil
ikkje fordi eg vil det
men fordi alt då blir noko anna
enn viss eg lar vere å gjere det eg vil
Og i noko anna
det er jo der det lyser
av alt som elles
ikkje lyser
og berre
er

 

Stille rørsle: Fosse er ein meister i å skildre rørsle – utan at noko rører seg i det heile tatt. Og elv, fjord og fjell er hans hjarta nær. Foto: Håvard Hedde.

I det einaste diktet han har gjeve namn etter staden han vaks opp, finn vi denne melankolien –

Strandebarm, Hardanger

pæretre og aldrande båtar i tre som
lek og som må ausast, men
etter nokre dagar i sjøen lek båtane mindre
og til slutt lek dei berre litt, endå så gamle båtane er og
då er det berre regn
som må ausast or båtane

og naust bygde av plankar, umåla, morknande
og med store tunge ujamne heller på taket som
heng på skeive og kan ramle ned kva tid som helst, men
aldri ramlar dei vel ned (eller nesten aldri, sjølv har eg
aldri sett ei helle ramle ned eller ligge nedramla i fjøra), ei kyrkje

midt i bygda, med ein gravplass rundt, i jorda der
ligg mange eg kjende godt
då dei var i live, før dei vart døde

 

Kanskje kan ein også hevde at fleire av dikta hans har ei metafysisk vinkling. Frå samlinga «Hund og engel» (1992):

Denne uforklarlege stille
dei andre ein gong har gjort klar, denne
uforklarlege
varme
som ingen kan
møte, denne uforklarlege pust
som vi alle har sett
i den andres blikk
og der, i deira høge gras, har ein funne
sitt ansikt
igjen. Kanskje er det dette
det gjeld
utan å gjere det
Det er dette vi gjer
Det er dette vi igjen og igjen skal fortelje
og som aldri kan forteljast
Det er dette vi er og gjer

 

Det same kan moglegvis seiast om det innleiiande diktet i den ovan­fornemnde samlinga:

skyene er kvite
ein hund gøyr
også veggene er kvite
hunden er brun
med kvite flekker i panna
hunden gøyr
og himmelen er blå
kvite skyer på himmelen
nokre av skyene er gråe, nesten svarte
veggene er kvite

 

Og eitt til frå same samlinga:

og ikkje nokon skal sjå det
når vi no dreg ned
våre auge
og seier: du skal døy
No skal du drepast
Døden skal komme
For kven veit noko om døden
anna enn dette: det finst inga større skam
og alle røyster skal tagne
Mi røyst er alt ei anna og sola skingrar i kveld

(svart er alt blitt raudt
gult har ingen sett
lenger blir tida og ingen skal sjå deg)

 

Som ventande er for ein forfattar som er oppvaksen blant fjell, fjord og sjø (i Strandebarm, Hordaland), er vestlands­naturen eit tema som går att. Også ordet «rørsle» er ein gjengangar.

Lys, mørker, hav, himmel, fjell, strender, vindar, sol, bølgjer – her er mest alle nøkkelorda samla i eitt og same dikt (frå «Auge i vind», 2003):

det var vel ikkje slik
det skulle vere
og ikkje skulle dei
midt oppe i alle formildande omstende
gå fram som om dei prøvde å forklare seg
for ein eller annan rett
sett av stjernene og av lyset
av havet og av himmelen     Dei lange strendene
dei ufråkomelege vindane
teikningar
av lys og mørker
som gjer oss tydelege
før dei vinkar oss bort
inn der det knakar

av forsona einsemd
lyst opp av ei sol
uskjøneleg
som vindens rørsler
som bølgjenes evige song
mot glimande fjell      Eg lyfter handa mi og vinkar

og kjenner meg fri
og lykkeleg     Avstanden blir større

og fridomen er uuthaldeleg

 

Mange av dei same symbola finn ein i avslutningsdiktet frå samlinga «Nye dikt» (1997):

Fjella held ikkje lenger saman

og fjorden har spreidd seg ut til ei
stendig rørsle
som likevel ikkje bevegar seg
men er urørleg
som rørsle i rørsle       Stilla er ikkje lenger merkbar
men har, som rørsla, kvelva seg
og gått over, saman med den kvite fjorden, til ein himmel av lys
så likt eit mørker i eit mørker     Eg har ikkje lenger noko å seie
og eg kjenner himmelen stryke meg i håret
slik eg la fjorden vere fjord
i all vår pust      Eg lar dei andre meine og meine
og held fram med mi anding i den meiningslause stillas
urokkelege tryggleik
som kan vendast
slik eit fjell kan vendast
lik rørsle i rørsle      Eg har ikkje noko å melde
Eg deltar ikkje lenger
så ta meg dit de vil

 

Einsemd, lengt, sakn, alderdom, evig kjærleik (gjerne uoppfylt) er eit anna tema han vender attende til. Her ei undring over gamal kjærleik som aldri vart innfridd. Frå samlinga «Songar», 2009:

Umogleg jente-song

Du umoglege jente
som ikkje ville ha meg
fordi eg ville ta deg
og som gjekk ifrå meg
og ikkje ville sjå meg
kvar er du no
er det vinter eller sommar
der du er no
Er det regn eller snø
Er du i live eller død
der du er no
Kjem du ikkje snart
så eg kan få ro
Eg ventar og eg ventar,
eg ventar berre no

 

Kanskje var dette det diktet som rørte underteikna aller mest. Frå «Auge i vind», 2003:

ein gammal mann
tar opp ein song
som er han sjølv
og sit der med den i fanget Reiser seg Tømmer eit oskebeger
og held fram
med å stulle rundt songen sin Han kveikjer nok ein røyk
Han myser over fjorden
Han ser mot biletet på kommoden Han nikkar mot biletet
Han lyfter
den eine handa
og slår jamne halvsirklar i lufta Han reiser seg

Fjorden utanfor vindauget forandrar seg heile tida
Fjella er der alltid
men aldri er dei dei same Dei er
og dei er ikkje
som alt anna Ei hand held hand i mørkret
og alt er så lenge sidan
og alt er nett no       Han snur seg i sin kjærleik

og han ser eit andlet usynleg i stova
som så ofte før Han nikkar mot andletet Han set seg ned
Han faldar
hendene i fanget

 

Om døden – og båtferd (er det ferjemannen Kharon han tenkjer på?):

(svart)

No skal båten setjast
på sjøen og eit anna
   svart få komme
no skal mørkret
få bevege seg
bølgjene skal vere der
no skal bølgjer
som er der
bevegar seg
er der
få eit anna svart fram
kring hus der dei døde er borte
og ingenting
berre er
   som det er

 

Eg avsluttar dette vesle utvalet dikt med «Nattsalme», frå samlinga «Stein til stein, 39 dikt og 1 salme». Salmen har fått plass i den nye salmeboka (nr. 834).

Nattsalme

Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att

Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og lèt deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot

Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel

 

Mange nordmenn har vore nominerte 9)

Så kan ein kanskje både hypotetisk og rimeleg subjektivt (Les m.a. seksbinds­serien om «Juvikfolket»!) leggje til at om Olav Duun (1876-1939), ikkje gjekk ut av tida allereie 62 år gamal, hadde vore ein mogleg vinnar (Han vart nominert heile fjorten gongar, første gong i 1919. I 1925 tapte han med ei stemme til Georg Bernhard Shaw) – men spekulasjonar av slikt format må ein nesten vere politikar, mytoman eller sjarlatan (uff, no gjentek eg meg sjølv – tre gongar) for å fremje. Interessant er det likevel å registrere alle dei norske forfattarane som har vore nominerte, sidan den første prisen vart utdelt i 1901 og fram til den siste oversikta som er offentleggjort i 1974 (Nobel­komiteen opererer med femti års hemmeleghald over dei nominerte). Lista inneheld for øvrig ein del overraskande namn! Sjekk altså fotnote nr 9.

Samtlege Nobelpris­vinnarar (i litteratur) sidan den første i 1901, finn de her. 10)

 

Kjelder og kuriosa:

1)  Fosse sine diktsamlingar:

    1986: Engel med vatn i augene. Dikt

    1990: Hundens bevegelsar. Dikt

    1992: Hund og engel. Dikt

    1997: Nye dikt

    2003: Auge i vind. Dikt

    2009: Songar

    2013: Stein til stein. 39 dikt og 1 salme

    2015: Lysande mørker. Ni songar (Oslo domkirke)

    2016: Poesiar. Etter Henrik Wergeland (Samlaget)

2)  https://www.vg.no/rampelys/bok/i/5Gj5Kb/jon-fosse-vinner-nobelprisen-i-litteratur

3) https://www.mynewsdesk.com/no/samlaget/pressreleases/jon-fosse-faar-nobelprisen-i-litteratur-3277758

4)  Så kan ein naturlegvis hevde at Fosse neppe fekk prisen av di han skriv på nynorsk. For det er truleg ikkje mange av lesarane i dei over 50 språka han er omsett til, som i det heile veit at vi i Noreg har to offisielle skriftspråk – alt dette forsvinn sjølvsagt i oversetjingane.

5) https://no.wikipedia.org/wiki/Gud_er_d%C3%B8d

6) https://intertekst.fagbokforlaget.no/read/87ec68be-c761-4817-8e6e-8e178e10ab43?

7) Samtlege dikt er henta frå «Dikt i Samling», andre og utvida utgåve, © Det norske Samlaget 2021

8) https://www.boktips.no/dikt/ord-over-grind-halldis-moren-vesaas/

9) Nordmenn som har vore nominerte til Nobelprisen i litteratur (i perioda 1901-1974):

Henrik Ibsen (1828-1906): 1902, 1903, 1904
Arne Garborg (1851-1924): 1902, 1916, 1917, 1920, 1921
Hans E. Kinck (1865-1926): 1912, 1919, 1920, 1926
Gunnar Heiberg (1857-1929): 1916
Johan Bojer (1872-1959): 1917, 1925, 1929, 1932
Olaf Bull (1883-1933): 1917, 1927, 1928, 1931, 1932
Olav Duun (1876-1939): 1924, 1925, 1927, 1928, 1930, 1931, 1932, 1933, 1934, 1935, 1936, 1937, 1938, 1939
Alf Larsen (1885-1967): 1928
Ole Edvard Rølvaag (1876-1931): 1931
Ole Hallesby (1879-1961): 1934
Ewald Magnus Engebrethsen Sundberg (1886-1967): 1934
Hans Henrik Holm (1896-1980): 1934
Johan Falkberget (1879-1967): 1937, 1938, 1939, 1940, 1941, 1942, 1945, 1947, 1948, 1949, 1950, 1953, 1954, 1955, 1956, 1957, 1960, 1961, 1962, 1965
Arnulf Øverland (1889-1968): 1944, 1946, 1947, 1948, 1949, 1950, 1965, 1966, 1967
Tarjei Vesaas (1897-1970): 1946, 1950, 1951, 1952, 1953, 1954, 1955, 1956, 1957, 1958, 1959, 1960, 1961, 1962, 1963, 1964, 1965, 1966, 1967, 1968, 1969, 1970
Aksel Sandemose (1899-1965): 1960, 1961, 1962, 1963, 1964, 1965
Cora Sandel (1880-1974): 1961
Johan Borgen (1902-1979): 1966
Emil Boyson (1897-1979): 1967, 1969

Vi veit dog at både Stein Mehren og Dag Solstad har vore nominerte, og heilt sikkert også andre.

10) Samtlege Nobelprisvinnarar i litteratur sidan første utdeling i 1901:
https://en.wikipedia.org/wiki/List_of_Nobel_laureates_in_Literature

Fonna Forlag var det første forlaget Jon Fosse sende manuskript til. Dei sa nei – med følgjande grunngiving – «Oppattaking kan vere eit effektfullt stilgrep, men det må vere måte på.»

https://www.fonna.no/products/oppattaking-kan-vere-eit-effektfullt-stilgrep-men-det-ma-vere-mate-pa-om-da-fonna-forlag-takka-nei-til-jon-fosse

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.