Kultur

I dag, 4. august, er det 160 år sidan vår andre Nobelprisvinnar i litteratur såg dagens lys i Vågå. Huset han vart fødd i, er flytta ned til riksvegen – alle som vil kan gå inn og sjå korleis det var, den gong då – i alle fall i turistsesongen. Notida sitt populære utsagn «trangboddheit» (som har skulda i alt vondt), får straks ei anna meining, eit anna innhald – på (om lag) 24 kvadratmeter, i eitt rom, budde 6-7 personar. Ingen vart kriminelle… tvert imot!

Eg skal ikkje seie så mykje om mannen; dette kan de lese sjølve – om de ikkje allereie kjenner historia om vår store forfattar, ja, kanskje den største, i alle fall i mine auge.

I Volda, der eg gjekk på gymnas, var det to bokhandlar. Det var Haugen (som seinare har utvikla seg til landets største internettbokhandel), og det var Svendsen, på andre sida av vegen. Ein dag såg eg at sistnemnde heldt kilosal av bøker frå Gyldendal sin Lanterneserie. Fantastisk! Eg kjøpte fleirfoldige kilo (mange av titlane står framleis i bokhyllene framfor meg her); deriblant «Landstrykere» av Hamsun.

For ein gymnasiast er alt som luktar av pensum dødsens keisamt. Med unntak av den usedvanleg friske novella «Black & Decker» av Einar Økland, var det lite som imponerte ein blasert og smått bortskjemd 17-åring, som var meir opptatt av fotball og musikk. Og jenter.

Men så starta eg på «Landstrykere». Og ei ny verd opna seg – bokstaveleg tala. Den meisterlege innleiinga, med desse to omreisande lirekassemennene, som på finurleg og utspekulert vis lurer bygdefolket til å vrenge lommer og portmonear, ja – eg var seld, fullstendig seld. Hamsun samla kom på Mammut-sal då eg var russ; og eg vrengde sjølv lommer og portmoné for å sikre meg skatten.

Sidan har eg slukt alt eg har kome over – biografiar, breva hans (i sju bind), analyser og artiklar i hopetal. Dei to «førlitterære» bøkene – «Fra det moderne Amerikas Aandsliv» og pamflettboka «Lars Oftedal» (som ikkje ein gong er nemnd på Wikiepediasida!), sikra eg meg i førsteutgåver (dei eksisterer ikkje i anna!), og las dei med stor glede – her var også meisterkloa i sving!

Eg rynka dog fælt på nasa då eg såg at regissør Jan Troell valde ein svenske (Max von Sydow) og ein danske (Ghita Nørby) til å spele Knut og Marie – og at svenske Per Olof Enquist var ansvarleg for dreieboka/manuset. Men då filmen hadde premiere, sat eg i salen, og gløymde straks mine fordomar; von Sydow og Nørby var ganske enkelt perfekte som ekteparet Hamsun!

Sjølv om det var prosaen som var hans domene, hans sterkaste side, var han også ein dyktig lyrikar. Her er diktet «Om hundrede År er alting glemt» (Henta frå samlinga «Det vilde Kor», 1904):

Jeg driver i aften og tænker og strider,
jeg synes jeg er som en kantret båt,
og alt hvad jeg jamrer og alt hvad jeg lider
det ender vel gjerne med gråt.
Men hvi skal jeg være så hårdt beklemt?
Om hundrede år er alting glemt.

Da hopper jeg heller og synger en vise
og holder mit liv for en skjøn roman.
Jeg æter ved Gud som en fuldvoksen rise
og drikker som bare fan.
Men hvi skal jeg fare med al den skjæmt?
Om hundrede år er alting glemt.

Så stanser jeg virkelig heller striden
og ganger til sjøs med min pinte sjæl.
Der finder nok verden mig engang siden
så bitterlig druknet ihjæl.
Men hvi skal jeg ende så altfor slemt?
Om hundrede år er alting glemt.

Å nei, det er bedre at rusle og leve
og skrive en bok til hver kommende jul
og stige tilslut til en versets greve
og dø som en romanens mogul.
Da er det nu dette som gjør mig forstemt:
Om hundrede år er alting glemt.

Her finn vi både den typiske underfundige humoren, sjølvironien, og alvoret – hand i hand. Alt det Hamsunske, med andre ord!
Og ja, mykje er gløymt etter hundre år, men Hamsun ikkje! Det er 99 år sidan han mottok Nobelprisen i litteratur (og sovna i full mundur – slips inkludert) – tunga på vektskåla var den fantastiske «nybrottsromanen» «Markens Grøde».

Eg avsluttar denne vesle hyllingskommentaren med opningslinjene frå sistnemnde bok:

Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene hvem har trakket opp den? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham.

Forhåndsbestill Roger Scrutons bok “Konservatismen” fra Document Forlag her!