Timothy Schmalz, «Homeless Jesus», Holy Rosary Cathedral, Vancouver. Foto: Membeth / cc0 / Wikimedia Commons.

Det hende i dei dagane, nærare bestemt ein desemberdag ved juletid det Herrens år 2023, at ein langhåra og skjeggete mann, kun ikledd ein fotsid, kvit kjortel, brått dukka opp framfor resepsjonen i lokala UDI nyttar som mottakssenter i Oslo, like etter opningstid.

Resepsjonisten såg forundra opp på skikkelsen, pressa inn høgttalarknappen og spurte gjennom glasruta:

– Kva kan eg hjelpe deg med?

– Eg treng rom for natta, sa mannen på klingande nynorsk.

– Javel, sa mannen bak skranken, og la til – men du veit, dette er ikkje noko hotell.

– Det er eg merksam på, heldt mannen fram, men eg er pengelaus.

– Kan eg få sjå papira dine?

– Eg har ingen.

– Kva er adressa di, då?

– Eg har heller inga adresse.

Resepsjonisten rista på hovudet:

– Då forstår eg ikkje heilt kva eg kan gjere for deg.

Mannen strauk håret sitt bak øyrene og spurte:

– Men er det ikkje her asylsøkjarar skal vende seg?

– Jau, men… er ikkje du norsk, då?

– Nei, sa mannen.

– Kvar kjem du ifrå?

– Eg stammar frå Nasaret i Galilea.

– Korleis stavar du det, spurte den UDI-tilsette, medan han med tunga i eine munnvika klikka inn bokstavane på computeren sin.

– Eg finn ikkje dette landet. Vent litt, eg freistar få tak i ein konsulent.

Han tok telefonen og slo eit tresifra nummer, i ventetida tromma han med fingrane og såg forvirra på mannen framfor skranken – det var noko underleg kjent med han – så fekk han kontakt, retta seg opp og snakka inn i røret:

– Ja, hei, det er Karlsen i skranken her. Eg har ein kar her, ein utlending, han seier han kjem frå, la meg sjå – Nasaret, men visst nok ikkje i Israel, men i eit land han kallar Galilea – eg finn imidlertid ikkje dette. landet i registeret. Har du tid til å ta imot han?

Då han fekk svaret, nikka han nøgd:

– Godt. Då sender eg han opp til deg.

Han avslutta samtalen, såg opp på den langhåra mannen og sa:

– Anne Gulldal på rom 316 kan ta imot deg. Det er i tredje etasje. Du kan enten ta heisa bak der, eller gå trappene.

Han trykte samstundes på ein knapp som opna sperringa vidare inn i lokalet.

– Takk, sa mannen høfleg, eg går gjerne.

Han snudde seg og gjekk mot trappa. Resepsjonisten såg forvirra etter han; no la han merke til at han gjekk berrføtt. Kvar i all verda har eg sett han før? tenkte han, men vart forstyrra i tankerekkja av at telefonen kimte.

Utanfor døra som var merka 316, stoppa den framande opp og banka på. Høyrde ei stemme seie «kom inn», seinare «god dag» og «versågod sit ned».

Kvinna framfor han kremta, tok av seg brillene og spurte:

– Kva kan eg så gjere for deg?

Mannen i kjortelen gjentok det han hadde sagt til resepsjonisten.

– Du seier du er frå Nasaret i Galilea. I kva verdsdel finn vi det landet?

– I det de no kallar Asia, svarte mannen.

Kvinna såg litt forvirra på han:

– Og du vil søkje om asyl? Eller er du flyktning? Når kom du hit til landet? Var du forfylgt der du kom ifrå? Og korleis har det seg at du snakkar språket vårt flytande? Har du familie? Kva er namnet ditt?

– Eg var forfylgt i heimlandet, ja. Og eg snakkar alle språk. Namnet mitt er Jesus. Mor mi og stefar min er døde, og myta om at eg har sysken, er feilaktig. Eg har ingen nære pårørande her. Hit til Noreg kom eg for ein halvtime sidan.

Herre Gud, tenkte konsulenten, han er spik spenna tullerusk. Behald roa no, Anne, behald roa, så det ikkje utviklar seg! Eg får sende han til legevakta, til akuttpsykiatrisk avdeling.

Ho skreiv noko på eit ark, stempla det og sa:

– Gå til Storgata 40, syn dei dette dokumentet, så får du oppfølging der.

Mannen som kalla seg Jesus tok imot arket, takka og gjekk. I bakgrunnen hadde Gulldal fått resepsjonisten på linja; ho var så sint at ho freste: «Pokker ta deg, Karlsen – du veit det er imot forskriftene å sende galningar og idiotar hit opp! Dette er siste åtvaring!», snerra ho og slengde på røret.

I resepsjonen vart Karlsen sitjande med telefonrøret i handa og dirre av frustrasjon. Han skulle sanneleg gi denne kjortelmannen eit dugeleg spark bak på veg ut. Forventningsfull såg han mot trappeseksjonen. Men ingen mann kom, han måtte ha gøymt seg ein stad. Full alarm vart slått; heile bygnaden vart gjennomsøkt, men mannen som kalla seg Jesus var sporlaust forsvunne. Konsulenten ringde politiet og forklarte saka. Politiet lova å sende ei patrulje til legevakta umiddelbart.

Parallelt med dette hadde den same mannen allereie vore på legevakta i Storgata ei god stund. Han hadde meldt seg i mottakinga, synt dei skrivet frå UDI-konsulenten, og fått vite at han måtte setje seg å vente.

– Men det er uvanleg lite besøk her i dag, så ein lækjar vil sjå på deg ganske raskt, sa sjukepleiaren som tok imot han med eit lite smil.

Og slik vart det – etter berre ein knapp halvtimes venting, vart mannen henta, og synt inn på eit lækjarkontor. Like etter kom ein kvitkledd inn, presenterte seg som doktor Olga Koltsjina, og bad pasienten om å kle av seg og setje seg på benken.

– Vi får ta ein rask kontroll, smilte ho, og drog fram stetoskopet.

– Eg ser at du er omskoren?

– Ja, alle guteborn i mitt heimland vert omskorne, sa Jesus, medan lækjaren festa på han blodtrykkmålaren.

Prøvene synte seg å vere særdeles gode; blodtrykk, puls, hjarterytme – ja, alt saman kunne fått ein toppidrettsutøvar til å jamre seg av misunning, og Koltsjina kunne ikkje la vere å undre seg over det underlege misforholdet mellom mannen sin fysikk og klesdrakta hans.

Men så la ho merke til dei stygge arra i handflatene til mannen. Ho tok den eine handa hans, vende den, og såg at arra var gjennomgåande, at eitt eller anna rett og slett hadde perforert begge hendene hans. Og det same var tilfellet med føtene; på begge fotsolane og vristene var det liknande arr.

Har han vore offer for fundamentalistar? tenkte ho. I så fall er det ikkje rart at UDI har skrive «mulig psykotisk» på følgjeskrivet. Ho såg mannen i augene, stussa litt over den nesten hypnotiske krafta i det klare, sterke blå blikket, før ho spurte:

– Korleis har du fått desse arra?

– Dei fekk eg då eg vart straffa for gjerningane mine, svarte mannen på flytande russisk.

– Dette også, sa han – og peikte på eit stort, ujamnt arr i sida. – Og her; han drog håret i panna til side, og synte fram ei rekkje små, knappenålstore arr.

– Du snakkar morsmålet mitt! Lækjaren var nesten like forbløffa over det, som over synet av arra han viste fram. Stigmata, tenkte ho. Enten er dette ein djupt truande, som sjølv har framkalla såra, eller så har han blitt torturert.

Ho bad han kle på seg kjortelen att, og setje seg utanfor kontoret og vente.

Då ho vart åleine, ringde ho til UDI, men fekk ikkje svar. Først etter eit kvarters tid vart ho sett over til konsulent Anne Gulldal. Ho presenterte seg og fortalde at ho nettopp hadde undersøkt mannen UDI hadde sendt vidare.

Ho høyrde formeleg kor overraska Gulldal var:

– Hæ? Det er ikkje mogleg!! Korleis har du rukke det? Han var nettopp her hjå meg! Og vi har hatt unntakstilstand i bygget her sidan – han forsvann sporlaust!

– Det kan eg ikkje uttale meg om, det står i journalen at han kom hit for ein times tid sidan. Mannen er i fantastisk god fysisk form. Men han er tydelegvis sterkt traumatisert; han har vore offer for tortur og fyller såleis kriteria til flyktningstatus.

Gulldal trakk pusten.

– Dette var også ei sak å få inn dagen før juleferien. Vel, kjem han tilbake hit, får eg vel finne på noko. Men vi har allereie overfylte hus på alle transittmottaka våre.

Dei ynskte kvarandre god jul og la på.

Utanfor sat mannen dei snakka om og venta. Etter nokre minutt kom den kvitkledde sjukepleiaren som hadde tatt imot han, saman med to uniformerte politimenn.

– Er det du som kallar deg Jesus, spurde den eine politimannen.

– Eg har fleire namn, men det er eitt av dei. Mannen reiste seg smilande, og gav dei handa.

Politimennene oversåg gesten og spurte vidare:

– Kva er etternamnet ditt?

– Eg har ikkje noko etternamn.

– Kva heitte far din, då?

– Stefar min heitte Josef.

– Då skriv vi Jesus Josefsson i rapporten, sa den eine til den andre. Og til Jesus:

– Du får bli med oss til stasjonen.

– Kva skal eg der? Eg er berre ute etter ein stad eg kan overnatte, forklarte mannen.

Utan å svare, tok dei Jesus mellom seg og førte han ut til den ventande politibilen, sette han inn i det sikra og lydtette baksetet, og tok sjølve plass framme.

– Er det ikkje alltid vi som får snålingane, Henrik, sukka den eine til den andre.

– Jau, vi har ikkje akkurat gudbenåda flaks, nei. Men hugs, Johan, frå klokka fire i dag har vi juleferie!

Dei køyrde bortover Biskop Gunnerus gate, då dei vart merksame på at baksetet var tomt.

– Kva i svartaste, skreik dei til kvarandre, køyrde inn på trikkesporet, sprang ut av bilen og opna bakdørene. Ikkje eit spor etter mannen dei hadde plassert der.

– Set deg inn, Henrik, la oss sjå om det er noko i vegen med automatikken! Men, nei, det var ikkje mogleg å opne dørene frå innsida. Kva var hendt?

– Korleis i indre svinemyra skal vi rapportere dette? Den eine politimannen kasta eine handa oppgitt i veret.

– Hugs at det var ein identitetslaus, Johan. Vi kunne uansett ikkje ha halde på han meir enn ein time eller to. Vi seier berre at vi ikkje fann nokon. No er det jul, og ingen vil oppdage at vi har bløffa.

Litt før klokka elleve om kvelden julaftan, stod ein kjortelkledd mann med langt hår og skjegg lengst bak i køen utanfor Domkyrkja i Oslo. I døra, langt der framme, stod to kyrkjetenarar i vakre bunadar og delte ut program og samtalte smilande med dei frammøtte. Det var ein kald og stjerneklar kveld; frostrøyken låg over køen som godversskodde i ein sunnmørsfjord. Rett framfor mannen stod to forkomne gespenstar; dei hutra og fraus i altfor tynne klede, medan dei delte broderleg av ei stor plastflaske. Dei snudde seg mot Jesus, såg forundra på dei nakne beina hans, og gav han utan å seie noko flaska si.

– Få i deg litt varme, kompis, du er til og med dårlegare kledd enn oss. Frys du ikkje på føtene?

Jesus skauv smilande flaska tilbake:

– Nei takk, den varmen har de meir bruk for enn meg! Elles takk, eg er så heldig at eg aldri frys.

Den eine såg på den andre, dei gliste to mest tannlause smil, rista på hovudet og mumla noko om at Herrens vegar er sanneleg uransakelege.

Inne i kyrkja hadde orgelet starta innleiinga til gudstenesta. Klokka hadde blitt fem over elleve, dei to bunadskledde ropte ut til dei gjenståande i køa:

– No er diverre kyrkja stappande full; og vi har ikkje lov til å sleppe inn fleire. Vi ynskjer dykk alle ei retteleg god julenatt – i Jesu namn!

Dei to tannlause snudde seg oppgjevne mot Jesus. – Vi hadde vona på ein time i varmen, sa dei skuffa, medan dei freista slå floke. – Om du vil, kan du bli med oss tilbake til Grønlandsleiret. Der har vi eit krypinn i ein bakgard. Vi heiter Karl og Hans, forresten. Og er brør i blodet, så å seie, for ikkje å snakke om i spriten; dei lo ein harkande lått som gjekk over i tørr hosting.

Jesus takka gladeleg ja, og saman gjekk dei utan å seie noko austover i byen. Etter ein knapp halvtime var dei framme; dei kraup inn gjennom eit glas og kom inn i noko som såg ut til å vere eit slags lager; det var fullt av pappkasser stabla overalt.

– Ein gong i tida var det hestar her inne, men heldigvis er dei borte no, sa den eine.

Og den andre heldt fram:

– Det er dårleg med både lys og varme her, men vi skal ha ein ekstra sovepose. Har du ete noko i dag? Vi fekk tak i nokre boksar tunfisk tidlegare i dag. Julegåve frå Rimi.

– Ja takk, sa Jesus, og tok imot ei boks tunfisk, opna den og åt.

Dei flytta unna nokre kasser og laga plass til Jesus under eitt av vindauga der inne. Så pakka dei seg inn sjølve, drakk flaska tom, geispa så det knaka og ynskte kvarandre god jul. Kort etter sov dei begge.

Jesus vart sitjande, ved sida av dei to som hadde gjeve han rom for natta. Pusten deira var tung og hås, men ansikta hadde noko fredfullt over seg. Han løfta handa og velsigna dei.

Så sa han lågt: «Du må tilgi menneskja no også, far – dei veit framleis ikkje kva dei gjer.»

Han sat med ryggen mot veggen då kyrkjeklokkene starta slå midnattstimen inn. Salte tårer rann nedover kinna hans – i refleksen frå ei lykt i bakgarden såg dei ut som små, blinkande stjerner.

Og rett over den gamle stallen, høgt på himmelen, stod ei anna stjerne og blinka sørgmodig tilbake.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.