Forfatter Zeshan Shakar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

 

Ein sjeldan gong blir eg nyfiken av at ei såkalla viktig bok eller eit forfattarskap er i talen mellom slike som interesserer seg for litteratur.

Ein god ven, nordist i Bergen med ein kresen smak, hadde for lenge sidan, kom eg no brått på, mumla noko om at denne Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar bør du lese.

Eg gjorde ikkje det då.

Men no var han her igjen med andreromanen Gul bok (2020). Og det som denne gongen vekte interessa mi eit par ekstra hakk, var den mest hysterisk rosande omtalen Guri Hjeltnes, leiar for Holocaust-senteret på Bygdøy, kom med i VG. Ein soleklar seksar, naturlegvis.

Det var ikkje så mykje innhaldet i meldinga eller trua på Hjeltnes’ geniale lesekunne som gjorde meg nyfiken, men denne brå, ville kjærleiken mellom Akersborg terrasse ved Ullevål hageby og Groruddalen. Kvifor no og ikkje på Einar Gerhardsens tid, liksom?

Eg stod utanfor porten og såg inn til den nye, mektige hoffstaten.

Noreg har utvikla seg til ein hoffstat reist til ære for vår tids sterkaste frelsesmotiv: det grøne skiftet og innvandringa.

Båe vegar til sæla er berre i det ytre ulike. Løynlege lobbyistar og oligarkkapitalisme i den eine enden og nepotisme og klanar i den andre. Akademiske, grenselause aktivistar båe stader driv fram symbolpolitiske offerhandlingar i media. Men viktigast av alt både i Noreg og Oslo i og utanfor statens institusjonar: nomenklatura – namnelister over leiande personar, opphavleg nytta om studiet av elitar i gamle Sovjetunionen.

Nomenklatura er heilt enkelt: Kven er innanfor?

 

Kronprinsesse Mette-Marit avslutter Litteraturtoget 2018 i Stavanger kulturhus og bibliotek. Tarjei Vesaas-prisvinner Zeshan Shakar møter Oslos ordfører Marianne Borgen (t.h.) til en litterær samtale. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Og den viktigaste eigenskapen som avgjer om du er innanfor i hoffstaten, er korridorsmartness. Den gatesmarte vinn gatene. Den korridorsmarte vinn departementskorridorane. I realiteten er det dette Shakars to romanar Tante Ulrikkes vei og Gul bok handlar om: den mystiske samanhengen mellom det å vere gatesmart og det å vere korridorsmart. Og at det i realiteten er det same – bak sløret.

Tante Ulrikkes vei er samansett av ein lang serie av 2–5-siders rapportar frå Jamal og Mohammed (Mo), som har kjent til kvarandre sidan barndommen, til den tenkte Nova-forskaren Lars Bakken i eit forskingsprosjekt med den karakteristiske tittelen «Kartlegging av hverdagen til unge i Groruddalen». Tidsperioden er frå sommaren 2001 til ut året 2005. Inni her ligg 11. september, terroren, islamismen. Desse store mediehendingane får følgjer for livet til gutane, særleg når ei jente på Stovner blir drepen av ein familiemedlem.

Men her trugar Jamal og Mo med å bli to globale appar som blir lasta ned til norsk røyndom.

Vi er liksom brått i USA med Jamal som ein slags svart gangsta og Mo som den flinke guten med stipend til eit kvitt college.

Terroren, islamismen og ghettoen er berre Mount Everest og retningsgjevande utsiktspunkt i det same fjellplatået. Men Jamal og Mo er òg gamle utbroderte slør.

Skjemtegauken Jamal med sjarmen frå den andre sida av skriftkulturen, aust or analfabetismens ævelege ungdomskjelde, bablar i veg på innpust og utpust på eit maltraktert pidgin-norsk. Han omtalar seg sjølv som «svarting» og er sjølve inkarnasjonen av ein gatesmart småkjeltring som freistar ta vare på mor si og småsyskena som strevar i fattigdom. Han er «the smiling nigger», ein gamal stereotyp frå USA.

Mo, derimot, er det mest interessante sløret. Han skriv i og for seg korrekt norsk. Men det er noko nervøst, gledeslaust og flatt over det heile. Det er som ein elev-til-lærar-samtale.

Men det er her jackpotten hjå den feminine hoffstaten har opphavet sitt. I annakvar setning signaliserer Mo at han er tamd, at han er ufarleg, at han er domestisert. Denne alkymien eller sekulære nattverden som på mystisk vis omdannar gate-smartness til korridor-smartness, er hoffstatens høgste sivilisatoriske daning, og Mo blir lønt på ultimat og uomtvisteleg vis: Hoffstaten skjenkjer han ei av døtrene sine. Ho er kvit og kjem sjølvsagt frå det akademiske småborgarskapet. Mo er både forvirra og overvelda.

Eit tilsvarande føydalt æresteikn frå den verkelege verda er mottakinga i Fritt Ord-villaen der forfattaren Shakar blir innvigd i hoffstatens løyndomar av Geheimeraad Knut Olav Åmås i ein utsøkt humre- og blunkeseremoni.

Kultur-Oslo er Noregs svar på Versailles, og strekkjer seg frå Blindern i nord til Aschehoug-villaen i sør og med regjeringskvartalet og Akersgata midt imellom. I den koloniale hoffstaten er alt nytt og ingenting nytt. Eit innfløkt spel av symbolpolitiske og erotiske løyndomar får dagane til å gå.

Mo opplever rett nok «rasisme» i romanen, som i den lite truverdige episoden der han blir stogga av politiet mistenkt for å vere ulovleg immigrant trass i sitt flunkande nye norske pass. Men Mo er den domestiserte mannen bak sløret og er difor mykje meir truverdig som nervøs og atterhalden enn som sint. Mo er nemleg «jøden», den assimilerte jøden som alltid er på vakt. Det viktigaste åtaket i all moderne antisemittisme er skuldinga om ikkje å vere ekte. Det er godt gjort av Shakar om han har tenkt i slike banar. «Jøden» og «den smilande negeren», dei to eldste og mest stereotype maskene i vestleg historie. Dei er òg rasismens maskeslør.

I den neste romanen frå Oslo, Gul bok, er Mo eller Mani, som hovudpersonen no heiter, blitt «bestillingsmann». Det er 1800-talets store kategori av offentlege funksjonærar.

 

Statsminister Erna Solberg overrakte finansminister Jan Tore Sanner boken «Gul bok» av Zeshan Shakar før hun holdt sin innledning til Høyres stortingsgruppe og regjeringsmedlemmer under en konferanse i Oslo. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Mani får nemleg til slutt jobb som førstekonsulent i Oppvekstdepartementet, som ligg i Y-blokka. Året er 2010. «Det er langt fra Haugenstua til Y-blokka», står det på baksida av boka. Nei, reint geografisk er det endå kortare enn frå Tante Ulrikkes vei – faktisk berre 14 minutt med tog.

Mani slit tydeleg med å halde ved like rolla som eksotisk framandfugl.

Det er lite truverdig at den festglade kjærasten hans, farmasistudenten Meena, som òg er ein vinnar i den norske einskapsskulen, ikkje forstår at ein førstekonsulent tener dårleg. Problemet er at Mani er heilt perfekt i hoffstaten. Mellom alle dei myldrande Amtmandens døtre, som fyk gjennom departementskorridorane, like oppglødde som i den amerikanske filmklassikaren Little Women, er Mani som ein evig prepubertal Harry Potter. Han seier nemleg ingenting. Difor treng han heller ikkje ta av seg sløret.

Den blindernistiske, småborgarlege akademiske kulturen, som forfattaren Shakar observerer skarpt og godt, er eit slags dokketeater. Alt handlar om å tale som staten: Ei slags blanding av ei veslevaksen elevframføring bygd på samfunnsfagleg pseudovitskap. Noko keisam inkjeseiande statistikk, litt forvaltingsrett ispedd nokre buzzwords frå det som for tida er «viktige» teoriar. Og alt saman framført i rolla som lege i felten mellom dei innfødde.

Om nokon av dei litt eldre mennene fell for ein sorgmodig karakterbrest av ei freisting i å dosere, trør Mor Godhjarta mildt, men bestemt til. Alle desse korridorane er styrte av slike «Mor Godhjarta», som held oppe den moralske ordenen, som i grunnen er den einaste ordenen.

Hoffstaten er noko langt større, dynamisk og energisk meiningsproduserande enn det som berre å sjå til er statlege forvaltingsorgan. Det dekkjer direktorat, utval med det eine meir sovjetiskklingande namnet etter det andre. Det er media i alle former, aktivistar og politikarar inn og ut av dei same rollene.

Den norske hoffstaten kan samanliknast med ein indisk tempelby – ein stor kultisk basar av ulike offerhandlingar og symbolske ritual som skaper både levebrød og livsinnhald for mange, i form av uleselege utgreiingar, endelause seminar og påstått naudsynte jobbreiser.

(Artikkelen held fram etter annonsa.)

Norge forandrer seg raskt i takt med innvandringen. Kjøp Halvor Foslis bok her!

 

Det er i denne samanhengen den litterære suksessen til vår mann, Zeshan Shakar, mannen bak sløret, må forståast. Dei tre unge mannlege hovudpersonane hans, Jamal, Mo og Mani, er tre vise menn frå austerleid. Den glade bodskapen dei forkynner, er vegen frå gatesmartness til korridorsmartness. Dette kan òg norskingane, potetene, lære. For innvandrarane austfrå er den nye nasjonen, det nye folket. Difor kan heller ikkje Mani, med ny jobb i oppvekstdepartementet, ta av sløret. Sløret er sanninga. Det er slik innvandringa til Vesten, Noreg og Oslo er å forstå, som eit siviliserande landnåm.

Det gamle folket, som ikkje er i stand til å leve opp til det nye nasjonale daningsidealet i hoffstaten – korridorsmartness med hipstersjel – blir omdanna til villmark att.

Hetsa fram av mellom anna partiet Høgres småborgarlege sadisme blir staten difor sala om til å jakte utlæge menn og kvinner i velferdsstaten. Leiande arbeidarpartipolitikarar og fagforeiningspampar er i denne jakta å likne med det syrgjelege åsynet til ein gamal apachehovding, som mot nokre flasker brennevin fører kavalleriet til gøymestadene til sine tidlegare blodsbrør. Dei har ikkje lenger syn for himmelvarden og veit ikkje korleis dei skal kalle Peer Gynt ned frå Gjendineggen for som ein bergande gud, med malmrøyst, å meisle fast at «dette er din ættarheim». Hoffstatens list er nemleg at den sosialdemokratiske styringsideologien inneheld omgrep som kan stramast med tenger og gjerast om til NAV-statens torturkjellar.

Men sanninga er at det vi omtalar som den nordiske velferdsstaten, aldri var tenkt som NAV-statens tuktregime. Den nordiske velferdsstaten var – og det er tragedien – eit raust, pragmatisk og lokalt arrangement for folka som budde her. Det var ikkje eit hipsteraristokrati i korridoranes kurtise og list.

Rasen er det tynnaste, men òg mest ugjennomtrengjelege av alle slør. Men skal vi tru at det finst ei magisk lampe under rasens slør? Tante Ulrikkes vei og Gul bok er òg ei anna historie. For er den rolege, idylliske togturen frå Haugenstua til sentrum verkeleg ei reise gjennom USAs historie?

Sjølvsagt ikkje!

 


Bydel Stovner er en administrativ bydel i Oslo, har 30 554 innbyggere. De bor i velstelte boligblokker. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

I den røynlege historia er Oslo/Christiania ein ramnekrok. Fram til Grunnlova av 1814 frå Eidsvoll kom, var dette ein tarveleg liten festningsby mest utan institusjonar anna enn kyrkjer og straffeanstaltar. Skottland hadde på same tidspunkt fire verdskjende, gamle universitet. I Noreg var det fire tukthus.

Som ei billeg miniatyrutgåve av Berlin blir det reist leigegardar og byvillaer ved inngangen til det 20. hundreåret – for husmannsætlingar, bondestudentar og nyrike. Oljealderen skapte heller ingen imperial prakt. Ingen baron Haussmann la snorrette avenyar breie nok for armear. Det blei i staden meir som onkels nye garasje frå 1987, som fekk skryt av kompisane og frå nokre av dei lokale damene som var over sin fyrste ungdom.

Ein iskremkladeis av ein opera blei liggjande og skvulpe gråkvit i Bjørvika tre hundre år etter at verkelege imperiemakter dreiv med slikt.

Og i den røynlege historia er Stovner alt anna enn franske banlieues eller eit slumområde i Cape Town; det er eit heller moderat tal velplasserte og godt vedlikehaldne høghus lagde i eit herleg friluftsområde, høgt og fritt og ljost. Nokre veksesmerter har det vore, men dei er overkomelege.

Og på bakgrunn av den røynlege, reelle historia om byen inst i Oslofjorden i det vesle nordiske sosialdemokratiet Noreg, må vi stille spørsmålet: Kva skulle vere så oppsiktsvekkjande i at ein ung mann set seg på toget på Haugenstua og reiser ned til sentrum av Oslo? Ingenting. I sentrum skifter han til T-bane som nokre stopp seinare tek han til ein høgare lærestad av heller ny dato – ikkje i verdsklasse og heller ikkje staden der Lord Sebastian i Brideshead revisited går rundt med teddybjørnen sin og personleg tenar. Nei, Blindern er berre ei vidaregåande utgåve av den offentlege einskapsskulen den unge mannen frå Stovner alt har gått på. Her vil han studere samfunnsfag, fag som har vore populære fordi dei er temmeleg overkomelege for vanlege ungdomar. I staden for Lord Sebastian i Cambridge møter Mo den overvektige junkfoodentusiasten, krigshistorienerden og valdrisen Michael. Det er eit kultursjokk det burde gå an å leve med!

Men under desse sløkte slørskjermane er det heller inga heroisk historie for vår mann. Jo, éi historie er det, og den er attkjenneleg: Ein ung mann litt i utkanten av pengar og daning med ein ambisiøs far frå arbeidarklassa blir som så mange flogvit frå bondestanden på 1700- og 1800-talet oppdaga av læraren og magistraten. Og så endar han jammen meg sjølv opp som ein trugen «bestillingsmann» eller lågare offentleg funksjonær.

Det er ei gamal historie, dette.

Gjennom det han oppnår, stadfester han hoffstatens nye daningsideal. Prisen han betaler, er at han aldri kan ta av seg sløret.

Men ikkje noko slør kan målbinde folkets eiga røyst. Difor er det berre kvite, barnlause menn som kan skrive postkolonial litteratur i dagens Noreg.

 

Kjøp Sammenstøt mellom sivilisasjoner? her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.