Hverdagsbilde fra Sverige. Foto: Youtube

Det ville vore fantastisk om alle menneske og kulturar kunne leve fredeleg side om side. Eit slikt fullkome samfunn er difor målet for mange. Men i praksis har alle imperium til no vore reine despoti, slik både historia og samtida vitnar om. Menneska er ikkje grunnleggjande gode, og folk i alle kulturar kjenner seg sterkast knytt til sin eigen familie og si eiga gruppe. Nærast til idealet om gjensidig solidaritet har nasjonalstatane i Nord-Europa kome. Derfor fungerer dei som ein magnet for folk frå fjerne land. Paradoksalt nok kjem fleirtalet nettopp frå ein klankultur som dei har vanskeleg for å frigjere seg frå. Det ‘fleirkulturelle samfunnet’ er difor som «sirkelens kvadratur» eit meiningslaust omgrep, for ulik kultur er splittande og skaper verken fellesskap eller samfunn.

Historia kjenner sjølvsagt statar og imperium som periodevis har hatt fred med nabolanda, men der den indre justisen samtidig har vore handheva med brutal makt. Folkestyre og individuell fridom er derimot av langt nyare dato og sjølv i dag eit privilegium for dei færraste. Kongo-Brazzaville er eit godt eksempel på problema Afrika har med fleirkulturen. Landet har om lag same flatemål og folketal som Noreg, og oljen gjev også der mykje av inntektene. Men folket er delt i tre etniske grupper og langt fleire undergrupper med 82 forskjellige språk. Etter 80 år som fransk koloni vart landet ‘fritt’ i 1960, men ikkje folket. Berre i dei siste fem åra før 1997 hadde dei ein president som dei sjølve hadde valt. Med støtte frå Angola greip då den tidlegare presidenten, Denis Sassou Nguesso, makta i ein borgarkrig med mange titusen sivile offer. 

Ein asylsøkjar eg møtte for snart tjue år sidan, hadde arbeidd i administrasjonen i Brazzaville og høyrde også til same stamme som den styrta presidenten. Han og andre med slik  bakgrunn vart no fritt vilt. Dei nye makthavarane hadde drepe bror hans, medan familien hadde kome seg over Kongo-elva til Kinshasa, hovudstaden i Den demokratiske republikken Kongo (tidlegare Zaïre). Konfliktane der er meir kjende, men mediedekninga var dårleg med tanke på omfanget. Åtte land og 25 væpna grupper tok del, og i tiåret fram til 2008 vart meir enn fem millionar drepne.

Det seiest at somme afrikanarar såg på borgarkrigen i Jugoslavia tidlegare på 90-talet med ein viss skadefryd. No hadde også europearane byrja med stammekrig! Det var iallfall som FN-offiser i Bosnia at Helge Lurås miste trua på fleirkulturen, slik han fortel om i boka «Veien til Resett». Også spora frå borgarkrigane i Libanon, Syria, Sør-Sudan, Irak og Afghanistan mm skremmer. Ulike folkegrupper eller variantar av islam slåss mot kvarandre. I desse dagar ser vi korleis etniske og ideologiske motsetningar truar med å splitte sjølv USA, den sterkaste militærmakta siste 70 åra. Antirasistane i landet har blitt sjukleg opptekne av hudfarge og identitet, og same tankegangen grip no om seg i Europa. 

Men likevel er mangfald eit honnørord, delnamnet på eitt av direktorata våre og det erklærte målet i fleire offentlege utgreiingar. Er ikkje dette uttrykk for overmot, så veit ikkje eg. Det er vel beint fram rasistisk å tru at vi skal greie det ingen andre har makta, nemleg å skape eit fleirkulturelt samfunn som også er stabilt, fredeleg og folkestyrt. I små glimt kan dei styrande vedgå at mangfaldet er ei «utfordring» (les: problem), som då byrådsleiar Raymond Johansen no under koronaepidemien viste til at Oslo har «200 ulike nasjonaliteter». Men berre fjorten dagar, på 1. mai,  heldt bystyrekandidat og leiar i Ap sitt homonettverk, Jon Reidar Øyan, appell på Lindeberg. No var det kaotiske mangfaldet igjen blitt ein fordel: 

«Vi er over 200 ulike nasjonaliteter her i byen, og en av tre innbyggere i Oslo er innvandrer eller barn av en innvandrer. Det er en fantastisk ressurs, hvis vi gir alle like muligheter til å leve forskjellige liv. Det krever en politikk hvor det legges til rette for god integrering.»

Fleirkulturen skal tydelegvis tvingast i gjennom, koste kva det koste vil, i form av kaos og konflikt til alle tider. Den danske presten og salmediktaren Grundtvig sa det slik: «Kun til helved kan det tvinges, men til himlen bare ringes, frihet følger sannhets ånd.»

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.