Tomm Kristiansen var samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje sist søndag. Han er ein framifrå forteljar og har skrive heile fjorten bøker, halvparten med emne frå Afrika. Etter lange opphald i Zimbabwe, Sør-Afrika og Sudan kjenner han kontinentet betre enn dei fleste nordmenn.

Men i kyrkja fekk han spørsmål om m.a. asylsøkjarar, Midtausten, islam og norsk økonomi. Dei lettvinte og gale svara hans, gitt med stor pondus, avslørte manglande kunnskap på desse områda. Det var uventa med tanke på kva roller han har hatt, m.a. som programleiar i Dagsnytt 18 og utanriksredaktør i NRK.

Eksemplet Libanon

På spørsmål om det kunne vere farleg å ta i mot altfor mange flyktningar, spesielt muslimske, svara Kristiansen at Libanon, med fire millionar kristne, hadde teke mot 1 million syriske muslimar utan problem.

ANNONSE

Han kunne knapt valt eit dårlegare eksempel.

Etter at kong Hussein jaga PLO ut av Jordan i 1970-71, slo dei seg ned nettopp i Libanon. Fire år seinare braut borgarkrigen ut mellom PLO, venstreorienterte drusarar og muslimske militsgrupper på eine sida og ein koalisjon av kristne på den andre. Etter seksten år med borgarkrig var resultatet 150 tusen falne, 200 tusen såra og eit land i økonomisk, sosial og fysisk ruin. Under og etter borgarkrigen har nær to millionar, dei fleste kristne, flykta eller flytta frå Libanon.

Det er difor ikkje fire millionar, men i beste fall 1,7 millionar kristne att i landet, men ingen veit sikkert, for der har ikkje vore folketeljing sidan 1932 pga den delikate maktbalansen mellom ulike etniske og religiøse grupper. Men IS har iallfall få sympatisørar i landet. Forklaringa på det er helst at Libanon har sine eigne islamistar, i Hizbollah (= «Allahs parti»), som er sjiamuslimske og difor allierte med Iran og med alawittane i Syria. Hizbollah held seg også med sin eigen hær, som er sterkaste maktfaktoren i landet. Banda til Syria har alltid vore sterke.

Heilt fram til 1919 var Libanon ein del av provinsen Syria i Det osmanske imperium, og i nyare tid okkuperte Syria delar av Libanon i tretti år frå 1976. Dei sentrale styresmaktene i Libanon er difor svært svake og har lite dei skal ha sagt, også når det gjeld å ta i mot flyktningar frå nabolandet. Desse historiske fakta seier ikkje noko sikkert om framtida og slett ikkje i vårt land, men det viser iallfall at forskjellig kultur er ei kjelde til konflikt.

Innvandring, demografi og pensjon

Kristiansen sa at Noreg no har teke i mot tjuefem tusen flyktningar og kunne greie det doble, men ikkje hundre tusen og heller ikkje femti tusen kvart år (eg spurde han konkret om dette etterpå). Men siste tjuefem åra har vi til saman teke i mot heile 150 tusen flyktningar utanom familiemedlemmer, og berre i år har det kome 29 tusen asylsøkjarar. Med åtte tusen nye i månaden nærmar vi oss raskt dei femti tusen til Kristiansen.

Korleis skal vi då greie å stanse flaumen?

For til fleire som får opphald, til fleire nye vil også kome. Men Kristiansen var ikkje bekymra. Vi kan ikkje snakke om «innvandrarar» etter 3-4 generasjonar. Då er dei nordmenn, slik innvandra skandinavar har blitt, meinte han. Men vi ser kva folkegrupper som er i vekst, kven som sterkast held fast ved sin religion og kultur, og kven som alt i dag må jenke seg. Om femten år vil halvparten av bydelane i Oslo ha innvandrarfleirtal, og i åtte folkerike område vil 86-100% vere innvandrarar, dei aller fleste muslimar, prosentvis fleire enn i Rosengård i Malmø, som Kristiansen heldt fram som eit skrekkens eksempel.

Svakast i argumentasjonen var han likevel når det gjeld økonomi. Han svara slik då han fekk spørsmål om pensjonen vår er i faresona: «Vi har verdens største pensjonsfond, og innvandrerne skal betale for sin egen pensjon». Realiteten er at staten alt har teke på seg større pensjonsplikter enn svarande til oljefondet, eller som forskningsleiar Erling Holmøy i SSB formulerte det: «Oljefondet er allerede disponert, det.» (5 minutt ut i sendinga) Og korleis dagens innvandrarar skal betale sin eigen pensjon, er meg ei gåte, når nettopp SSB seier kvar ikkje-vestleg innvandrar vil belaste offentlege budsjett med gjennomsnittleg 100 tusen netto per år første tretti åra dei er i landet. Dette reknestykket er dessutan basert på erfaringar frå ei økonomisk oppgangstid og der fleire innvandrargrupper med høg sysselsetjing var inkluderte. Realitetane er at ikkje berre pensjonen, men heile velferdsstaten kan gå fløyten i framtida. Dei rike og økonomisk liberale er ikkje redd for dette, men LO er sterkt bekymra, og alle som ønskjer økonomisk utjamning, bør absolutt vere det.

«Svake, fattige og forfølgde flyktningar, som rømer frå IS»

Kristiansen kalla stort sett alle som kjem for flyktningar. Tidlegare var dette ei nemning på dei som sat i FN-godkjende flyktningleirar. Med asylinnvandringa vart det brukt om mindretalet som fekk asyl fordi dei reelt var forfølgde i heimlandet. Resten av dei som fekk opphald, fekk det på såkalla humanitært grunnlag, dvs av menneskelege omsyn, men dei fekk ikkje flykningstatus.

Dette hadde mykje å seie økonomisk, for flyktningstatus gjev ei rekkje særrettar i Folketrygda, som ikkje eingong blir nordmenn til del. Med Utlendingslova, i kraft frå 2010, blir alle som får opphald kalla flyktningar, men først etter vedtak. Før dét er dei asylsøkjarar. Men Kristiansens tru på at det er dei svake og fattige som kjem, stemmer ikkje med forsking og heller ikkje med vitnemål. 23. november sa den kvinnelege, syriske forfattaren Samar Yazbek det slik i Aftenposten:

«De som er igjen har ikke råd til å flykte.. De som reiser er middelklassen og høyt utdannede, og utgjør et stort tap for Syria. Det er nærmest som om landet tømmes for en fremtid.»

Dette betyr ikkje at syrarar flest er velutdanna etter norsk målestokk eller har relevante kvalifikasjonar for vårt arbeidsliv. Når det gjeld nettopp dei, kan det likevel vere rimeleg å snakke om flyktningar, men fleirtalet av asylsøkjarane er ikkje frå Syria. Det er også ei utbreidd misforståing at dei fleste syrarar flyktar frå IS, slik også Kristiansen påstod. På det punktet er det større grunn til å stole på Sigurd Falkenberg Mikkelsen (16. okt i Urix, 21.10 ut i sendinga), som er korrespondent i Midtausten, nettopp for NRK. Men om dei i staden flyktar frå Assads bomber, treng dei ikkje vere IS-sympatisørar for det, om enn ein mindre del sannsynlegvis er det.

Radikalisering eller integrering

Kristiansen meinte moskeane motarbeider radikaliseringa. Det gjeld neppe alle. Han burde kanskje ta seg ein tur til Rabitamoskeen, der så mange seinare framandkrigarar for IS har vanka. Og dei mest radikale, utanom jihadistane i «Profetens Ummah», er ikkje dei som har droppa ut or skulen eller er halvkriminelle, men dei fleire tusen salafistane i Qureshi sitt «Islam Nett», knytt til høgskule- og universitetsmiljøa i storbyane våre. Om dei ikkje sjølve er valdelege, er miljøet for somme ein stasjon på vegen dit.

Kristiansen hevda også at radikaliseringa delvis er «vår» skuld. Eg skal vedgå at styresmaktene våre ber eit ansvar for dårleg integrering, men kanskje på annan måte enn han tenkte på.

Vi, dvs staten, har gitt hundretals millionar i integreringsstøtte (!) til foreiningar basert på etnisk bakgrunn, medan idrettslag i Groruddalen, som er opne for alle, blir lagde ned fordi ikkje mange nok innvandrarforeldre hjelper til og dei norske eldsjelene blir for få og går trøytte. Dessutan har skule og trygdeetat i alle år tillate at mange innvandrarforeldre sender barna attende til landet dei sjølve har «flykta» frå, for å bu hos slektningar og gå på skule der. Føremålet er å hindre at barna blir for «norske». Frå 2007 vart lovleg grense for slike opphald avgrensa til seks månader utan tap av barnetrygd. Først no ligg det føre eit lovforslag som gjev skulane meldeplikt ved fråvere over tre månader, som også er den nye grensa for å misse barnetrygda.

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629