Kommentar

Redaktør i Antirasistisk senter Rune Berglund Steen.

I si Ytring på nrk.no 11. mars skreiv Ulf-Arvid Mejlænder at «pressen er lite interessert i negative saker om innvandring» og gav mange eksempel på dette. Han oppmoda media til heller å «Si det som det er», for berre ved å fortelje sanninga kan dei gjere si informasjonsplikt og bevare sitt truverd.

Når NRK gav plass til denne ytringa, hadde eg eit lite håp om at dei med dette også ville vedgå at Mejlænder har eit poeng. Men den vona varte berre eit døgn, for 12. mars sleppte NRK til Fawzi Warsame med «Si hele sannheten» og dagen etter Rune Berglund Steen om «Innvandrer i avisa» under same vignett. Warsame påstår at Mejlænder «serverer ufin retorikk om innvandrere i akademisk innpakning», og Berglund Steen skriv «nei, vi trenger ikke enda meir stigmatisering av minoritetsbefolkningen».

Warsame si ytring inneheld fleire personangrep, karakteristikkar og insinuasjonar:

«Det trist og uaktsomt av Mejlænder å svartmale innvandringens bidrag til det norske samfunnet.. Dette er ufin retorikk, for å fyre opp om mer hat og skepsis mot innvandrere..  Det er en trussel både for demokratiet og informasjonssamfunnet å vise mistillit til journaliser på en slik feilaktig måte.»

Men framfor alt meiner han at både Mejlænder og media ikkje fortel om dei positive bidraga, også av økonomisk art, som innvandrarar står for. Som eksempel på slike viser han til far sin, som kom frå ein liten landsby i Somalia, men har teke doktorgraden her i Noreg. Det er flott, men ei svale gjer ingen sommar. Eit breiare belegg er tilvisinga hans til NRK-artikkelen «Barn av innvandrere topper statistikken for høyere utdanning i Norge».  Men sjølv dette oppslaget presiserer at  det spesielt er ungdom med bakgrunn frå Kina, Sri Lanka, India, Vietnam og Bosnia-Hercegovina som fullfører vidaregåande skule og tek høgare utdanning, og ikkje ungdom med foreldre frå t.d. Pakistan, Somalia, Irak, Syria og Tyrkia, dvs dei største ikkje-vestlege innvandrargruppene.  

Men like fullt blir det der påstått at

«SSBs rapport viser at norskfødte barn av innvandrerforeldre er den gruppen der flest går rett fra videregående til høyere utdanning. Der flest tar høyere utdanning, og der flest tar lengst høyere utdanning.»

Sidan grunntemaet i denne debatten er om media legg vekt på dei negative eller dei positive sidene ved innvandring, kan det vere interessant å sjå i kva grad NRK har dekning for denne påstanden, eller har vinkla presentasjonen eine eller andre vegen.  NRK-oppslaget har ikkje lekkje til sjølve SSB-rapporten, men her er han: 

Denne viser utviklinga frå 2000 til 2016. I desse åra auka delen minoritetsspråklege frå 6 til 20%  i offentlege barnehagar og frå 2 til 13 % i private. I same periode vart det innført gratis kjernetid i barnehage for barn av innvandrarar i Oslo. Vel så interessant er Figur 2, der dei to nedste grafane viser høvesvis kor stor prosent som har kome seg gjennom vidaregåande skule etter fem år, og aller nedst, kor mange prosent i alderen 19-24 år som er studentar i høgre utdanning i dei tre gruppene: Innvandrarar, norskfødde barn av innvandrarar og heile aldersgruppa. 

Då ser ein at ungdommane som sjølv har innvandra (som barn), kjem dårlegast ut, medan norskfødde med innvandrarforeldre nesten har nådd att andre i same alder når det gjeld fullføring av vidaregåande skule, og passert gjennomsnittet per 2016 når det gjeld høgre utdanning. Men verdt å merke seg: Kontrollgruppene består  ikkje berre av etniske nordmenn, men inkluderer alle, også innvandrarane, som dreg sterkt ned.

Undersøkinga peiker også på ei anna viktig feilkjelde. I Norden er det ikkje uvanleg å vente eit år eller fleire med universitetsutdanning: «I den øvrige befolkningen kan det se ut som om det er mer vanlig å ta et friår for å jobbe, reise, gå på folkehøyskole og så videre enn hva som er tilfelle for dem med innvandrerforeldre.» Langs kysten er heller ikkje draumen å slite skulebenken i ti år til rett etter fullført ungdomsskule, men heller å kome seg i arbeid, tene pengar, skaffe seg fartstid og yrkeserfaring før maskinist-, styrmanns- og skipsførarutdanning på eit seinare tidspunkt. Landet og næringslivet treng ikkje først og fremst teoritunge akademikarar, men kunnige fagfolk på alle område. 

Også Berglund Steen er usakleg og sleivete når han skriv: «Mejlænders anekdotiske framstilling .. Det er uklart hvor mange generasjoner Mejlænder mener må gå etter at forfedrene innvandret, før mennesker som er født og oppvokst her, simpelthen kan omtales som «norske».. Det vesentlige med en tyv er imidlertid ikke hudfargen, men at vedkommende stjeler..» 

Men med utgangspunkt i undersøkinga  Innvandring og integrering i norske medier 2017, hevdar han at media ikkje skjermar innvandrarar på nokon måte, men tvert om ofte held fram kriminelle sin etniske bakgrunn. På vegne av ARS seier han:

«Vårt syn er ellers at det kun er naturlig å omtale etnisitet hvis det inngår som en del av et signalement, når politiet ønsker allmennhetens hjelp til å identifisere en konkret gjerningsperson.»

Ein slik praksis ville innebere ei mørklegging av ein viktig sektor og gjere folk blinde for samanhengen mellom innvandring og kriminalitet. Slik journalistikk ville vore heilt i strid med pressa sitt samfunnsoppdrag. Det har sjølv media delvis forstått, men forklaringa på at den etniske bakgrunnen kanskje oftare blir nemnt no enn før, har nok mest å gjere med overrepresentasjonen av utlendingar og innvandrarar blant kriminelle og innsette. 

Med kjelde i Faktisk.no, som har saumfart ei utsegn på Sylvi Listhaug si FB-side, skriv Berglund Steen:

«Figuren viser at over 83 prosent av gjerningspersonene tilhørte øvrig befolkning, mens 15 prosent var innvandrere. Bare 1,5 prosent av gjerningspersonene var norskfødte med innvandrerforeldre.»

Men neste setning tek han ikkje med, av forståelege grunnar:

«Likevel begår både innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre mer kriminalitet enn deres andel av befolkningen skulle tilsi.»

Men dette gjaldt «Andel av alle bosatte gjerningspersoner over 15 år i 2010 som var siktet for minst ett lovbrudd i perioden 2010–13 og  ble registrert og oppklart av politiet innen 2015.» Men alle lovbrot er ikkje like alvorlege. Drap, valdtekt, ran og valdsbruk kjem i ein annan kategori enn det meste anna. Faktisk.no bygde på SSB-rapporten  «Kriminalitet blant innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre»  Figur 3.12 viser at for slik valdskriminalitet er sjølv norskfødde barn av innvandrarar dobbel så kriminelle som nordmenn, jamvel etter justering for kjønn, alder, bustad og fars inntekt. 

I rapporten finst ikkje tal og prosentar etter kva land folk kjem frå; berre inndelt etter verdsdel. Dette var derimot med i denne SSB-rapporten frå 2011, som var tema for Dagsnytt 18 for fire år sidan. Presentasjonen der var nesten ein parodi på bortforklaring, i regi av programleiar Anne Grosvold. Med slikt utgangspunkt må nesten all endring bli ei forbetring. Men framleis manglar det mykje på at media flest informerer nokolunde korrekt om følgjene av innvandring.