Kommentar

Ved Vaterlandsbrua i Oslo. Foto: Bente Haarstad.

5. august kom SSB Analyse 2019/22 med overskrifta «Er religiøse innvandrere mindre integrert?». Vurderinga er gjort på grunnlag av intervju i Levekårsundersøkelsen blant personer med innvandrerbakgrunn (LKI 2016) med vel 4000 vaksne frå åtte muslimske land: Somalia, Pakistan, Irak, Iran, Afghanistan, Tyrkia, Bosnia og Kosovo, eitt kristent: Polen, og tre land med fleire religionar: Eritrea, Vietnam og Sri Lanka.

Hovudkonklusjonen, gitt som eit svar på spørsmålet i overskrifta, er formulert slik:

«Religiøst aktive innvandrere gjør oftere frivillig arbeid og har noe sterkere tillit til andre mennesker enn de mindre aktive. Mange innvandrere opplever diskriminering, men de religiøse ser ikke ut til å være spesielt utsatt for dette.»

Statistisk Sentralbyrå skriv om denne analyseserien:

«SSB analyse gir kunnskap om viktige sosiale, økonomiske, demografiske og kulturelle endringer i det norske samfunn.»

Verken spørsmålsstillinga eller svaret over kan likevel gje presis kunnskap eller innsikt, til det er gruppa «religiøse» altfor ueinsarta. Dette seiest med rette om kategorien «muslimar», og må då vere endå meir sant når «religiøse» også femner om kristne, buddhistar og hinduar. Grunngjevinga for i det heile å operere med ei så vid gruppe, er spørsmålet om religiøse innvandrarar har tillit til eller blir aksepterte av sekulære nordmenn, når halvparten av nordmenn er skeptiske til muslimar og ein femdel jamvel til kristne.

Eit anna moment er at forskarar i USA reknar religion som positivt for integreringa, medan det helst blir sett på som ein hemsko her hos oss. Men årsaka til denne skilnaden er historisk. Amerika er kulturelt sett slett ingen smeltedigel, men derimot ein salatbolle, til naud ein irsk stuing, der det ofte er nok å integrere seg sosialt i si eiga etniske og religiøse gruppe, men der integrering i arbeidslivet er heilt nødvendig for å overleve. Europa består derimot langt på veg av nasjonalstatar med felles kultur og med offentlege velferdsordningar, iallfall i vest og nord, som gjer deltaking i arbeidslivet mindre tvingande. Frå gammalt av har europeisk kultur også vore einstydande med kristen kultur, om enn i litt ulike variantar. Etter den muslimske erobringa av Austromarriket, var faktisk «Kristenheten» lenge det vanlege namnet på dagens Europa.

Men undersøkinga skil også mellom svara etter kva religion og religiøst engasjement respondentane har. Det er spurt både om «folk flest er å stole på» og om «tillit til det politiske systemet, rettsvesenet og politiet». Ein skulle i utgangspunktet tru tilliten til andre personar var størst hos dei som står oss nærast kulturelt og religiøst. Men her konkluderer analysen med det stikk motsette: «Kristne innvandrere (er) mest skeptiske».

Meir korrekt ville det ha vore å seie at folk frå Polen er mest skeptiske, for minst 80 prosent av dei som her blir rubrisert som kristne, er innvandrarar derifrå. Resten kjem frå Eritrea og Vietnam, medan ingen innvandrarar frå andre heilt eller delvis kristne land er med i undersøkinga. På så tynt grunnlag kan ein ikkje trekkje generelle konklusjonar om kristne innvandrarar. Til overmål viser Figur 3 i analysen at skepsisen minkar med auka aktivitet og engasjement blant dei kristne det gjeld, så faktisk er det mellom relativt sekulære polakkar mistrua til andre er størst.

Slik er det også i heimlandet Polen; kanskje ikkje så rart etter førti år med kommunistisk diktatur og overvaking.

SSB skriv også kva norskkunnskap har å seie for tillit: «Analysene viser ellers en særlig sterk sammenheng mellom norskferdigheter og generell tillit.» Men dei trekkjer ikkje konsekvensen av dette for polske arbeidsinnvandrarar, som i motsetning til asylantar og deira pårørande verken får gratis norskutdanning eller 0,4 mill i integrasjonsstønad over 2 år.

Påstanden om at kristne innvandrarar er mest skeptiske til andre, er difor utan dekning, ja, direkte villeiande.

Når det gjeld tilliten til samfunnsinstitusjonane, minkar denne med aukande religiøs aktivitet hos muslimar, men minkar sterkt med aukande religiøst engasjement hos «kristne», slik ein kan sjå av Figur 4.

Mistilliten til det offentlege Noreg er særleg stor blant lite engasjerte «kristne» (i realiteten sekulære polske arbeidsinnvandrarar). Mykje tyder på at det er mistillit til norsk barnevern som her slår ut. I så fall handlar dette om ulik kultur og negativ medieomtale, men også om skepsis med reell og god grunn. Denne mistrua kan også ha gått utover den generelle tilliten til andre personar.

«Muslimer mest engasjert i ikke-religiøst, frivillig arbeid»

Figur 5 viser deltaking i frivillig gratisarbeid for sekulære organisasjonar. Både for «kristne» (les: polske arbeidsinnvandrarar) og muslimar er det ein klar tendens til at personar som er meir aktive og engasjerte religiøst, også er det for sekulære organisasjonar, men med muslimar på eit høgre nivå for alle grupper.

Det slår meg at resultatet ville blitt stikk motsett om ein laga diagram over sysselsetjinga blant desse to gruppene. Når berre 9 prosent av t.d. somaliske kvinner arbeider 30 timar i veka eller meir, har den store majoriteten av dei god tid til å delta i ulike etniske foreiningar, til overmål finansiert av offentlege tilskot. Polske arbeidsinnvandrarar må derimot gå på arbeid og til liks med andre skatteytarar også finansiere underhaldninga for asylinnvandrarar som har vore her mykje lenger.

Ved jobbsøknad er det gjort éi undersøking som viste at personar med muslimske namn har 25 prosent større risiko enn andre for ikkje å bli innkalla til jobbintervju. Svara i den aktuelle spørjeundersøkinga viser derimot ikkje noko som tyder på forskjellsbehandling på grunnlag av religion på sjølve arbeidsplassen; sjå Figur 6.

Både utvalet og inndelinga av respondentane, spørsmålsstillinga og tolkinga synest eg er tendensiøs. Viss årsaka ikkje berre er slett handverk, ligg det nær å mistenkje at føremålet er å bagatellisere dårleg integrering blant muslimar. Ein sentral integreringsfaktor som deltaking i arbeidslivet er t.d. ikkje nemnt i det heile. Med tanke på arbeidshistorikken til muslimske innvandrargrupper, er dette å «pynte purka». I staden er kristne urettmessig hengt ut.

 

Kjøp Sir Roger Scrutons bok «Svindlere, svermere og sjarlataner» fra Document Forlag her. Nå satt ned fra 399 til 230 kroner!