Sakset/Fra hofta

Fra Islamic Cultural Centre i Oslo. Foto: Bente Haarstad.

Regjeringa varsla 22. august at arbeidet med ein handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimar hadde starta. Diskriminering kan rapporterast av dei som opplever det, medan hat er ei kjensle ein berre kan slutte seg til eksistensen av hos personar som brukar svært grove ord eller utfører ekstreme handlingar.

Data frå Levekårsundersøkinga (LKI) blant innvandrarar i 2016, med vel fire tusen respondentar, viste (Figur 6) litt større risiko for ikkje å bli innkalla til jobbintervju for personar med muslimske namn, men ikkje meir diskriminering av muslimar enn av kristne, andre truande eller sekulære på sjølve arbeidsplassen. I Integreringsbarometeret for 2018 gjev likevel 47 prosent av dei spurde utrykk for meir eller mindre skepsis til muslimar. Men LKI viste at om lag like stor del av muslimske innvandrarar hadde liten eller under middels tillit til nordmenn (Tabell 16.1), så skepsisen ser ut til å vere gjensidig.

Det er flott at så få opplever diskriminering, men kva kan vere årsaka til den store mistrua til muslimar? HL-senteret kom i 2017 med ein rapport som peikar på ei mogleg årsak. Heile 47 prosent av dei spurde var samd i påstanden «muslimane sjølv har mykje av skulda for aukande muslimhets» (sjå Samandrag side 2).

At muslimar i aukande grad blir hetsa, er i seg sjølv ein udokumentert påstand. Men hovudpoenget er kven respondentane tenkte på som «muslimane». Det kan knapt vere det store fleirtalet av fredelege muslimar i Noreg, for dei har iallfall inga skuld. Men det kan vere dei par hundre gjengkriminelle i Oslo med bakgrunn frå muslimske land, dei fleire tusen pakistanarane som var med på drosjejukset i Oslo, dei mange hundre jihadistane som har stått bak titals terroråtak i Europa, dei tusentals framandkrigarane frå Europa som slutta seg til IS, dei shia-islamistiske styresmaktene i Iran eller den sunnimuslimske wahabismen i Saudi-Arabia.

Med så lågt presisjonsnivå kan ein dessverre ikkje dra sikre konklusjonar. Ein kan iallfall ikkje på grunnlag av dette påstå at ein tredel av befolkninga i Noreg har «negative stereotypier om» eller «utpregede fordommer mot» muslimar, slik HL-senteret gjer. Men sjølv frå slike haldningar er det eit godt stykke til direkte hat.

Muslimar flest lever trygt og godt i Noreg, i motsetning til det både deira eigne trusbrør, for ikkje å snakke om kristne innbyggjarar eller asiatiske framandarbeidarar, gjer i muslimske land. Dette gjeld både koptarane i Egypt, som framleis tel mange millionar, og den no svinnande gruppa kristne som har eksistert i Syria og Irak sidan oldtida.

Og stadig fleire ser at rasismen retta mot majoritetsbefolkninga blir både meir vanleg og meir valdeleg i Vest-Europa. Vi såg det i Oslo sist helg i form av ei rekkje overfall på tilfeldige personar. I fleire engelske byar har tusenvis av jenter blitt systematisk misbrukte seksuelt av vaksne menn, dei fleste innvandrarar frå Pakistan. Og både i Sverige og Frankrike har politiet tapt kontrollen over innvandrartette område i mange byar, slik at forbrytarane får herje fritt og krige om narkotikasalet.

Soloterroristar som er meir eller mindre skrudde mentalt, men held seg under radaren, er det uansett vanskeleg å verje seg mot. Ein handlingsplan med brodd mot halve befolkninga kan knapt stanse liknande valdsmenn, men vil heller auke enn minke motviljen mot muslimar mellom folk flest. Det er ingen tent med.

 

Støtt Document

Du kan enkelt sette opp et fast, månedlig trekk med bankkort:

Eller du kan velge et enkeltbeløp:

kr

Du kan også overføre direkte til vårt kontonummer 1503.02.49981

Vårt Vipps nummer er 13629

For Paypal og SMS se vår Støtt Oss-side.