Kommentar

Eit tomrom er blitt stadig større i det europeiske huset.
Eit flott hus! Men stadig oftare med få eller ingen barn. Historikarar vil, om dette held fram, ein gong kunne forklare Europas undergang om lag slik:
Abortar og P-pille-forbruk og låg fødselsrate hang nøye saman. Dei fruktbare kvinnene hadde betre råd i vid forstand til å få barn enn nokon sinne i historia, betre økonomi, betre jordmor/legehjelp til trygg fødsel for mor og barn.

Men kvinnene hadde ikkje tid.

Dei gjekk frå barnepass og oppseding frå»kjøkkenbenken» ut i arbeidslivet, for å få endå meir pengar. Med dei forsvann det sosiale livet i bykvartalet, i bygdene, og det vart stusseleg for dei som ønskte å vere heime i tome bygder og bykvartal. Derfor drog dei òg.

Det er heva over tvil at dei som sette borna frå seg i barnehage og drog «på jobb,» gjorde sine land stadig rikare Dei fekk også råd til saman med sin ektefelle – sambuar – til å bo i stadig dyrare hus, stadig meir lettstelte, med fleire bilar, fleire sydenreiser.

Etter nokre ti-år var det synleg for alle som ville sjå at her var det skapt ein ny type sivilisasjon. Blant dei som ikkje ville sjå, var dei som skulle ha slått alarm: MEDIA. Dei fortel oss om mangt som hender eller som kan hende, dei ser stadig oftare trea, men ikkje så ofte skogen.

Ville den sivilisasjonen som er skapt i stor velstand vare? Det kan den ikkje, for Europa fekk berre ei eldrebølgje, inga barnebølgje.

Ein sivilisasjon som vel bort barna er sjølvsagt ikkje liv laga. Men tomromet som er skapt i vår rekordstore velstand, ser nå ut til å bli fylt av framandt folk som kjem frå Middelalderen.

Mennesket er like mykje verdt, kva kultur det enn har. Men det uroar at dei kjem med sitt middelaldersyn på menneskeverdet, og for ein stor del held fast på det i sitt nye heimland. Millionar av muslimar dundrar på europeiske dører. Millionar har alt sleppt inn, nye millionar kjem. I rikshovudstaden blir det i ikkje fjern framtid muslimsk fleirtal. Etter som muslimar flest motset seg integrasjon i det norske samfunnet, vil muslimsk kultur bli dominerande i Oslo. Truande muslimar ser på vår sivilisasjon som dekadent, til dels med rett – rikdom røyner på. Dei ser på den kristne tru som vantru.

Islam er i følgje Koranen ein politisk- religiøs ideologi. Ein kristen kan konvertere til islam og gå trygg til sengs for seg og sine. Ei jente i vår kultur kan fritt velje sin ektemake – sambuar. Ein muslim som konverterer til kristendom er i fåre. Ei muslimsk jente risikerer livet om ho gifter seg utan samtykke frå foreldre eller brør.

Der er mange eksempel på at konvertering frå islam har kosta dyrt. Mange omkring på jorda har fått betale med sine liv. Islam er milelangt unna det frie samfunn som er skapt i Vest-Europa.

Det ser ut til at vårt europeiske hus, vårt norske inkludert, kan få sitt tomrom fylt, og dermed sin livsstil endra i ei retning svært få etniske europearar ønskjer, ei omvending som mange ser på som ei uoppretteleg ulukke. Kvifor reiser ikkje folkefleirtalet seg, og ved første høve kastar politikarar som har ansvaret for masseinnvandring av folk som ikkje vil bli nordmenn, som er fiender av det som er mest verdt i vårt land, demokratiet, ytringsfridomen, menneskeverdet?

Ein stor amerikansk forskar på Europa, ein beundrar av europeisk kultur, samanliknar Europa med eit tog som sakte – i slow motion – går av sporet. Vi kan ennå ei tid leve som før, med våre tome kyrkjer, vi kan reise til Syden, utstyre vårt hus meir luksuriøst. Der vil ennå vere to inntekter å ta av. Og vi kan seie med den franske førrevolusjonære kongen: Etter oss kjem syndfloda. Ho kom som kjent og skylte bort kongen og hans hoff og meir enn det.

Skal vi la VÅR sivilisasjon bli skylt bort og bli erstatta av islamsk kultur?
Ikkje alt i Europa er dekadent. Der er ufatteleg mykje stort og godt i vår kultur. Det var i Europa tanken om det ukrenkelege, den evige sjel i mennesket, slik Kristus lærde, vart lyft opp. Den står som eit lystårn for alle folk, som vil sjå. Trass i fryktelege krigar har Europa bygt vidare på Kristi lære om mennesket Det gjer jamvel dei som fornektar Kristus!

Det er livsviktig at Storting og regjering reviderer sin innvandringspolitikk. Vi bør halde fram å ta i mot folk som søker asyl. Dei er fridomens folk. Vi må berge deira liv.Vi treng desse kjempene. Dei fornyar og forsterkar vår kultur! Men masseinnvandringens tid må nå ta slutt, elles blir det slutten for det Norge vi elskar, som mange døde for i vår tid.

Slutten kan likevel kome for vår kultur, dersom det ikkje på nytt blir plass for borna. For det er tomromet – i dobbel forstand – som trugar Norge og Europa.

Les også

-
-
-
-