Gusse Bades barn utkledd som mann og kone i en hage. Foto: Rigmor Dahl Delphin (1908–1993) / Byhistorisk samling, Oslo Museum via digitaltmuseum.no (CC0 1.0 deed).

Denne skrivaren bur i gamle Noreg. Der har det i alle år berre vore to kjønn: mann og kvinne.

Rett nok er det eit lite unntak frå denne regelen: For kvar 100.000 fødslar kjem det ein såkalla hermafroditt (oppkalt etter kjærleiksguden Hermes). Det er to typar hermafrodittar: 1: Ser ut som gut, men er jente. 2: Ser ut som jente, men er gut.

Ja, no kan dei kunnige fortelja oss at det finst eit utal av kjønn og at borna i norske barnehagar samt skular får kunnskap om slikt. Dei vert bedne om å kjenna etter sjølve: Kva er du?

Seinare kan dei velja å skifta kjønn og gjennomgå operasjon samt få tilført hormon. Då får den tidlegare guten kvinnebryst og den tidlegare jenta skjegg eller bart, eller begge delar.

Elles veit eg svært lite om slikt som gamal mann. På folkeskulen der eg gjekk, var det berre gutar og jenter.

Det høver seg slik at eg har ein halvbror som bur i eit land der det berre er to kjønn. Me har felles far, men ulik mor. Halvbror min har eg aldri sett, men høyrt mykje om. Han har gått i tømrarlære og skal visstnok vera særs dugande i sitt fag. Vidare så er han flink å fortelja, men har ikkje skrive noko som helst – eg veit at han kan både lesa og skriva.

Men andre har skrive mykje om broremann min – og det er berre godord. Elles så vart han særs dårleg handsama av styresmaktene der han først budde, seiest det. No har han det godt på alle vis, men er som tømrar oppteken med å byggja husvære til mange. Han er snart ferdig med dette arbeidet.

No har eg teke avgjerda: Eg vil freista å reisa til det landet der min halvbror no bur – og der finst berre to kjønn: mann og kvinne. Denne skrivaren er snart 82 år. Så eg må be min halvbror om hjelp til å koma dit. Han veit nok vegen eg skal fara og hjelper meg vonaleg slik at eg kjem fram. Vidare så har han mange hjelparar som også held til i Noreg: Dei hjelper meg truleg også på denne ferda.

Det er nok ikkje lenge til eg byrjar på reisa. Vil du slå følgje med meg? Reisa er heilt gratis!

 

Kjøp «Normløst» av Kjell Skartveit her!


Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.