50 migranter er på vei fra Aten til Storbritannia for familiegjenforening 11. mai. Foto: Milos Bicanski/Getty Images

I dag, 26. mai, tek Stortinget stilling til om Noreg skal hente migrantar frå Moria-leiren på Lesbos, der 20.000 personar, ein firedel av dei barn, bur på eit område planlagt for tre tusen. Det seier seg sjølv at levekåra då er svært kummerlege. Isolert sett kan ein forstå at både hjelpeorganisasjonar, tidlegare statsrådar og dei fleste medium har argumentert for at mellom 20 og 500 personar, særleg sårbare barn, skal få kome til Noreg. Ikkje minst har Vårt Land teke til orde for dette. Men 16. april skreiv journalist Bjørgulv Bjåen i nettopp denne avisa ein artikkel med overskrifta «Moria-barna er gutar frå Afghanistan». Det var nemleg slike som kom på første flyet til Luxembourg. Ifølgje innvandringspolitisk talsmann for Høgre, Ove Trellevik, er elles 17-åringane sterkt overrepresenterte blant desse ‘mindreårige’. 

Tenåringane eller tjueåringane har ikkje som primært mål å kome til eit fredeleg, men til eit rikt land, slik at dei kan få eller tene pengar til hjelp for familien og dessutan greie å betale kreditorane for reisa, som gjerne har kosta åtti tusen kroner eller meir, dvs. mange årslønner i heimlandet. Trass vedvarande borgarkrig har folketalet i Afghanistan auka frå 8 til 37 millionar frå 1950 til i dag, og er venta å auke til 64 millionar i 2050. Dei tilsvarande tala er 3,5, 19 og 32 millionar for Syria og 3,3, 5,4 og 6,4 millionar for Noreg, men i dei to siste tala hos oss er inkludert ei innvandrarbefolkning på høvesvis 1,1 og minst 2,4 millionar. 

Både kolonialisme og å søkje seg «Lebensraum»/livsrom på andre folk sitt territorium er for lengst dømde som umoralske. Kvart land, folk, lokalsamfunn og ekteskap må stå til ansvar for følgjene av eigne val og eigen kultur. Større folkevekst og forbruk enn Jorda kan bere er årsak til forureining, klima- og ressursproblem, og til konfliktane som slike problem skaper. Likestilling, utdanning og familieplanlegging er det einaste som kan hindre samanbrot i muslimske, afrikanske og søramerikanske land, og i neste omgang, via migrasjon, same katastrofe i våre europeiske. Men når islamske Boko Haram («Utdanning er synd») får herje nord i Nigeria og i nabolanda, og jenteskular blir bomba av eit Taliban på veg attende til makta i Afghanistan, lovar det ikkje godt for framtida, uavhengig av kor mange frå Moria-leiren som får kome til Vest-Europa. Ikkje berre Moria-løysinga, men alle varige løysingar, finst berre ved fred og reform på heimebane.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.