Kommentar

Lomseggen. Foto: rubb

Når avlinga sviktar, snakkar vi om eit uår. I Kongsspegelen er uår også brukt i overført tyding: «Uår i folket» eller «uår i seder, mannevit eller framferd hjå dei som skal styre landet». Bildet passar spesielt godt når det er snakk om manglande vilje til å setje nok barn til verda, for barna er bokstaveleg talt frukta av vårt liv.

Nordmenn ligg på topp i oppgitt livsglede, men gleda kan bli kortvarig utan ei etterslekt som kan føre tradisjonar og samfunn vidare. Ein kultur som ikkje reproduserer seg, er dysfunksjonell, slik sosiologiprofessor Sigurd Skirbekk skreiv for tjue år sidan. Slagferdige Steinar Bastesen sa det same på kystfolks vis: «Ei lasta skute og ei gravid kvinne vitnar om optimisme og tru på framtida». Grafen som viser samla fertilitetstal (SFT) i femårsbolkar frå 1926 til 1970, gjev han rett. Der kan vi sjå at fødslane vart færre i dei økonomisk vanskelege 1930-åra, men auka til ein topp i åra mellom 1955 og 1965, då folk opplevde fred og framgang:

Kilde: Tabell 08556 i SSBs statistikkbank.

Men fallet frå 1970 til 1976 var dramatisk; sjå graf under. Prevensjon og utdanningseksplosjonen er nok hovudårsaka, men legar i delar av landet forskotterte også abortlova. Etter den tid har ikkje SFT vore over 2,0, medan reproduksjonsgrensa ligg på knapt 2,1.

Kilde: Tabell 04232 i SSBs statistikkbank.

Desse tala gjeld alle kvinner i befolkninga og inkluderer difor fertiliteten til innvandrarkvinnene. Deira SFT har jamt over vore høgre. Det gjeld ikkje minst for somaliske kvinner, som også har lite utdanning og låg sysselsetjing. Unntak finst. Ein fersk artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening handlar om ei ung somalisk kvinne som nett er ferdig med legestudiet. Det er flott, men ho har heile 16 sysken!

Den sterkt fallande fertiliteten siste tiåret var nyleg tema for ein annan artikkel i same tidsskrift. Dessutan har professor Anne Eskild skrive mykje sant og rett om kvifor kvinner ønskjer abort, vil ha få barn og utsetjer barnefødslane så lenge at risikoen for komplikasjonar og infertilitet aukar. Den felles årsaka er støtteordningane som er laga slik at dette svarar seg økonomisk for kvinnene, medan det ville vore betre for både dei og samfunnet om fødslane skjedde i 20-30-årsalderen.

På eit par punkt tek truleg Eskild feil. Dei fleste innvandrarkvinner samanliknar nok ikkje fødselsstønaden dei får med norske kvinners lønna fødselspermisjon, men heller med levekåra i landet dei kjem frå. Viss dei likevel gjer det, meiner kanskje styresmaktene at forskyving av fødslane er prisen vi må betale for incitament til utdanning og yrkesliv også for kvinner frå Afrika og vestasiatiske land.

Men for få fødslar kan også kome av manglande tru på framtida i eit samfunn med større endringar, ikkje minst demografiske, enn folk greier å leve med. Andre kan kvi seg for å setje barn til verda når dommedagsspådommar i ulike versjonar strøymer frå filmar og fjernsyn kvar dag.

Den demografiske katastrofen handlar ikkje berre om at det norske folket vil bli dramatisk redusert når vi i dei store årskulla frå 1943 til 1972 fell frå. Men like avgjerande er det at styresmaktene har godteke massiv innvandring av folk frå Asia og Afrika, som verken vil eller kan bere vår kultur vidare. Sjølv for austeuropearar tek det tid å bli ein integrert del av folket:

Kilde: Tabell 05183 i SSBs statistikkbank.

At grunnlaget er lagt for massiv, men gradvis «utskifting» av befolkninga, både lokalt og nasjonalt, treng ein ikkje vere konspirasjonsteoretikar for å sjå, slik Nina Hjerpset-Østlie grunngjev godt. Ho nemner der m.a. Flora kommune. Vi budde halvtanna år i Florø midt på 70-talet. Den einaste afrikanaren eg trefte var Olav Joleik, sonen som Albert Joleik hadde med heim frå Kongo i 1908. Tretti år seinare kom eg til Florø på sykkeltur og prøvde å finne huset vi hadde budd i og treffe gamle naboar. Men alle eg då støytte på, var mørkhuda. Det hadde gått troll i ord, for alt i 1975 vart byggefeltet kalla Bangladesh på folkemunne, fordi området var myrlendt og husa var bygde på pålar.

Spørsmålet er difor ikkje om det skjer ei utskifting av befolkninga eller ei, men kor langt og raskt denne prosessen vil gå og i kva grad han var og er planlagt. I boka «Det internasjonale gjennombruddet» viser historieprofessor Terje Tvedt til ei rekkje utgreiingar og stortingsmeldingar der iallfall multikultur er nemnt som mål. Men det inneber ikkje nødvendigvis ein liberal innvandringspolitikk i åra som kjem. Det gjekk tretti år frå 1970 før eg sjølv forstod kva veg det bar, så eg har ikkje moralsk rett til å klandre andre som heller ikkje såg dette før hundreårsskiftet. Men det massive fleirtalet i media, akademia, humanitære organisasjonar, Den norske kyrkja og NGO som framleis pressar på for meir innvandring, må vere klar over konsekvensane. Derfor bør dei stillast til ansvar, om ikkje anna, så iallfall moralsk. Det same bør skje med politikarar som stadig gjev etter for dette presset. Dei er valde for å styre Noreg til det beste for folket som budde her, og ikkje for å skaffe landet eit nytt.

 

Kjøp Halvor Foslis bok her!