Kommentar

Bilde: Romerne bygget grensemurer som fortsatt står. Grensemurer har alltid eksistert opp gjennom historien, fra den kinesiske mur til den kalde krigens «jernteppe». Forestillingen om at murer skulle være noe uhørt savner dekning. Foto: Fra dagens Kesteren i Nederland, som på romersk tid het Carvone.

Propagandaen for det grenselause er i dag sjølv grenselaus. Eitt eksempel er svenske «Cirkus Cirkör«, som i desse dagar er på noregsturné, frå Harstad i nord til Fredrikstad i sør. I omtalen av framsyninga «Limits» står det slik:

«Någon har ritat streck och delat in världen i olika begränsade delar. Vi bygger staket runt våra trädgårdar, murar, stängsel, har beväpnade arméer runt våra länder. Men människan har aldrig velat stanna på ett och samma ställe.»

20. og 21. mars var dette «nysirkuset» i Fosnavåg konserthus, der andre dagen var sett av til visningar for elevane i ungdomsskulen og vidaregåande skule i Herøy og Ulstein. «Må tidleg indoktrinerast for god globalist å bli», kan ein kanskje seie med omskriving av eit kjent ordtak. I lokalavisa fekk framsyninga flott førehandsomtale og vart grundig referert i etterkant. «Kulissane» for akrobatikken var bilde frå den bomba syriske byen Aleppo, projisert på veggane i lokalet.

Påstanden ovanfor om at grenser generelt er laga ved at «nokon» har dratt tilfeldige strekar på kartet, er vél enkel. I mange tilfelle er grensene skapt av naturlege barrierar, som hav, innsjøar, fjell, skog og elvar. Der slike ikkje finst, kan det vere ulik etnisitet, kultur, religion og språk som har gitt grunnlaget for grenser. Men gjennom historia har maktforhold, erobringar og folkevandringar endra dei mange gonger, men aldri utan konflikt, krig og mannefall.

For å unngå ein reprise på slike katastrofar, fekk vi etter Trettiårskrigen fredsavtalen i Westfalen i 1648, som skulle regulere statsrettslege og territorielle spørsmål i Europa. I Versailles-traktaten etter den første verdskrigen prøvde Ententemaktene så langt råd var å skape grenser etter nasjonalitetsprinsippet, som inneber at kvar nasjon (folkegruppe) får råderett over sitt område. Dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn og Det osmanske rike vart delte opp på denne måten. Både borgarkrigen i det tidlegare Jugoslavia på 1990-talet, kurdisk frigjeringskamp i Tyrkia, Syria, Iran og Irak, og konflikten mellom sjia- og sunnimuslimar i Syria og Irak har skjedd i statar der denne oppdelinga ikkje gjekk langt nok.

Den andre verdskrigen førte til at også tyskarane vart samla til ein nasjonalstat, om enn ved fordriving frå Aust-Preussen, Posen, Pommern, Schlesien og Sudetenland. Tre tiår seinare, i 1975, slo Helsingfors-konferansen fast at dåverande grenser i Europa skulle vere ukrenkjelege. Med overtaking av Krim-halvøya og konflikten i Aust-Ukraina viser Russland at landet ikkje lenger vil respektere dette. Ei muleg forklaring på endra haldning er oppløysinga av Sovjetunionen, som skapte store russiske minoritetar i dei nye, sjølvstendige republikkane.

Aller mest etnisk oppstykka er Afrika. Mange legg skulda for konfliktar på europeiske stormakter, som ved grensedragning delte heile 190 kulturelle grupper mellom to eller fleire koloniar. Endå meir konfliktskapande var nok samanslåinga av ti tusen etniske grupper til førti afrikanske land, dvs gjennomsnittleg 250 i kvar av dei. Derfor har alle afrikanske statar sør for Sahara fleire offisielle språk og eit utal av stammespråk, og mange interne konfliktar gåande. Men nasjonalitetsprinsippet, om det er aldri så bra, var umuleg å bruke på eit slikt lappeteppe. Og sjølv Den afrikanske union har heile tida hatt eit konservativt syn på grenserevisjonar, av frykt for at dette skulle utløyse nye krigar.

Mange menneske må difor lære å leve i lag i dei samfunn som historia har skapt. Dét burde vere muleg for folk som har levd nær kvarandre i hundretals år. Men dagens innvandring til Europa handlar om noko heilt anna. Dette blir underslått både i den omtalte framsyninga og i det meste som blir skrive og sagt om innvandring elles òg. I Brochmann og Kjeldstadli si bok om «Innvandringen til Norge 900-2010» (Pax 2014) på 550 sider, er halvparten brukt til omtale av den minimale innvandringa fram til 1970, m.a. om dei 1500 ungararane som kom etter opprøret mot Sovjet i 1956. Men nær 99% av innvandrarane og deira barn har kome seinare eller er fødde her. Med innvandring av millionar av muslimar, frå Marokko i vest til Pakistan og Afghanistan i aust, har kvart einaste vesteuropeiske land fått sitt minoritetsproblem, langt større enn dei som fanst på kontinentet frå før. Dessutan synest denne innvandringa ingen ende å ta, men aukar år for år og representerer ein trussel for opphavlege innbyggjarar, både demografisk, kulturelt, økonomisk, og reint fysisk i form av kriminalitet og terror.

Perspektivet i denne sirkusframsyninga er sjølvsagt eit heilt anna, nemleg flyktningane sitt, for ho er laga for å appellere til vår emosjonelle side og ikkje vår rasjonelle. Under opninga er scena dekt av ein blafrande duk, som imiterer vassoverflata. Folk prøver å symje over, men druknar. På gebrokkent engelsk lyder ei røyst:

«Då eg var barn og tok båten frå Finland til Sverige, prøvde eg å kjenne kvar grensa gjekk, men eg kunne ikkje førestille meg ei grense i havet, som alltid er i rørsle.»

Ein annan som ikkje kunne «se den grense under vann», var Harald Heide Steens russiske ubåtkaptein. Ei slik forståing av grenser burde ikkje gå heim i Herøy og Ulstein, der folk lever nettopp av dei fiske- og oljeressursane «under vann» som Noreg gjennom forhandlingar har fått eigedomsretten til. Men så langt trur eg ikkje nokon av tilhøyrarane tenkte. Om denne litt schizofrene splittinga mellom realpolitikk og idealpolitikk skriv Helge Lurås slik i boka «Hva truer Norge nå?»:

«Den idealistiske universalismen har inntil nyleg hatt moment i Norge. Men den realpolitiske dimensjonen finnes fortsatt nedarvet i de institusjoner som utformer og utøver utenriks- og sikkerhetspolitikken. Til tross for at man av og til kan få inntrykk av at Norge utvikler seg slik, har ikke landet oppstått for å virkeliggjøre et romantisk, altruistisk og universelt potensial. Nordmenn, i likhet med folk flest, er (også) territorielle og egoistiske…. Norges fjell, daler, elver, morener og kontinentalsokkel «tilhører» nordmenn, og fortsettelsen av denne tilstanden er det opprinnelige rasjonale for mange institusjoner, ikke minst Forsvaret, Forsvarsdepartementet og Utenriksdepartementet. Norsk pensum og kultur er i sin historiske form (fortsatt) nasjonalistisk og gir moralsk støtte til verdien om at den norske stat er til for å tjene nordmenns interesser.«

I tidlegare tider var det rekna som ei dødssynd å flytte på merkesteinane, for på den måte å tileigne seg jord som ein annan hadde dyrka opp. Men Noreg er ikkje berre jord som gjennom hundrevis av år er frigjort frå steinurd og røter, og hav som vi har fått hevd på etter generasjonars farefulle ferd på sjøen. Landet har også spart opp ein finansformue på sju tusen milliardar og har ein infrastruktur med gigantisk verdi. Dei som krev opphaldsløyve i landet vårt «flyttar også på bytesteinane» i den forstand at dei gjer krav på sin del av alt dette, til liks med innfødde som har arva eller bygt det opp. I tillegg får eit innvandrarektepar 370 tusen i introduksjonsstønad, dvs hundre tusen meir enn underskrivne får i alderspensjon frå folketrygda etter 36 års innbetaling av høg pensjonspremie. I tillegg får dei 120 tusen for kvart barn mellom 18 og 25, barnetrygd, gratis skule mm.

For fire år sidan skreiv eg innlegget «Grenser er eit nødvendig gode» på Verdidebatt, der eg drøfta vår tids grenseløyse på fleire område. Der slutta eg om lag slik:

Gode gjerde gjev godt forhold til grannar. Personleg trur eg klare grenser er den beste garantien for fred og harmoni både innanfor og mellom sjølvstendige statar. I mi barndoms bygd hadde den slagferdige Pe-Johan eit fyndord å kome med i einkvar situasjon. Etter at han fekk klage over at nokre av krøttera kom over til naboen, lovde han både seg sjølv og grannen dette: «Eg skal byggje gjerdet så høgt at det skal ikkje kome over ein vond tanke, nokon av vegane!»

 

 

 

 

Mest lest

Den franske tragedie