Gjesteskribent

Av RAGNAR ULSTEIN

Da klokka var slått 12 nyttårskveld, og fyrverkeriet var i gang, det mest forgjengelege av alt, ringte ein ukjent krigsveteran. Det ringer mest alltid ein krigsveteran nyttårsnatt. Høflege folk. Oftast såra. Det var også denne. Dei har ei sterk fortid. Familien til han som ringde i år, hadde gøymt russiske krigsfangar. Det var nok for verten til å kunne forsvinne i ein dødsleir

Ein onkel hadde hjelpt unge menneske frå Oslokanten vestover, og var blitt tatt. Han fall saman med 17 englandsfararar på Trandum i april 1942. – Folk flest har gløymt dette, sa mannen sørgmodig, kva tider der var, kva vi måtte gjennom og kva mange måtte betale.

Men det står i historia, sa eg så sterkt eg kunne – til oppmuntring for seinare generasjonar. Der finst ennå folk som les historie. sa eg. Du er av sterk slekt. Framtida treng den, treng dei du miste.
Men mannen var ennå usikker då han la på røret..

Han som ringte hadde grunn til uro som all historie viser. Det er ennå kort veg frå Palmesøndag til Skjærtorsdag. Tusenvis av krigsveteranar fekk svære vanskar, helsevanskar og økonomiske og det måtte kjempast i 23 år før ein anstendig krigspensjon vart vedtatt av Stortinget.

Det kom fram at vi er omlag i same alder, han litt yngre. Så har vi det til felles at vi vaks opp i ismene si tid. Det var vald og trugsmål om vald i verda rundt oss. Diktatur hadde grodd opp under ulike namn. Demokratia heldt seg for øyra i staden for å herde seg mot stormen. Moskvaprossessane 1936 vekte ikkje verda… Alarmklokker som må ha ringt då Nazi-Tyskland i 1935 vedtok Nürnberglovene, som gjorde hundretusenvis av tyske jødar rettslause, var det heller ikkje mange som høyrde. Krystalnatta 1938 var statsorganisert vald, plyndring og drap av jødar.

Hvert jødisk hjem ble smadret, hver jøde, stor eller liten ble rundhjult. 50 000 jøder ble satt i konsentrasjonsleir, 500 synagoger ble brent. Jødene måtte selv betale en million mark til dekning av ødeleggelsene, skriv Anton Blum i Jødenes vei gjennom historien.

Det vart inga norsk folkerørsle mot det som skjedde – så langt unna som Tyskland!
Den store Thomas Mann skreiv i ei helsing til amerikanske studentar som hadde reagert med avsky: «vi lever i ei verd som synest å ha falle ned i moralsk apati».

Det folk først og sist var redde for var ein ny storkrig. Og ein måtte ikkje tirre tigeren! Mange som åtvara mot Hitler vart avfeia som krigshissarar. Kven i dei farlege tidene ville ha eit slik ord på seg? Eit frykteleg ord då som nå. Du vart avvæpna i ein skuledebatt, dersom du fekk det ordet slengt i ansiktet.

Moskvaprossessane i 1936 hadde gjort ein god del av oss av oss til antikommunistar. Ikkje så bra det heller. I mi klasse på Volda gymnas i 1938-39 hendte det ikkje sjeldan at historielæraren slapp laus ein debatt om diktatur og demokrati. Eg hadde året før sett bilde i lokalavisa av ein jødisk flyktning som hang død i piggtråden ved den hollandske grensa. Det bildet sa alt, frå då av var jødane venner for livet, nazistane fiender for livet.

Ein kan kanskje seie at krigen begynte då, med overfallet på jødane – før München 1938, og at den vart nesten tapt i München, då «appeasement-politikaren, statsminister Neville Chamberlain, for fredens skuld selde deler av Tsjekkoslovakia til Nazi-Tyskland.

Hitlers triumf knuste tysk opposisjon og bana vegen til verdskrigen. Eg var så ung og uvitande, og kunne ikkje forstå at kloke menn i vår regjering ikkje forsto! For så høgt elska nordmenn og andre i Europa freden at dei med jubel ofra Tjsekkoslovakia. Chamberlain vart helten vår. Aldri er eg blitt så utskjelt som då eg kom til å seie mi meining om Chamberlain til ein klok, eldre nabo. Har aldri gløymt hans redde raseri.

I skoledebattane like før og etter München, reiste elevar seg i mi klasse og ropte: – Leve Pangermania. Det kom automatisk svar frå ein medelev som ropte: – Leve proletariatets diktatur! Samanlikna med dei høgrøysta talsmenn for -ismene i min klasse, verka mitt forsvar for demokratiet så udramatisk, det var den velkjente kvardagen. Det hissa ingen opp. Demokratiet hadde nå heller lite å rose seg av. Dei hadde ikkje klart seg bra i den økonomiske krisa. Og dei store demokratia hadde late Mussolini erobre Etiopia, og hadde ikkje løfta ein finger for å hjelpe jødane, og dei hadde sett ein annan veg då Hitlers styrkar rykte inn i Saar og seinare Østerrike.

Politikarar flest i alle demokratiske land vakta sin ord. Raserianfalla til Hitler skræmde. Boka hans, Mein Kampf, viste at han kunne finne på kva som helst. Kva som helst! Ein måtte ikkje forverre fredsutsiktene med å uttrykte seg provoserande. Historia har alt gjentatt seg! Men med slør.

Den gongen, i 38-39 slo frykta inn i klassene – hos lærarane! Uansvarlege 18-åringar kunne tillate seg å vere grove mot folk som Hitler eller Stalin. Politikarar, rektorar og andre i den tids elite var mjuke, varsame, og der var ein tendens til å strekke seg langt for å forstå den som brukte vald og truga med krig og revolusjon.

Appeasement-politikk var den tids form for dialog, også i media, og mest i Aftenposten. Den vart driven langt, heilt inn i Noregs natt den 9. april, då vår utanriksminister ennå var usikker på om det var britiske eller tyske krigsskip som overfall landet. – Vi måtte for all del ikkje kome i krig med England! Omlag slik skriv Koht ein stad i sin biografi. Når ein måtte velje. Men Hitler valde for han.

Ragnar Ulstein

Les også

-
-
-
-
-
-
-

Les også