Kommentar

Namnet er kjent av alle i landet. Han er gått bort omkransa av folket han i sin ungdom sette livet inn for. Han var sjef for den såkalla Oslo-gjengen siste krigsåra. Innsatsen til denne gruppa av lingefolk og deira kontaktar vil vere kjent frå mange av hans bøker. Den vil også vere kjent frå hans tallause foredrag og kåseri, særleg i ungdoms- og vidaregåande skolar. Gunnar Sønsteby la ikkje ned alle våpen den 8. mai for 67 år sia. Han tok med seg historia om krigen og lærdommane den gav ut til gløymsam ungdom, han talte forsvarets sak med glød og med humor. Han gløymde ikkje dei mange tusen som var blitt såra i krigen. Då kampen stod som hardast i 1955-68 for krigsinvalidane og krigsenkene si sak vart Gunnar Sønsteby vår fremste talsmann. Han hadde gode kontaktar oppover, særleg til den gamle milorgsjefen Jens Chr. Hauge. Med Sønsteby og Hauge i brodden for Krigsinvalidenes Venner fekk landet ei ny pensjonslov som rette på gammal bitter urett. Omkring 3000 fekk i 1967 krigspensjon etter den gamle ordninga.Tre år seinare, etter den nye ordninga, var talet kome opp i 12000. Mange fleire kom med seinare.

På sine foredragsreiser fortalte ikkje Sønsteby berre om eigne bragder. Få har lagt så stor vekt på kyrkje- og lærarkampen som han. Det var då også her striden i krigsåra hadde stått mot Quislings og Hitlers forsøk på å nazifisere landet. Den striden vart ført av lærarar og prestar, samordna og støtta av Heimefront-leiinga, Dei risikerte livet for våre sjølvsagde verdiar. I dag er dei kanske ikkje det?

Då krigen var vunnen sto folket i hovudsak uskadd av nazsismen. Det er interessant at Sønsteby, krigaren og sabotøren, etter kvart i sine foredrag la stendig større vekt på den harde verdikampen som skole og kyrkje hadde ført.

Hitlers mål var å bygge opp eit samfunn for dei sterke. Dei svake og handicappa hadde hans forakt, og aller størst forakt hadde han for jødane. Da kampen var over hadde demokratiet med sine verdiar vunne over nazismen. Historias veldige verdikamp var vunnen – sant nok berre i vest Men til slutt, etter den lange periode med kald krig, braut det kommunistiske diktaturet også saman. I denne kampen – som mellom gjaldt styrking av forsvaret – var Gunnar Sønsteby ikkje berre aktiv ved skrivebordet, men ute blant ungdommen. Hans opplysningsteneste varde til han stupte, 94 år gammal.

Gunnar Sønsteby var ikkje ein ideolog.Grunnen han stod på var demokratiet.

Det blir sagt om dei store katedralane at dei aldri blir ferdigbygde. Det same gjeld demokratiet. Gunnar Sønsteby sto i ungdom, manndom og alderdom i fullt arbeid på vår felles katedral. Eg trur han syntes det var eit trivelig arbeid. Vi som lever, kan inspirert av han, med god tru fortsette.

Ragnar Ulstein

Ragnar Leif Ulstein (født 19. april 1920 i Ulstein) journalist, sakprosaforfatter og statsstipendiat, kjent for flere bøker om norsk deltagelse i andre verdenskrig. Under krigen var han løytnant i Kompani Linge.

Les også

-
-
-
-

Les også