Kommentar

– Når urett først slår rot, skal det styrke til å stå imot, heiter det i Ivar Aasens åtte vers om sanning som vart lese då statuen av Milorg-mann og major Oliver H. Langeland vart avduka på den gamle ekserserplassen på Malakoff i Nordfjordeid laurdag i vakkert ver og med fleire hundre menneske til stades. Langeland kjempa ikkje berre for demokrati og rettferd under krigen, men han førde kampen vidare gjennom å kritisera rettsoppgjeret etter krigen og skort på militær førebuing før krigen, ein skort han meinte la landet åpe for invasjon.

Det var kritikken av Nygaardsvold-regjeringa, som gjorde at Langeland vart ein ikkje-person etter krigen. Han skreiv to bøker, om rettsoppgjeret og om den sviktande forsvarspolitikken før krigen, som førde til at han vart stilt for retten. Fleire av påstandane hans vart kjende ugyldige og bøkene inndregne av Høgsterett. Det som falt styresmaktene tyngst for brystet, var at han meinte statsminister Johan Nygaardsvold burde ha vore stilt for riksrett på grunn av sviktande krigsførebuing. Og politikarar, embetsmenn og polititenestemenn som samarbeidde med nazistane, burde ha vorte stilte for retten i staden for alle dei passive NS-medlemane som ikkje hadde gjort anna enn å vera med i Nasjonal Samling.

Langeland var ikkje nokon kven som helst under krigen. Han fekk i oppdrag å byggja opp Milorg i Oslo og Akershus frå ikkje noko til å verta den største kamporganisasjonen i den norske heimestyrken med 7.000 mann under sin kommando. Då det byrja å brenna under føtene på Langeland på slutten av okkupasjonen, fekk han av Milorg-leiinga ordre om å flykta til Sverige med familien.

Det er lokalt initiativ og tiltak som har gjort at statua over Langeland kunne reisast. Forsvarsdepartementet og sentrale styresmakter uttrykte i byrjinga interesse i å vera med på å reisa minnesmerket, men så trekte dei seg, opplyser journalist Arvid Bryne. Han har vore viktig i arbeidet med minnesmerket og ga i 2012 ut boka «Krig og sannhet» om Langeland-saka. Ei bok, som i forteiingstradisjonen av sanning i Noreg, i stor grad ikke vart omtala i norske aviser då ho vart utgjeven.

 

Ingen militære sjefar eller representantar for dei sentrale styresmaktene var til stades då monumentet over Langeland vart avduka. Det var pensjonert sjef for heimevernet i H10, Gudmund I. Haugen, som stod for avdukinga. Mykje av det som kom fram om Langeland under rettsaka mot han, var feil, og ein god del var jamvel løgn, påpeikte Haugen i sin tale der han sa at Langeland ikkje berre kjempa for demokrati og rettferd under krigen, men også etter krigen.

-Dette er ikkje makta og makthavarane i Noreg sitt monument, det er folket sitt monument, sa ordførar Alfred Bjørlo i sin tale under avdukinga, og viste til motstanden mot å få reist statuen og det møysommelige arbeidet for å få det til.

-Eg trur at det har gitt oss mykje å reflektere over. Om kor farlig det er når det berre finst ei offisiell sanning og at dei som vågar å utfordra ho, vert handsama på den måten Langeland vart i åra etter krigen. For oss har det aldri vore nokon diskusjon. Sanninga skal fram. Rettferda bør skje. Den som har gjort ein slik innsats som Oliver Langeland gjorde under krigen, skal heidrast, sa Bjørlo.

langeland.byste

foto: Oliver Langeland hadde eit anna syn på kven som var heltar og skurkar under krigen enn det som er rådande i leiande, politiske og juridiske krinsar, og han var ikkje redd for å tala makta midt imot, påpeikte Bjørlo. Bysten er laget av Frode Mikal Lillesund. (foto: Inger Øyre)
Fråveret av representantar for det offisielle og sentrale Noreg under avdukinga syner at det framleis er fattigslege kår for kritikk av det som hendte under og etter krigen i Noreg. Monumentet bør vera ei oppmoding og ein inspirasjon til historikarar for å sjå med friske auge på ein del av norsk historie som sterke krefter har sett inn mykje på å tilsløra. Og det kan og vera god grunn til å tenkja over at to av dei framste kritikarane av den norske historiskrivinga om andre verdskrigen, har vore vestlendingar i opposisjon til «sanningsministeria» i Oslo. På Austlandet har ein jo ein sterkara tradisjon for å bøyga seg for sentralmakta, anten ho har vore plassert i København, Christiania, Kristiania eller Oslo. Den andre vestlendingen som tala makta imot under og etter krigen, var Toralv Fanebust, som også vart slept fram for retten og dømd til 9 månaders fengsel for injurie av riksadvokat Svein Arntzen. Han ga aldri opp kampen mot domen, men døydde økonomisk ruinert før han fekk saka si opp på nytt. Dokumenta frå saka mot Fanebust som ligg i Riksarkivet, er ikkje tilgjengelege før i 2025.
Begge disse to, Fanebust og Langeland, kjempa mot det som var det politiske korrekte i deira tid. Dei bør inspirera til kamp mot det politisk korrekte i dag som rår så sterkt på mange område, og som gjer at kritiske røyster vert (for)dømde, sjøl om dei ikkje vert stilte for retten.

 

 

Mest lest

Den franske tragedie

Folkesjela