Kommentar

Leiar for Sverigedemokratane, Jimmie Åkesson, var i går gjest hos Skavlan, men først på slutten av programmet (39 min ut i sendinga). Då måtte han sitje der åleine, like isolert som partiet hans har vore i svensk politikk og som han sjølv har hatt det som langtidssjukemeld pga depresjon og utmatting. Den til vanleg blide og vennlege Skavlan fekk brått panna full av rynker då han annonserte sitt siste intervjuobjekt, som om det var den personifiserte vondskap han venta på besøk. Smilerynkene kring auga var borte, medan panna vart lagt i djupe folder.

skavlan.åkesson

I første del av intervjuet var likevel Skavlan rimeleg høfleg og stilte fleire gode spørsmål. Men å spørje detaljert om behandling hos psykolog og bruk av medikament mot depresjon, er å gå over ei grense. Kjennskap til slike personlege opplysningar har ikkje offentlegheita noko krav på. Svært nedrig var det også å referere til påstandar om at Åkesson stilte opp fordi han trudde både han og Sverigedemokratane ville tene politisk på eit slikt intervju.

Ei dødssynd å stå på partiprogrammet og praktisere parlamentarisme?

Men då samtalen skifta til politiske spørsmål, gjekk det frå vondt til verre. Det var ikkje lenger snakk om eit intervju, men eit forhøyr, der Skavlan lente seg framover i ein aggressiv positur og avbraut Åkesson gong etter gong. Først tok Skavlan opp spørsmålet om Sverigedemokratane under Åkesson ville felle ei kvar regjering som gjekk inn for auka innvandring. Uavhengig av kva svar han fekk, vart spørsmålet gjenteke gong på gong, som om dette var eit fullstendig uakseptabelt standpunkt. Men politikarar som står på programmet dei er valde på, er grunnlaget for tillit til vårt representative demokrati. Og inga regjering kan styre utan å ha fleirtalet av dei folkevalde i ryggen. Det er det essensielle i parlamentarismen. Sjølv med nær ein million veljarar bak seg har likevel ikkje Sverigedemokratane makt til å felle regjeringa. Skjer det, har større partigrupper størst ansvar, også for å gje landet ei ny regjering.

«Kakerlakkar» i Sverige og Noreg

Dei viktigaste skuldingane Åkesson vart møtt med i ‘forhøyret’, var bygt på sitat frå partimedlemmer og -tillitsvalde på lågare nivå. Skavlan hadde leita grundig heile tretten år attende og frå denne tida funne ei handfull utsegner som han fann rasistiske. Det hjelpte ikkje at Åkesson sjølv tok avstand frå slik språkbruk og kunne fortelje at dei fleste personane det gjaldt alt var ekskluderte frå Sverigedemokratane. Viss andre partileiarar i Norden skulle stå til ansvar for alt medlemmene i partiet deira har ytra siste ti åra, ville det blitt folksamt i studio. Sjølv tidlegare justisminister Anne Holt kalla meiningsmotstandarane sine for «kakerlakkar» i ei twitter-melding. Eg kjenner ikkje til at ho er ekskludert frå Arbeidarpartiet av den grunn; heller ikkje at Jagland eller Støre har blitt kalla inn på teppet og stilt til ansvar for hennar utsegn. Det er såleis ikkje orda i seg sjølv som er problemet, men kven som kjem med dei og kven dei er mynta på.

Valkampvideo om å dra i nødbremsa merka «pensjonar» eller «innvandring»

Skavlan hadde likevel ikkje funne fram ei einaste upassande utsegn frå Åkesson. Kva skulle han då ‘ta’ han på? Jau, ein ti sekunds video produsert av Sverigedemokratane til valkampen i 2010. Der kan vi sjå to eldre kvinner med nokre burkakledde personar i hælane på veg fram mot skranken i eit vallokale. Der har dei to nødbremser å velje mellom, merka ‘pensjon’ eller ‘innvandring’. «Stereotypisk og rasistisk», påstår Skavlan, «det setter folkegrupper opp mot hverandre». Slik for så vidt også vårt eige Brochmann-utval har gjort, som seier at innvandring og velferdsstat let seg vanskeleg sameine. Eller som eg sjølv skreiv til slutt i innlegget «Innvandring og økonomi»: «Fram til då får alle innvandringsliberale seie ope og ærleg at dei prioriterer utlendingar framfor fattige, arbeidslause, sjuke, uføretrygda og eldre blant sine eigne landsmenn. Noko anna vil vere hykleri eller kunnskapsløyse.»

Hykleri og dobbelmoral. Verre å peike på eit problem enn å skape det?

Skavlan er hyklerisk når han skuldar Åkesson for dårleg framstilling og behandling av andre, men sjølv nettopp har gitt eit eksempel på slett menneskebehandling. Åkesson var roleg og beherska, svara høfleg på alle spørsmål og prøvde fleire gonger å forklare poenget med denne videoen. Men ved alle forsøk på å kome inn på politiske realitetar, vart han avbroten av Skavlan, som regel før han fekk ta ordet ‘innvandring’ i sin munn. Skavlan burde heller ha stilt regjeringspartia i Sverige gjennom dei siste tiåra til ansvar for det dei har gjort, eller dei styrande i Noreg i same periode, for den del. Men det skjer aldri, for å køyre heile land i grøfta økonomisk og sosialt, har vorte god og anstendig politikk, men å påpeike dette faktum er derimot unemneleg og moralsk forkasteleg. Og spørsmålet til Skavlan om ikkje Sverigedemokratane har vore ein pådrivar for eit polarisert og dårleg politisk klima, synest underleg all den tid politikarane frå dette partiet blir behandla som spedalske av sine kollegaer i Riksdagen.

NRK sitt ansvar

Vi er litt stolte over ikkje å ha privatfinansiert, politisk reklame i etermedia her til lands. Men kva skal venstresida med det, når to millionar husstandar er pålagde å betale nær tre tusen kroner kvar for positiv omtale av deira politikk og utskjelling av andre sin i NRK? I tillegg til desse seks milliardane kjem ein ekstra for pressestøtte til godkjende aviser og eit ukjent beløp til alle pressgrupper og særinteresser. Men eg synest trass alt eg får litt valuta for pengane, for NRK har enno mange program som er betre enn alt tøvet på reklamefinansierte kanalar.

Dette Skavlan-programmet er det likevel fleire enn eg som har reagert på. Her er omtalen i Aftenposten, Dagbladet og TV 2.