Poststemmer til det amerikanske presidentvalget ligger klare for opptelling i Philadelphia den 26. oktober 2020. Foto: Matt Slocum / AP / NTB.

Dei fleste meiningsmålingsinstitutta tok like mykje feil i år som i 2016. Då spådde dei at Hillary Clinton ville vinne med god margin, medan Trump faktisk vann avgjerande vippestatar, rett nok relativt knapt. No meinte dei Biden ville få ein braksiger, men det var så vidt båten bar.

Begge gonger var det dei mest uavhengige meiningsmålingsinstitutta, Rasmussen og Trafalgar Group, som fekk flest ærlege svar frå såkalla sky Trump-sympatisørar. Med allmenn fordøming av presidenten i media måtte folk kjenne seg sikre på at dei fekk vere anonyme før dei våga å seie si hjartans meining.

Hovudårsaka til at Biden no vann, handla sjølvsagt ikkje om personen Trump, for han forandra seg ikkje stort. Oppslutninga om Trump auka derimot med heile 11 % frå 2016 til 2020, frå knapt 63 til vel 70 millionar røyster. Sigeren til Biden er særs marginal, med overvekt på berre 7-34 tusen røyster i dei fire avgjerande statane når eit par prosent står att å telje. Betre gjorde han det ikkje, sjølv med media, FBI, CIA, Hollywood og den liberale eliten på laget, og med 1,8 milliardar til valkamp og reklame, mot 0,6 milliardar for Trump.

På spørsmål om kva som ville avgjere valet, svara Bill Clinton i si tid: «Økonomien, din tosk!» Det gjeld ikkje minst i USA, der arbeidsinntekt har alt å seie for velferda til dei fleste. I ein globalisert økonomi går sjølvsagt arbeidsplassane dit lønnsnivået er lågast og folkevandringa dit lønningane er best.

Det gjev arbeidsløyse og fattigdom for industriarbeidarar sjølv i eit ressursrikt land som USA. På lovnad om å ta kampen opp mot innvandring og handelslekkasje fekk Trump i 2016 fleirtal i vippestatane Wisconsin, Michigan og Pennsylvania, som var blant dei hardast råka av denne utviklinga. No tapte han vala der.

Fram til koronapandemien var økonomien i USA relativt god, med høg sysselsetjing og stigande lønnsnivå for vanlege arbeidarar. Både amerikanske og norske media har derimot klandra Trump for klønete handtering av sjølve pandemien. Men slik fall orda til NRK-korrespondent Gro Holm på Dagsrevyen laurdag 7. november (9.30 ut i sendinga):

«Han må gjøre noe med pandemien. Han må jo gjøre noe med dette, og problemet der, for Biden, er jo at det er delstatene som har veldig mye av beslutningsmyndighetene og styringen. Han må jo gjøre noe som synes slik at de mange som nå føler seg utrygge, får en større følelse av trygghet og styring.»

Minst like vanskeleg har det sjølvsagt vore for Trump når det er delstatane som bestemmer. Dei hardast råka er i tillegg dei urbaniserte og demokratisk styrte statane, der han har minst innverknad.

Stor framgang frå førre val viser at Trump-sympatisørane hadde tru på at han kunne handtere arbeidsløysa, økonomien og koronapandemien. Men indirekte vart likevel pandemien avgjerande, fordi omlegging til røysting via post for å redusere risikoen for smitte, endra valprosedyren til fordel for demokratane.

Det finst nemleg langt fleire demokratar enn republikanarar blant registrerte veljarar, noko republikanarane ofte har jamna ut ved høgre deltaking i sjølve valet. Terskelen for å røyste vart med «mail-in voting» dramatisk redusert. Trump sa det slik for fleire månader sidan: «Med postrøysting vil det heretter ikkje bli mogleg for ein republikansk presidentkandidat å bli vald.»

Større valoppslutning var ei venta følgje av å sende røystesetelen i posten. Det kan gje auka demokratisk legitimitet, men også opne for press og påverknad frå familien og for røystesetlar på avvegar mm. Amerikanske NCSL (National Conference of State Legislatures) og Wikipedia-artikkelen Postal voting in the 2020 United States elections har meir om temaet.

Sidan kvar stat avgjer si eiga valordning, finst det knapt to som gjer det likt, verken når det gjeld røysting eller oppteljing. I Nevada, ein av vippestatane, tel dei røystesetlar som kjem inn heile sju dagar etter valet viss dei er stempla seinast på valdagen, men også i tre dagar etter valet for setlar utan stempel i det heile!

Kva ulike parti, media og andre meiner om temaet, er sterkt prega av kven dei sympatiserer med.

I Noreg held vi strengt på hemmelege val i ein skjerma del av eit offentleg vallokale, der ingen kan kikke oss over skuldra eller påverke oss utidig. Det sikrar eit trygt val utan mistanke om fusk og med det heller ingen rettssaker i etterkant, noko alle partar og parti ser ut til å vere nøgde med.

 

 

Kjøp Halvor Foslis klassiker her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.