Microsofts Bill Gates symboliserer de nye superrike som ikke er fornøyd med å sitte på formuene og nyte sitt otium, men vil ha minst en hånd på rattet. Gates krevde å få plass i eksekutivkomiteen til Verdens Helseorganisasjon fordi han donerer så mye penger. Gates’ politiske agenda er blitt tydeligere – innen klima, medisin og woke-kultur. Alle de superrike er på samme side politisk. De kan kalles titaner. De rager skyhøyt over andre mennesker. Det er de senere år de har kommet for fullt inn i politikken, der de krever å få en egen fil i trafikken som bare de kan kjøre i. Gates er også blitt USAs største landeier. Foto: Elaine Thompson / AP / NTB

 

Føydalsamfunnet var eit fasttømra standssamfunn, der kvar mann overtok den privilegerte eller underordna rolla til far sin. Presteskapet hegna om kyrkja si lære, dei adelege hadde den verdslege makta, bøndene produserte maten og dei meir frie byborgarane, ordna i forskjellige laug, laga andre nødvendige varer. Dei rike og mektige var få, medan dei fattige og vanmektige var mange.

Med industrialiseringa på 1800-talet auka vareproduksjonen mykje, men vi fekk også ei stor og fattig klasse av fabrikkarbeidarar i byane. Ein kombinasjon av liberal tankegang, røysterett til stendig fleire og motmakt i form av streikar førte fram til eit samfunn med jamnare fordelt velstand. Hundre år seinare kom kunnskaps- og kompetansesamfunnet, der stendig fleire kunne ta utdanning og gjere ei klassereise bort frå fattigdommen.

No meiner fleire at vi er på veg attende til eit slags føydalsamfunn med mindre både av ytringsfridom, jamn velstand og folkestyre. Ein som hevdar dette, er amerikanske Joel Kotkin, som i fjor gav ut boka «The Coming of Neo Feudalism», med undertittelen «A Warning to the Global Middle Class» (Encounter Books, 2020). På YouTube ligg det også fleire intervju med forfattaren, m.a. her, her og her.

I boka peikar han på det faktum at rikdommen i mest alle land i dag blir samla på stadig færre hender og dessutan går i arv. Dette skaper eit lukka aristokrati, som jamvel kan kjøpe seg makt innanfor politikk og kulturliv. Som i mellomalderen finst det også eit globalt «presteskap»; no av kulturarbeidarar, akademikarar, mediefolk og venstreorienterte kristne som vil bestemme kva folk skal meine om m.a. globalisme og miljø. Desse deler paradoksalt nok verdsoppfatninga til oligarkane, dei superrike.

Kotkin er særleg kritisk til dei teknologiske gigantane Apple, Amazon, Google, Facebook og tilsvarande selskap i Kina, som alle er monopolkapitalistar i særklasse og i tillegg utnyttar sitt einevelde til å påverke opinionen og overvake oss alle. Dei har også kjøpt fleire store aviser og tidsskift, m.a. Washington Post, Time Magazine og South China Morning Post.

Oligarkane nektar hardnakka for at dei vil bruke mediemakta si til å påverke lesarane, men det strir mot all erfaring, i følgje Kotkin. Dagens massemedia favoriserer alt no det «progressive» synet til oligarkane på m.a. kjønn, rase og klima. Gjennom kontroll med sosiale media har dei superrike vist vilje til sensur av personar og synspunkt. I følgje ei spørjerundesøking ved Pew Research Center trur 72 % av amerikanarane at teknologiselskapa driv sensur på politisk grunnlag.

Joel Kotkin. Foto: Twitter. Omslag: Encounter Books / Amazon.

Sjølv om Kotkin i alle år har vore Demokrat, kallar han seg no uavhengig. Boka tek ikkje partipolitisk stilling, for han trur dei fleste både til høgre og venstre vil sjå det som eit tilbakesteg om samfunnet stagnerer i ei hierarkisk form med ei lita gruppe med enorm rikdom og makt på toppen. Han ønskjer i staden eit samfunn med jamnare fordeling av rikdom og betre livskår for arbeidar- og mellomklassa.

Han er også kritisk til den nye venstreorienterte ortodoksien, woke-kulturen, dvs. vekkingsrørsla om rasespørsmål, kvite sine privilegium, seksuell legning, skilsmål og abort, som dominerer på universiteta, i journalistikken og i underhaldningsbransjen. Politisk er den i USA først og fremst representert av venstresida i Det demokratiske partiet. Dette moderne kleresiet trur om seg sjølve at dei er meir opplyste enn folk flest. Dei fremjar difor sitt syn i media, undervisning og kulturliv, der dei dominerer. Folk som meiner noko anna kan til naud få be om tilgjeving, men dei vil uansett bli verande utanfor «det gode selskap».

Til skilnad frå vanlege arbeidarar, står dei offentlege eller privat tilsette i det nye presteskapet utanfor det fysiske produksjonslivet, og er difor skjerma frå økonomisk konkurranse med innvandrarar og underbetalte arbeidarar i fattigare land. Det gjer dei ofte blinde for arbeidsløyse og armod som råkar arbeidarklassa.

Berre i USA har 3,5 millionar arbeidsplassar gått tapt pga. handelslekkasje og utflagging til Kina. Men også blant akademikarane finst det folk som ser klart og sjølvkritisk, m.a. Harvard-tilsette Yascha Mounk, som seier at eit styre av dei best utdanna og mest meritterte er djupt illiberalt. Sjølv om samansette problem som klimaendring og masseinnvandring kan overstige kompetansen til vanleg folkevalde, er det difor liten grunn til å overlate avgjerda til «ekspertar» utan bakkekontakt.

Kotkin dokumenterer faktagrunnlaget for slutningane sine ved kjeldetilvisingar som fyller hundre av dei 270 sidene i boka. I siste kapitlet, som handlar om korleis vi kan utfordre tendensen til nyføydalisme, viser han til Paris-erklæringa frå 2017 om «Eit Europa vi kan tru på», som kritiserer EU-byråkratiet for å gå inn for ein erstatningsreligion basert på postnasjonalisme og avvising av ein distinkt, historisk kultur til fordel for multikultur.

Forfattaren skriv at vi står i fare for å bli «posthistoriske» viss vi ikkje kjenner dei fundamentale prinsippa demokratiet vårt byggjer på, inkludert individuell fridom og open diskusjon. Då vil vi ikkje eingong forstå når slike verdiar går tapt. Vi treng på ny å bli stolte av vestleg kultur og det denne har oppnådd, samtidig som vi møter impulsar og personar frå andre land med eit ope sinn.

 

 

Kjøp Asle Tojes siste bok her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.