Stuptrøtte etter heftig torden i natt, tok vi buss inn til byen. Eg har aldri før sett eit slikt mørke på ein onsdags formiddag. Då var det godt å ha fleire innandørs arrangement på timeplanen. Det første i dag var om  bl.a. pressa sin rolle i demokratiet. Ca. 3 timar seinare fekk vi bekreftelse på at rollen har blitt særs dårleg spelt i Norge. Men først litt om kva som blei sagt:

Kultur– og likestillingsminister Anette Trettebergstuen hevda at ytringsfridommen i Norge er sterkare enn nokon andre stader i verda, og at her kan vi latterliggjere religion og politikk. Redaktørstyrte medier er bolverk mot desinformasjon og falske nyheiter. I ekkokammer er det alvorleg kva du kan få med deg, hevda ho. Eg tenkte: Det er minst like alvorleg kva folk flest ikkje får med seg.

Aslaug Sem-Jacobsen, stortingsrepresentant frå Sp, meiner at redaktørstyrte medier skal vera lim og vaktbikkje for å demma opp for falske nyheiter og desinformasjon, og difor er statsstøtte viktig. Silje Hjemdal frå FrP får aldri støtte i å kutta milliardar til NRK.

Eg kan støtta Freddy André Øvstegård frå SV i at det er viktig å stå sterke saman i møte med gigantiske medieselskap.  Norske medier er små, men i front på teknologisk utvikling.

Som på fleire av arrangementa blei det ikkje opna for kommentarar frå publikum, noko både mitt følge og eg kunne tenkt oss. I går fekk han ordet, men blei stoppa då panelet om klima ikkje likte hans informasjon om revolusjonerande nye muligheiter for energiproduksjon.

På biblioteket søkte vi meir om ytringar og informasjonsformidling. Der blei det hevda kor lett det for tida er å falle i kaninhola til meir eller mindre intensjonelt publisert falsk informasjon. Kva for inforasjon vi ikkje får frå statsstøtta medier, sa dei ingen ting om, men det avslørte seg raskt på vandring gjennom politisk gate etter å ha fortært medbrakt niste på ein utandørs benk.

Eg hadde tre spørsmål i tankane: a) Kjenner du til Agenda 2030? Har du høyrt om World Economic Forum? Veit du kva Reiner Füllmich sin Grand Jury-prosess er? I tillegg spurte eg nokon om dei hadde høyrt om Antifa.

Trass i at eg kjente på både raseri og sorg over at dei aller fleste ikkje visste noko som helst om desse temaene, blei det faktisk mange meiningsfulle og vennlege samtalar, kanskje nettopp fordi eg uttrykte dei følelsane ærleg. Dei aller fleste partia tok imot informasjon og lenker til kunnskap. 

Nest siste stopp var Universitet i Agder sitt telt. Også der blei eg møtt av ein open og lyttande person. Dette gjorde meg letta og glad, særleg møta med nysgjerrige ungdommar. Det gir ein smule håp oppi det heile.

På Utdanningsforbundet sin stand snudde stemningen totalt. Så foraktfull respons har eg aldri opplevd før i heile mitt liv. Om Trettebergstuen meiner at latterliggjering er akseptabelt, er det absolutt ikkje nokon strategi som skapar kontakt. Til eit par spørsmål om pandemien kom det påstandar om at eg og slike som meg trur på reptilar og Durek Verret sin medaljong mot korona. Heller ikkje mi oppmoding om respekt blei høyrd. Den verbale responsen min på mannen sine tolkingar eignar seg ikkje på trykk, men eg kan innrømma at blodet raste i årene til eg for til buss-stoppet. Der møtte vi to eldre damer vi hadde møtt på veg inn til byen. Tenk, dei kunne forstå meg, og kameraten min var glad for å sjå at eg og kunne missa besinnelsen.

Arendalsuka er arena for både fakta og følelsar. Fleire enn nokon gong har møtt opp, og det er over 1400 arrangement å velja i på 5 dagar. Verd å oppleva sjølv om kontroversielle tema ser ut til å glimra med sit fråvær.

 

 

Av Marie Rørvik

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.