«Debatten» på NRK1 i går kveld kunne ha blitt god om både programleiarane og politikarane diskuterte viktige tema for landet. Også tanken om å prøve ein debatt der deltakarane hadde ordet etter tur, fekk om lag like lang taletid og kunne snakke utan å bli avbrotne, var god. Vi har sett nok av debattar der dei mest frekke og høgrøysta får dominere og folk snakkar i munnen på kvarandre.
Det byrja så bra med ei konstatering av at det politiske landskap var snudd på hovudet i løpet av siste året. Men oppfølginga heldt ikkje kva introduksjonen lova. Då tenkjer eg ikkje primært på at også Arbeidarpartiet fekk ein ekstra debattant, eit privilegium som før var reservert for regjeringa. Heller ikkje at det no var programleiarane som avbraut, noko som burde vere unødvendig når politikarane brukte av si eiga taletid. Og ikkje eingong på at Torp i ARK-stil understreka at «regjeringen vakler videre». Nei, hovudproblemet er at temaet og talemåtane berre var ein reprise på skinndebattane vi har sett på skjermen i årevis, som om ingen av dei dramatiske hendingane siste halvanna år skulle ha skjedd.
NRK og andre media har i altfor stor grad vore dominert av ein politisk journalistikk som har spel, og ikkje sak, som hovudtema. Også denne debatten måtte starte med ein halvtimes krangel om kven som vil, kan eller skal leike, orsak «styre», saman med kven. Ikkje utan grunn har vi fått uttrykket «den politiske sandkassa», for dette er problemstillingar frå barnehagen. Det er rart å sjå vaksne personar som er nøgde med å diskutere på eit slikt nivå.
Heller ikkje debatten om skatt og økonomisk politikk var særleg opplysande. Som før handlar det mest om skatt som fordelingspolitikk og ikkje som næringspolitikk. «Skattelette for dei rike» handlar i realiteten om noko heilt anna, nemleg å gjere bedrifter meir robuste og konkurransedyktige i ein globalisert økonomi. Dette poenget druknar mest alltid i lettvint demagogi.
Olje og miljø er også eit ynda tema, der dei mest einsynte politikarane kan ta enkle stikk og rettferdiggjere sin eksistens. Ikkje minst leiaren i MDG har ei pompøs framtoning som ikkje rimar med partiets størrelse. Han, og mange med han, overser at olje- og gassnæringa i lang tid framover vil vere heilt avgjerande både for økonomien i landet vårt og energiforsyninga på jorda.
Men rosina i pølsa, eller elefanten i rommet, «etter som livet er spøk eller sant», var siste post, om populismen. Finst det ein fellesnemnar for Brexit og Trump, eller for nye konfliktlinjer og økonomiske problem både nasjonalt og internasjonalt, handlar det om sanselaus trafikk av folk og varer utan omsyn til landegrenser. Men slikt vil ikkje statskanalen diskutere. Nei, temaet var dei nasjonale protestane mot slike eksessar, den såkalla «populismen». Dét er hovudproblemet, sett frå Marienlyst. Ibsen har så evig rett: «Når utgangspunktet er galest, blir resultatet tidt originalest».
Det moralske lavmålet var likevel Hareides lygnaktige hakking på Listhaug, når han sjølvsagt må vite at «godheitstyranni» ikkje handlar om kritikk av gode gjerningar, men om skylappar mot – og fordøming av – alternative oppfatningar, fordi ein ser sitt eige standpunkt som det einaste rette og moralske. Heldigvis understreka Siv Jensen at Listhaug ikkje gjer anna enn å setje regjeringa og Stortinget sine vedtak i verk.
Både Jensen og Høie sa også kor viktig det var å få kontroll med innvandringa. Dette kunne godt ha vore gjennomgangstema for heile debatten, for enten ein snakkar om velferdsstat, bustadprisar, kriminalitet, økologi eller kva det skal vere, så ligg omfanget og arten av innvandring der som ein heilt avgjerande premiss for alt saman. Men den samanhengen og det temaet er framleis nesten tabu, iallfall i norsk fjernsyn.