Kommentar

Monika Tettli, kvinnepolitisk leiar i Møre og Romsdal KrF, hadde eit lesarinnlegg (Mitt lille land sover) i lokalavisa Bygdebladet sist veke der ho ber kristenfolket slutte opp om KrF for å stanse forfallet av den kristne kulturarven i Noreg. Det gjeld vår identitet. Ikkje minst gjeld det menneskerettane der kristendomen er sjølve fundamentet.

Til sist i innlegget kritiserer ho regjeringa for å utnemne ein muslimsk kulturminister. Ho skriv:

”Det går også an å spørre hva en regjering mener med å innsette en ung muslimsk kvinne som kulturminister. Hva vet hun om vår kristne kultur? Det kan se ut som om hun har fått jobben med å fullføre den jobben Stoltenbergs folk har begynt på: Å utradere vår kristne kultur, og åpne dørene for en annen kultur. Det er et farlig prosjekt for arven fra Luther og Hans Nielsen Hauge er en bærebjelke i vårt samfunn”.

Dagbladet får tips om saka, og den 25. oktober slår dei saka stort opp. Dei kontaktar KrF-leiar Knut Arild Hareide som kallar det eit ”personangrep” på statsråd Hadia Tajik: ”Personangrepet på Hadia Tajik er et totalt bomskudd, og er ikke i tråd med Krfs holdninger”, seier han til Dagbladet.

Hareide sender så ein SMS til Tajik der han ber om orsaking på vegne av partiet, skriv Dagbladet. Han seier at han ikkje har snakke med Tettli. På det tidspunktet har Hareide heller ikkje lese avisinnlegget hennar. Den einaste kjelden han har er journalisten frå Dagbladet som har referert deler av innlegget.

Journalisten spør straks om dette vil få nokre konsekvensar for Tettli si rolle i partiet. Også journalist Geir Strand i Sunnmørsposten drøfter eksklusjon med Hareide dagen etter. Strand skriv: ”Men påstanden om at ”Tajik utraderer vår kristne kultur” ser ikkje ut til å få konsekvenser for hennes videre karriere i Krf”. Generalsekretær i Krf, Knut H. Jahr svarer at der har vore ein ”dialog med fylkespartiet, og vi har ingen eksklusjonsparagraf”.

For innlegget sitt møter ho ein ”massiv fordømmelse” i sitt eige parti, skal vi tru journalist Strand i Sunnmørsposten (26.okt). Strand refererer bakgrunnen for affæren: Då Dagbladet fekk tips om innlegget reagerte Krf ”raskt”: ”Partileder Knut Arild Hareide slår fast at dette ikke er akseptable synspunkter”. Strand kontakter også KrFs stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal Rigmor Andersen Eide.

Ho seier Tettli sine utsagn er ”helt uakseptable”. ”Dette tar jeg veldig avstand fra. Det hun sier er ikke i samsvar med vår politikk, sier Eide, som ikke vil ha noe formening om dette kan få konsekvenser for Tettlis videre karriere i partiet. – Det får det bli opp til fylkespartiet å avgjøre, sier Andersen Eide.”

Dagen etter blir Tettli intervjua av Strand i Sunnmørsposten over nesten to sider. Her kjem det fram at Tettli etter oppslaget i Dagbladet og etter Hareide sin SMS til Tajik har hatt ein ”lang og fin samtale” med partileiaren. ”Etter at han fikk se hva jeg selv har skrevet og ikke bare det som stod i Dagbladet så endret han syn på det, sier Tettli”. Tenk det.

Fylkesleiar i KrF, Arild Iversen, seier til avisa at ”veldig mye av det Tettli sier er trygt innenfor det som er KrFs politikk”, og ”Dette vil ikke få noen konsekvenser for henne i forhold til de vervene hun har i partiet”. Men orsakinga til Tajik står ved lag, slår Iversen fast.

Hareide har dermed slutta fred med Tettli, ser det ut til, men han eller partiet har ikkje sagt noko offentleg om dette. Ho er gitt ein refs. Ei grense er trekt. Og den står. Medfarten i media var hard. Ho får lite støtte – offentleg. Kven vågar det? Ikkje eit ord på KrF sine eigne sider. Ikkje eit ord på Hareide si FB-side. Privat har ho motteke mykje støtte.

Partileiaren si orsaking kjem frå eit parti i opposisjon til eit parti i regjering. Det er ikkje lite. Kva klima er det vi no har som får journalistar til å skape slik frykt at Hareide gjer seg så liten? For det er ikkje anna enn dumt at leiaren i partiet sender ei orsaking til ein kulturminister utan at han har lese innlegget saka gjeld.

Vi har her ein partileiar som vel å snakke med statsråd Tajik, ein politisk motstandar, før han snakkar med sin eigen kollega i partiet. Det er dessutan rart at ein ber om orsaking før den som skulle blitt fornærma krev det. Det er rart at partifolk i det heile aksepterer ein diskusjon om eksklusjon og reprimande på spørsmål frå ein journalist.

Trur ikkje partiet dette ser rart ut frå utsida? Eit kristent verdiparti gir offentleg reprimande til ei tillitskvinne i partiet som forsvarer vår kristne kultur og kritiserer den muslimske? Hareide står fram som meir lydhør ovanfor journalistar og viser meir omsorg for sine motstandarar enn sine eigne partifolk. Og korleis ser det ut innanfrå KrF? Dette vil partimedlemene kanskje merke seg. Når pisken frå journalistane kjem blir partileiinga straks slått ut. Tettli får ein vennleg privat telefon etterpå, men det er alt.

Hadia Tajik er ei sympatisk kvinne og truleg ein liberal og open AP-politikar. Ho er langt frå nokon muslimsk fundamentalist. Ho er fødd i Noreg og kjenner sikkert norsk kultur like godt som nokre av sine forgjengarar (det seier nok ikkje så mykje). Tajik var eit klokt val, sett frå AP. Ho er  første muslim i regjeringa, men ei som er liberal. Ho vil vere vanskeleg å angripe frå muslimske miljø og frå kristne og verdikonservative. Korleis ho vil plassere seg, veit vi ikkje.

Utspelet i Dagens Næringsliv der ho stør på eit vis arrangerte ekteskap var ikkje bra. Ho var rask med å rette den opp etter angrep frå Siv Jensen, og godvilje den første tida i stolen hjalp. Kanskje var dette ein glipp, kanskje ein god lærdom på vegen, eller kanskje eit teikn på ein tredje veg der det skal vere rom for muslimske henteekteskap. Vi får sjå.

Det er likevel sjølvsagt på sin plass å problematisere valet av ein muslim til kulturminister. Det skulle berre mangle. Ho skal trass alt leie eit departementet med ansvar for tru og livssyn, kyrkjepolitikk og sjølvsagt norsk kulturpolitikk. Ein slik debatt handlar om mykje meir enn personen Tajik. Einast grunnen til at vi ikkje fekk ein slik debatt om Tajik var kanskje fordi ein frykta pisken. Er det slik at etter 22/7 er det ingen som vågar? Kven vil framstå som anti-muslimsk no? Berre ein og annan temperamentsfull og uvøren sunnmøring?

Ein skulle vente seg debatt etter ei oppnemninga av Tajik. Nei, det kom berre lovord. Det er ein rikdom at vi no får ein muslimsk kulturminister… punktum.  Og det er rett, det kan godt vere ho tek med seg viktige erfaringar. Sjå på Amal Aden, Ayaan Hirsi Ali – eller Abid Raja, m.fl. Det er også rett at med vår store innvandring må eit levande demokrati også representere dette mangfaldet. Korleis det no er.

Men med eit levande demokrati kjem også ein levande debatt. Med større mangfald må ein få eit større rom for kritikk. Vi står oppe i historiske utfordringar om kva Noreg skal vere. Skulle vi ikkje då tåle ein diskusjon som får breie seg ut med varme, store og sterke ord? Det ser dessverre ut til at rommet for ytring blir mindre med aukande mangfald og ikkje større. Berre det er grunn nok for uro.

Og det er kultur det heile dreier seg om. Skulle ikkje ein kulturminister i 2012 stå midt i stormen? Skulle ein vente anna etter eit par tiår med multikultur og gode ønskjer, og no, vel no treng vi eit nytt grep på kva kulturelt lim som skal halde dette landet saman. Og det raskt. Skulle ikkje KrF heise fanen?

Tettli fører i det store og heile eit godt resonnement i innlegget sitt. Noko personangrep er det ikkje. Sakstilhøvet er kultur, kristen kultur og korleis vi ikkje kan greie oss utan. Regjeringa må finne seg i at det blir reist spørsmål rundt Tajik sin kulturelle og religiøse bakgrunn. Slik skal det vere for ein statsråd i eit parlamentarisk demokrati. Forstår ho ikkje at med avkristning av kulturen svinn eit fundament for vår kultur ut i natta, kanskje det einaste, og at mykje tyder på at det ikkje kan erstattast  – ja så må ho finne seg å vere midt i stormen, så liberal ho enn er. Og dei av oss som har tru på noko anna må våge gå ut i uveret.

Kulturkonservative syn må ikkje få kome fram, ser det ut til. Sjølv ein kulturminister må vernast for slikt. Også dei som ikkje har doktorgrad i sosialantropologi må få lov å vere med i ordskiftet. Det heiter eit offentleg ordskifte fordi alle skal vere med.

Det Tettli skriv kan sjølvsagt skrivast på ulike måtar. Det er slik det skal vere. Ho har sine perspektiv og sine erfaringar; ho har sitt temperament. Henna synspunkt er gyldige, om ein einig eller ikkje. Ein kan prøve dei; dei står i ein samanheng. Eitt av Tettli sine punkt mot kulturministeren er til dømes treff ikkje heilt, dette at Tajik skulle ”opne dørene” for muslimsk kultur. Det er ein svak påstand fordi vi i lang tid alt har ein slik open dør-politikk i Noreg.

Tettli er uroleg for at vår kristne kultur bli systematisk viska bort. «De siste 10-årenes historie-forfalskning har til dels vært på samme nivå som fornektelsen av Holocaust». Dette er å trekke det for langt. Holocaust, og fornektinga av denne, er ei anna sak. Årsaken til «historieforfalskinga» er mange. I det radikale og postmoderne tiåra er norsk historie ikkje så mykje forfalska, men heller fjerna. Den nye eliten trur dei ikkje treng historiske referansar, dei skal skape noko nytt. Undergraving av autoritetar og sanningar måtte sjølvsagt også ramme historia vår. Men kan ein nasjon leve utan ei historie?

Samstundes er Tajik ein liberal politikar i AP. Det skal difor bli svært interessant å følgje henne framover i det som må bli ein krevjande balansegang, ikkje minst i høve til dei meir konservative muslimske miljøa, som Tettli sjølv peikar på.

Tettli kasta med dette ein brannfakkel inn i partileiinga. Og dei fomla. Ho peikar på grunnverdiane i partiet. Ho seier vår kultur er bygd på Luther og Hans Nielsen Hauge. Denne arven frå kristendomen er ikkje berre viktig for norsk tradisjon og kultur, men den er ein føresetnad for framveksten av menneskerettane, og ho syner her til dei europeiske filosofane Jürgen Habermas og Bernhard Henry Levy. Gløymer vi dette er vi i ukjend terreng.

Brannfakkelen treff med dette også den liberale eliten i Noreg. Dei veit om det, men likar det lite når det kjem frå verdikonservative kristne miljø (på Vestlandet, til og med). Men det er oss dette må kome frå. Det kjem knapt frå andre her til lands.

Tettli kom ut av denne saka med glans. I fleire intervju viser ho styrke og forstand. Journalistane merker dette og tonen er meir respektfull så snart dei har henne i tale. Ho kan vanskeleg bli framstilt som tulling. I eit intervju i Dagbladet alt første dagen står ho fast:

”Jeg opplever at den norske regjeringen knebøyer for islamsk ekstremisme. Istedenfor å kreve at de som kommer hit respekterer vår kristne kulturarv og norske lover, sier Tettli til Dagbladet.” Ho er mest oppteken av at vi vernar om vår kristne kulturarv. Gjer vi det har vi lite å frykte. Ho står for ein klassisk verdikonservativ kulturkamp: ”Forkastelsen av tradisjonelle kristne verdier som har vært Norges hjørnestein og skapt samhold mellom samfunnslagene er kostbart for landet vårt. Vi mister vår identitet.”

Ho er uroa over ytringsfridomen som ho meiner er svekka etter 22/7.

”Vi har blitt påtvunget en statsstyrt tenkemåte. Hva skjer når retten til å tenke selv blir innskrenket. Hva har allerede skjedd med den norske ytringsfriheten etter 22. juli? Den er på god vei til å skli ut av hendene våre, og vi merker det knapt, sier Monika Tettli.”

”Vi blir stemplet som rasister og drapstruet hvis vi tar et oppgjør med islams forkvaklede menneskesyn og intoleranse overfor vestlig demokrati, sier Monika Tettli”.

I eit intervju dagen etter med NRK er tonen nesten sympatisk. Den nøytrale tittelen er ”Kritiserer eget parti etter kulturarv-diskusjon”. Ho seier der at dei fleste reaksjonane har så langt vore positive.

”Ho meiner Noreg tek for mykje omsyn.

– Heile tida skal det vere snakk om at vi ikkje skal støyte andre, ikkje støyte minoritetsgruppene.
– Men det er jo vårt land! Og innvandrarar kjem hit fordi vi har bygd opp eit demokratisk land tufta på kristne verdiar. Kvifor skal ikkje vi vere stolte av det?, undrar Tettli”

Tettli forstår at det eigentleg er ho som fremjar KrF si politiske line.

”For eg har berre fronta rein KrF-politikk. KrF burde sjølve fronte verdidebatten mykje sterkare. Tettli meiner partiet har mista brodden. – Og difor mistar partiet også veljarane. – Dette er KrF sin politikk, ikkje nokon andre sin. Den kristne kulturarven burde vere høgt oppe på KrF sin agenda, seierTettli.”

I Sunnmørsposten 27 okt er tittelen for intervjuet: ”Må stå opp for verdiene”:

”KrF må stå tydeligere opp i kampen for den kristne kulturarven, sier Monika Tettli. Hun mener selv at hun har bidratt til akkurat det”.

Det kjem inga orsaking frå Tettli til Tajik. Ho seier at det må vere lov å reise spørsmålet om henna bakgrunn. ”Vi får se hva hun står for”.

Det har Tettli heilt rett i. Tettli har markert ein posisjon som få andre våga og som det var sjølvsagt KrF si rolle å ta. I staden har Hareide gjort seg liten og svak, medan Tettli ruver høgt.

Hareide freista til sist rydde opp i ein telefon til Tettli. Kanskje kom det ei lita orsaking?