Bestu pylsur i bynum. Alle foto: Ingrid Sørseth.

Frå omtrent år 700 til 1350 vart språket i Noreg kalla norrønt. På denne tida vart Island, Færøyane, Shetland og Orknøyane busette av nordmenn, og dei vart ein del av det norske riket. Nordmennene tok med seg språket sitt til vesterhavsøyane, kor det etter kvart vart teke i bruk av dei som budde der.

Moderne norsk, islandsk og færøysk kjem frå norrønt. På Shetland og Orknøyane er det engelsk som i dag er offisielt språk eller hovudspråk. Men dei snakkar og ulike skotske dialektar der. I dialektane finst det restar av norn, ei grein av norrønt som vart snakka i nærmare 1000 år på Orknøyane og Shetland. Den siste som skal ha snakka norn som morsmål, døyde på Shetland rundt 1850.

Når ein reiser til Island, Færøyane, Shetland og Orknøyane i dag, er det ikkje vanskeleg å sjå norrøn påverknad i språket.

Kjem ein med båt til Lerwick, hovudstaden på Shetland, er noko av det første som møter ein dette skiltet: Med logum skal land byggja. (Med lov skal landet byggjast.)

Med logum skal land byggja.

Desse orda er frå Frostadtingslova, ei samling av gamle, norske rettsreglar som vart nedskrivne på 1000-1200-talet. Denne rettsregelen finn ein og i andre lover og i andre land, til dømes i Jyske lov og Helsingelova. Ja, til og med i romersk rett, der det heiter «Civitatis fundaretur legibus». (Samfunnet skal byggjast med lover.) Men i Frostadtingslova er det eit eige tillegg og: En eigi àt ulögum eyða. (Og ikkje med ulov øydast.)

Då blir den kjende lova slik: At lǫgum skal land várt byggja en eigi àt ulögum eyða.

Ikkje langt frå Lerwick ligg Scalloway Museum i Scalloway. Vikingane kalte staden Skali-Vagr. Vagr betyr ei lang og smal bukt, ein våg. Skali kan bety forskjellige typar bygningar, alt frå hytte til hall. I Noreg har vi ordet skåle. Skålen var våningshuset på ein vikingegard. Seinare gjekk ordet over til å bety eit uthus, til dømes ein vedskåle. Det norske namnet på Scalloway blir Skalavåg.

Skali-Vagr

Skalavåg

Ordet Tingwall skjønar vi og utan vidare. I Noreg har vi Tingvoll på Nordmøre. Namnet tyder på at det her har vore ein tingstad. I innsjøen Tingwall Loch på Shetland er det eit lite nes som heiter Tingaholm, og her var Shetlands tidlegaste lagting eller parlament. Frå 1270-åra bygde tinget på Magnus Lagabøters lov.

Tingwall

Over er det nemnt berre nokre få stadnamn med norrønt opphav på Shetland, men filologen dr. Jakob Jakobsen frå Færøyane registerte i åra 1893–95 over 50 000 namn! Til dømes namn som enda på -wick (vik), -ness (nes), -settr (seter), -wall (voll) og -firth (fjord). Her er nokre slike namn: Lerwick, Stromness, Dalsetter, Kirkwall, Olnafirth.

Ein skjønar og utan vidare kva namna på hovudstadene på dei fire vesterhavsøyane Orknøyane, Shetland, Færøyane og Island tyder: Kirkwall, Lerwick, Torshamn og Reykjavik.

Språket norn, som på Shetland og Orknøyane utvikla seg frå norrønt, heldt som nemnt stand utruleg lenge, særleg blant dei lågare og fattigare klassane. Men etter kvart tok skotsk og engelsk over. Først på Orknøyane, som låg nærmast fastlandet.

Her er Fadervår på shetlandsk norn, skreve ned av presten George Low i 1774. Det går an å forstå det:

Fy vor or er i Chimeri.
Halaght vara nam dit.
La Konungdum din cumma.
La vill din vera guerde
i vrildin sindaeri chimeri.
Gav vus dagh u dagloght brau.
Forgive sindorwara
sin vi forgiva gem ao sinda gainst wus.
Lia wus ike o vera tempa
but delivra wus fro adlu idlu.
For do i ir Kongungdum,
u puri, u glori, Amen

Færøyane tilhøyrer Danmark, men morsmålet til innbyggjarane på Færøyane er færøysk. Det er offisielt språk ved sida av dansk, som for det meste berre etniske danskar talar til dagleg. Færøysk har og utvikla seg frå norrønt, men har utvikla seg såpass langt frå norsk at vi ikkje utan vidare kan forstå kvarandre. Men mykje kan vi forstå, noko som bileta nedanfor viser.

Islandsk kan vi heller ikkje utan vidare forstå, for norsk og islandsk har og utvikla seg bort frå kvarandre frå det felles norrøne språket. Islandsk er det språket som ligg nærmast det norrøne i dag. Som på Færøyane kan ein vere turist på Island og likevel føle seg heime fordi det er så mykje som kjennest kjent, ikkje minst når det gjeld språket.

Men det må nemnast at eg ikkje her snakkar om engelsk, som ein diverre skulle tru var språket i Reykjavik. På grunn av dei mange turistane er det engelsk som gjeld i alle butikkar og restaurantar. Sjølv høyrde eg nesten ikkje eit einaste islandsk ord dei dagane eg var i Reykjavik. Da var det desto artigare å støyte på islandske ord på skilt, gatenamn, matvarer og anna. Dei måtte sjølvsagt forevigast.

Tad er ikki loyvt at fara i hagan vid hundi.

Lækjarbrekka

Fiskbollur

Lauksild

Kjuklingur

Ostur

Litli-Geysir

Med så mykje som er likt i Noreg og på vesterhavsøyane, er det ikkje rart at ein del folk på Orknøyane no drøymer ville – og urealistiske – draumar om å få tilhøyre Noreg!

 

Stor takk til Ingrid Sørseth for denne språklege og historiske kulturvegvisaren frå våre grannar og næraste slektningar i det gamle vesterled! Vi oppfordrar på nytt våre lesarar og kommentatorar til å kome med eigne forslag og framlegg henta frå litteratur- og kulturhistoria vår. I første omgang vil vi som sagt konsentrere oss om lyrikk (har du t.d. ein yndlingspoet du gjerne vil fremje? Eller eit yndlingsdikt?), men vi tek gjerne imot innspel om nærskyld tematikk (prosa, språk, språkhistorie m.m.)! Kanskje kan vi få i gang ein slags lyrikkstafett – t.d. under namnet «Mitt ønskedikt»? Dei som ynskjer det, får sjølvsagt skrive under pseudonym. Vi godtek til og med innspel på moderat riksmål! Send kommentarar og framlegg til: kultur@document.no

 

Kjøp Paul Grøtvedts bok!

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.