Runeinnskrift på Eggjasteinen. Foto: Arild Finne Nybø / mediebruket.no / cc by-sa 2.0 / Wikimedia Commons.

I vår nye kulturspalte ynskjer vi først å gi vår poesiskatt ei velfortent og høgst naudsynt renessanse. Vi startar såleis med å presentere dømer frå vår innhaldsrike lyrikkhistorie. Og kva er meir naturleg då, enn å innleie med dei første skriftlege prova vi har innan sjangeren – runeinnskrifter frå urnordisk og norrøn tid.

På ein kam som vart funnen under ei utgraving i Bømlo i 1932, finn vi det som vert rekna som det aller første diktet i Norden:

hal MaR
ma una
alu na
alu nana

Innskrifta stammar frå sein urnordisk/tidleg norrøn tid (550–600 e.Kr.), og tyder noko slikt som:

Hill deg møy mellom møyar, vern om deg Nana.

I 1917 vart den til no fyldigaste runeinnskrifta funnen på garden Eggja i Sogndal – den såkalla Eggjasteinen1.

Siste del (nemnd C av Wikipedia2) lyder slik:

Ni’s sōlu sōtt,
uk ni sakse, stain skorinn,
ni witi mannR nækdan is niþ rīnR,
ni wiltiR mænR lægi(s).

Det verserer ulike tolkingar og oversetjingar av denne teksten; den mest kjende er truleg Ottar Grønvik si:

Ikkje i sol,
og ikkje med sverd, søkjast det til skåren stein.
Ikkje vitje (den) mann som gret (ubeherska) over naken slektning,
(og) ikkje forvilla menn, dette leiet.

Eddadikt er dikt/kvad med handlingar henta frå den norrøne mytologien (om lag 600–1350 e.Kr.). Desse verserte i muntleg form i fleire hundre år før dei vart nedteikna av prestar og munkar på Island rundt år 1200. Dikta vert gjerne inndelte i to kategoriar – gudedikt og heltedikt.

Dei mest kjende er Trymskvida, Voluspå og Håvamål.

Namnet Edda (tyder truleg oldemor) var opprinneleg namnet på Snorre Sturlason 3 si lærebok i skaldskap (diktekunst) frå om lag år 1220. Då ein islandsk biskop i 1643 fann eit rikhaldig manuskript med eldre norrøne gudedikt, vart dette kalla «Den eldre Edda» 4, medan Snorre si lærebok fekk namnet «Den yngre Edda» eller berre «Snorres Edda» 5.

Trymskvida vert rekna som eit komisk kvad, medan Voluspå handlar om korleis verda oppstod og skal gå under. I Håvamål gir Odin folk råd om korleis dei skal leve.

Håvamål består av 164 strofer. Kvart vers startar gjerne med eit visdomsord (dei tre første verselinjene), medan siste del av strofene enten gir ei utdjupande forklaring av innleiinga, eller skildrar eit nytt visdomsord.

Nokre døme herifrå:

1.
Augo du bruke
fyrr inn du gjeng,
i kot og i kråom,
i kot og i krokom.
For d’er uvist å vita
kvar uvener sit
fyre din fot.

11.
Betre byrdi
du ber ‘kje i bakken
enn mannavit mykje.
Med låkare niste
du legg ‘kje i veg
enn ovdrykkje med øl.

23.
Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer både upp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som fyrr.

37.
Eit lite bu
er betre enn inkje,
heime er kvar mann herre.
Hjarta bløder
når beda du skal
um mat til kvart eit mål.

77.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Eg veit eitt
som aldri døyr,
dom um daudan kvar.

164.
No er Håvamål kvedi
i Håva-halli
til magn for manna-søner,
til ugagn for jotun-søner;
heil den som kvad!
heil den som kann!
njote den som nam!
heile dei som høyrde.

Skaldedikt er lyrikk som er forfatta av namngjevne skaldar; om og/eller av personar vi til ei viss grad også kjenner frå historia. Skaldane var gjerne tilknytta høvdingar og stormenn, og hadde m.a. som oppgåve å skildre desse sine bragder og sigrar.

Egilssoga skildrar Egil Skallagrimsson (ca. 905–990) og ætta hans, og vart truleg nedteikna rundt 12206. Denne sagaen er ved sidan av Njålssoga 7 den mest kjende og omfangsrike vi har.

Som ung var Egil skald hjå den engelske kongen, seinare havna han i konflikt med den norske kongen Eirik Blodøks – og reiste ei såkalla nidstang mot denne, ei særleg sterk forbanning. Då Eirik vart avsett og flytta til York, fanga han Egil og dømde han til døden. For å blidgjere kongen og unngå dødsdomen, skreiv Egil eit overdådig skrytande hyllingsdikt – «Hovudlausn».

I dette kvadet vert enderim for første gong nytta i nordisk språk, eit poetisk nyhende som i tillegg til det storslagne og rosande innhaldet smigra kongen tilstrekkeleg til at Egil vart frikjend.

Første verset går slik (alle dei følgjande utdraga er gjendikta av Hallvard Lie):

Mot vest jeg fór,
tok med om bord
den dyre mjød,
meg Odin bød;

da is var gått,
dro båt jeg flott,
og la bak mast
min diktnings last.

Egil hadde sjølvinnsikt nok til å forstå at utan skaldekunstane sine, ville han ha vore ei uforsonleg bølle (og halshogd!). Noko han skildrar i følgjande kvad:

Vennefark
vil folk meg kalle,
og skamløs
skalde-usling,
ja, edbryter,
all ros uverdig,
får slik troskap
ei takk og lønn.

I sitt største kvad, Sonatorrek (sonetapet), skildrar Egil smerta og hjelpeløysa han føler då yndlingssonen Bodvar druknar. Han låser seg inne og nektar ta til seg både vått og tørt, heilt til dottera Torgerd overtalar han til å forfatte eit kvad som hyllest til Bodvar. Dette kvadet er av mange rekna for å vere det fremste av samtlege kvad frå vikingtida:

Tungt det er
på tungens vekt
å veie
Valfaders skatt

Mistrøstig
nå jeg maner
Vidurs ran
fra tankens vrå.

Vegen vidare

Som nemnt i introduksjonsartikkelen8 oppfordrar vi lesarane våre til å kome med eigne forslag og framlegg henta frå litteraturhistoria vår. Gjerne med refleksjonar og minner knytta til det enkelte skriftstykket.

Kanskje kan vi få i gang ein slags lyrikkstafett – t.d. under namnet «Mitt ønskedikt»?

Send kommentarar og framlegg til: kultur@document.no

1 https://snl.no/Eggjasteinen
2 https://no.wikipedia.org/wiki/Eggjasteinen
3 https://snl.no/Snorre_Sturlason
4 https://no.wikipedia.org/wiki/Den_eldre_Edda
5 https://snl.no/Snorres_Edda
6 https://snl.no/Egils_saga
7 https://snl.no/Njåls_saga
8 https://www.document.no/2023/07/28/document-startar-eiga-kulturspalte-norsk-kultur-eksisterer-det/

 

Kjøp Paul Grøtvedts bok!

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.