Fra skogsområdet i Morö Backe i Skellefteå der det ble begått en voldtekt og et drapsforsøk på en ni år gammel jente den 7. juli 2022. Stillbilde: Aftonbladet / YouTube.

Overskrifta er henta frå poeten og nasjonalskalden Alf Prøysen i si eiga vise «Jørgen Hattemaker» (melodien er av Bjarne Amdahl).

Ei lyrisk perle som skildra den uoverstigelege distansen – for ikkje å seie dikotomien – mellom rik og fattig; personifisert i teksten ved Kong Salomo og Jørgen Hattemaker. Symbolikken gjekk umiddelbart inn i det norske språk, og har vore der sidan.

Men kvar vil eg så med dette?

Jau – eg tenkjer på skilnaden mellom verdskjendisen og den BLM-helgenkåra George Floyd og den ni år gamle svenske jenta som truleg framleis ligg i kunstig koma, etter å ha blitt brutalt voldteka av ein etiopisk gut i Sverige for halvanna veke sidan.

Kong Salomo i denne historia er den småkriminelle George Floyd, som med sine siste ord «I can’t breathe» vart verdssymbol og antirasist over natta. Over heile verda braut det straks ut demonstrasjonar, rosetog og antirasistiske appellar.

Og javisst var det djupt tragisk at han mista livet i ein politiinnsats som synte seg å bli fatal – politimannen som var skuld i dette, Derek Chauvin, vart dømt til 22,5 års fengsel for udåden:

Verda rundt demonstrerte rasande aktivistar mot dette «rasistiske drapet» – m.a. var det stinn brakke framfor både den amerikanske ambassaden og Stortinget fredag 5. juni 2020.

Det ble bedt om 8 minutter og 46 sekunders stillhet. Mandag 25. mai døde George Floyd som følge av at han ble holdt nede av en politimann, som hadde kneet mot nakken hans, i 8 minutter og 46 sekunder. «I can’t breathe», sa Floyd, de samme ordene Eric Garner sa i 2014, da en politimann la ham i bakken og tok kvelertak på ham. «I can’t breathe» har siden Garners død vært et sentralt slagord for Black Lives Matter-bevegelsen i USA, og har med de siste ukenes demonstrasjoner tiltatt i bruk og styrke. (Morgenbladet)

Frå Aftenposten si reportasje:

Fryktet ikke smitten

Folk sto som sild i tønne, og folkemengden strakte seg ned til fontenen i Spikersuppa, rundt 150 meter unna. Mange sto også i sidegater.

På grunn av koronakrisen er slike folkemengder blitt et svært sjeldent syn. Å holde avstand er ett av de viktigste smitteverntiltakene, men under fredagens demonstrasjon ble kravet om 1 meters avstand opphevet.»

Politiet synte stor forståing for demonstrasjonen, og gav blaffen i det elles så strengt handheva smittevernet:

– Politiet og samfunnet for øvrig setter ytringsfriheten høyt, sa innsatsleder Svein Arild Jørundland til NRK. Derfor grep de ikke inn.

Politiet vet ikke nøyaktig hvor mange som møtte opp fredag. I august i fjor var en tilsvarende folkemengde samlet foran Stortinget for å brøle for klimaet. Da anslo politiet at rundt 7000 mennesker var samlet.

Sjølvsagt var det demonstrasjonar for Floyd også i Sverige.

«Black lives matter» vart brått det sterkaste slagordet av alle. BLM-rørsla storma uhindra fram i heile den vestlege verda; kvithuda personar (helst menn) vart skulda for samtlege overgrep gjennom alle tider – statuar av kvite fridomskjemparar, oppfinnarar og vitskapsmenn vart velta eller vandaliserte; gatenamn med mistenkte fordums slavedrivarar o.l. vart forlangt endra – no var det kun BLM, BLM og BLM i alle kanalar, i alle forum, i alle (vestlege) land. Og kunnskapslause agitatorar av alle kjønn, med autodidakt laud i historierevisjonisme og vitløyse – utstyrte med korrekturlakk og raude pennar og ein hybris utan sidestykke eller magemål – fekk fri tilgang til all verdas mikrofonstativ for å forme den nye verdsordenen – woke, woke og atter woke.

Ein ung Burnley-fan (fotball) var naiv nok til å bruke sparepengane sine på å betale ein pilot til å fly over Burnley stadion med parolen «White lives matter». Dette stuntet kosta han både jobben, kjæresten og ei livstidsutestenging frå Burnley sine kampar.

Jørgen Hattemaker i denne historia ligg truleg framleis i kunstig koma. Ingen kjenner namnet hennar, men Samnytt fortel at ho er 9 år gamal, at valdtektsmannen hevdar vere 13, men sannsynlegvis er betydeleg eldre. I svensk gamalmedia vert saka imidlertid presentert «ein smule annleis» – Aftonbladet (og også SVT) opplyser offentlegheita upresist om at offeret er under 15 år, og at «pojken» også er «under 15 år».

Expressen lettar dog «litt» på sløret:

Sommaren 2017 ansökte pojkens familj om uppehållstillstånd i Sverige från ett afrikanskt land. Den sista juni 2022, en vecka innan överfallet, fick familjen permanent uppehållstillstånd.

Ei veke før overfallet fekk altså «Kong Salomo» opphaldstillatelse. Er dette eit moment som vil bli vurdert i den komande rettssaka?

Samnytt har skrive utfyllande om saka her, her og her.

Og i ein artikkel bak betalingsmur, fortel dei om «13-åringen» sin Facebookkonto, som m.a. inneheld følgjande (mi utheving):

Kontoaktiviteten visar även ett stort intesse för muslimska predikanter och i synnerhet sådana från hemlandet Etiopien. Predikanternas budskap delas frekvent av Facebook-profilen.

Kontot delar även våldsamma videoklipp som visar mord och döda människor. Nedan följer skärmdumpar ur en video där en man ber om nåd men skjuts ihjäl med automatvapen.

Og her er det betimeleg å spørje: Korleis kan ein Facebook-konto som syner slike uhyrlegheiter ikkje ha blitt sensurert?

Kvar er SÄPO? Kvar var skulen? Kvar var sosialkontoret? Denne guten var i tillegg allereie kjend for kriminell verksemd, særleg retta mot jenter!

Overgriparen har også synt sine kunstnariske evner (og at han utvilsamt må vere langt eldre enn 13 år) – ved ein rap på YouTube.

Ein svenske har gitt følgjande kommentar til denne artikkelen:

Tänk er om det var en svensk som våldtog en muslimsk tjej. Tidningarna hade skrivit om Rasism/Vitmakt och klätt löpsedlarna i veckor.

Säkert läckt ut tillräcklig info för klanen att återta sin heder genom blodsutgjutelse.

Men när det är en familj som tillhör röstboskapet då är det synd om förövaren och polisbeskydd för hela tjocka släkten.

Till poliserna som skyddar denna familj om det nu är så.. Hur kan ni ens leva med er själva?

Rosetog eller demonstrasjonar for Jørgen Hattemaker?

Gløym det.

Ikkje ein einaste ein av dei overivrige Floyd-sympatisørane har ytra det minste vesle kvekk; ingen #Metoo-representantar, feministar eller menneskerettaktivistar har løfta ein finger for niåringen, som har fått livet sitt øydelagt av ein brutal barbar.

Tvert imot har ein lærar ved skulen ho går på publisert ein lang kommentar på Facebook – der ho er oppgitt over «hatet» og «rasismen».

Og politi og styresmakter kan også fortelje at guten og familia hans har blitt flytta bort frå Skellefteå på grunn av hatefulle og truande ytringar i sosiale medier.

Som alltid er det kong Salomo som vert verna. Som må beskyttast. Som er det eigentlege offeret.

Og sjølvsagt har det allereie vore hevda at valdtektsmannen lever «trangbudd». Har vakse opp i såkalla utanforskap og i vanskelege forhold. Noko som er det første og beste argumentet for full frifinning for alt som har med kriminelle dåder utført av mindreårige migrantar under 30 år å gjere.

Alf Prøysen kom sanneleg frå trangbudde kår sjølv; dei som har vitja Prøysentunet og/eller lese ein av biografiane om han (eg tilrår særleg Ove Røsbak sin), veit kva eg snakkar om.

Utruleg nok vart han likevel ikkje kriminell (sic). Tvert imot vart han (som starta som griserøktar) ein eventyrforteljar av dei sjeldne, ein forfattar og poet som spente vidt – som appellerte til både store og små. Mange av novellene, eventyra og visene hans høyrer til i vår nasjonale litterære kanon – er del av vår rike litterære arv. Vi litt oppi åra hugsar mellom anna stemma hans frå Barnetimen: «Å, du vesle sparegrisen min – nå skal du få tiåringen din…»

Ugløymelege, vidunderlege minner. Uforgløymelege, vidunderlege ord.

Konklusjon: For George Floyd gjekk dei svenske godheitsapostlane mann av huse. Politikarar, akademikarar og mediemogular kokte over av raseri og avsky – rosetog og demonstrasjonar vart utførte i n’te potens.

For den 9 år gamle tausa som truleg framleis ligg i kunstig koma – er det knystande stilt.

Ho – eller familia hennar – har ikkje fått ein skarve kaktus ein gong.

Kontrasten er ikkje berre slåande – den er skrikande.

Og graset er ikkje lenger grønt. For æille.

 

Ja fysst så vil je nevne min stilling og min stæinn
Je står og svarve hatter i Salomo sitt læinn
Sjøl bær’ je navnet Jørgen så skilnaden er stor
Men både je og Salomo kom nakne tel vår jord

Sola skinn’ på deg
Så skuggen fell på meg
Men graset er grønt for æille

Når liljene på marken i fager blomstring står
Og æille himlens fugler sin glade trille slår
Je nynne såmmå strofa i Hattemakergrend
Og morgendagen Salomo hva veit vel vi om den

Sola skinn’ på deg
Så skuggen fell på meg
Men graset er grønt for æille

Har Salomo sitt måltid med vin og fyllte fat
Je sug på tørre skorper og kæille det for mat
Men det vi gjer ifrå øss dit vi i lønndom går
Blir gras til hyrdens hvite lam og Sarons sorte får

Sola skinn’ på deg
Så skuggen fell på meg
Men graset er grønt for æille

Når dronninga av Saba gjør Salomo visitt
Je ser ‘a Lea Lettvint og hu har tenkt seg hit
Om leiet blir forskjellig frå silkeseng tel strå
Vi går mot såmmå paradis og hører harper slå

Sola skinn’ på deg
Så skuggen fell på meg
Men graset er grønt for æille

Når sola synk og dale bak slottets tårn og tind
Da kjæm den mørke natta med drøm og tankespinn
Da blir je sjøl kong Salomo og hæinn blir kæinnskje den
Som står og svarve hatter uti hattemakergrenn

Sola skinn’ på deg
Så skuggen fell på meg
Men graset er grønt for æille

 

En niåring kjemper for livet – og responsen er floskler

 

Kjøp «Klanen» her!

 

 

Les også

-
-

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.