Gjesteskribent

Fra filmen Bølgen (2008) regi: Dennis Gansel, et eksperiment i kollektivt gruppepress , autoritetstro og lojalitet.

Uttrykket «kumulativ radikalisering» vart skapt av den tyske historieprofessoren Hans Mommsen; og brukt i debatten (eller striden!) som splitta tyske historikarar frå 1986 til murens fall. Temaet var Holocaust, og om skulda for dette kun låg hjå Hitler og dei leiande nazistane, eller om samtlege tyskarar var ansvarlege for jødeutryddinga.

Mommsen var tilhengar av det siste; ei retning som vart kalla funksjonalisme, medan motstandarane – intensjonalistane – (representert ved m.a. professor Michael Stürmer), hevda at sidan Hitler skisserte jødeutryddinga allereie i «Mein Kampf», var han åleine ansvarleg for Holocaust. For Stürmer og hans tilhengarar, var det truleg vel så viktig å freiste «frikjenne» den vanlege tysker frå det ekstremt dårlege samvitet Holocaust etterlot seg; eit samvit som framleis i høgste grad gjer seg gjeldande, tre generasjonar seinare (sic!), og som også truleg har ein stor del av «æra» for uttrykket – og handlinga – «Wir schaffen das».

Nok om dette, historikarstriden løyste seg sjølv då muren fall.

Det tredje riket
La oss likevel halde fram i Tyskland; inga historisk epoke har vel gjort det enklare å forstå uttrykket kumulativ radikalisering enn dei tolv åra med nazistisk styre. «Det moderne» jødehatet var allereie rundt seksti år gamalt (jamfør t.d. Fedrelandslaget i Noreg, med sjølvaste Fridtjof Nansen og Christian Michelsen i spissen), no gjaldt det for nazistane å indoktrinere og å radikalisere også «mannen i gata».

Nokre viktige milepælar her, er først bokbrenninga 10. mai 1933 (ei oppfylling av forfattaren Heinrich Heine sin gåsehuds-profeti: „Das war ein Vorspiel nur, dort wo man Bücher verbrennt, verbrennt man auch am Ende Menschen.”), så Nürnberglovene (15. september 1935) – lover som i betydeleg grad innskrenka jødane sine rettar, og til slutt (i førkrigstida) «Krystallnatta» 9.-10. november 1938, då heile 1400 synagoger vart nedbrende, 7500 jødiske butikkar vart tilintetgjorde, 91 jødar vart drepne og rundt 30000 sendt i konsentrasjonsleir.
I ettertid vert denne pogromen rekna for å vere det eigentlege vendepunktet, den siste stasjonen før toga starta rulle mot Auschwitz og dei andre tilintetgjeringsleirane.

Radikalisering i krigstid
Så har vi radikaliseringa av SS-troppene, dei såkalla Einsatzgruppene, som fylgde i kjølvatnet av dei tyske framrykkingane i Polen, på Balkan og i Sovjetunionen. Totalt 3000 mann, fordelt på fire avdelingar, med klart definerte «arbeidsoppgåver»: Utrydde alle jødar, all intelligensia, alle politiske kommisærar, partisanar og sigøynarar.

Til å byrje med vart berre menn drepne, men sommaren 1941 (enten ved Heydrich 17. juni, eller ved Himmler 15. august) vart ordra gjeven til også å drepe kvinner og born.

Einsatzgruppene konkurrerte i å overgå kvarandre i antal drepne, og i bestialitet. Ein reknar med at desse tre tusen har ansvaret for nærare to millionar drepne. I parantes merka: For mange nordmenn kom det som eit sjokk då det etter Horst Tappert sin død kom fram at sjølvaste Derrick hadde vore deltakar i ei av Einsatzgruppene.

I vår tid
Kvar finn vi så kumulativ radikalisering i dag?
Vi treng ikkje gå langt.
Raymond Johansen sitt bruk av uttrykket «gutestrekar», til dømes.
Eit uttrykk eg vil tru i Johansen sin barndom handla om å kaste snøball på naboen sin bil, eller gå på epleslang og liknande.
Det RJ kallar gutestrekar i dag, er imidlertid av eit anna kaliber. Når kniv blir brukt for å tileigne seg ting (mobil og pengar, til dømes), er det rette namnet på «gutestreken» væpna ran.
Eller eit sitat frå varaordføraren i Oslo: «Det er kun et par prosent av kidza som har en sånn “Fuck the police-holdning“». Pytt, pytt, altså.

Og vi ser det i eskaleringa av voldsbruk, av stadig aukande bruk av knivar og skytevåpen. Volden eskalerer – og stadig fleire lar seg – eller vert – kumulativt radikalisere.

Kumulativ ekstremisme

Eit høgst interessant – og likelydande uttrykk – er «Kumulativ ekstremisme». På UiO sine sider, får vi følgjande forklaring:

«Kumulativ ekstremisme beskriver en situasjon der en type ekstremisme påvirker en annen i form av at den vokser eller blir mer ekstrem. Et nærliggende eksempel er hvordan islamsk terrorisme kan føre til at anti-islamsk ekstremisme blomstrer. Kumulativ ekstremisme er også nært beslektet med begrepet «gjensidig radikalisering» der to typer ekstremisme påvirker hverandre på en måte som øker sannsynligheten for voldelige konfrontasjoner. Slik gjensidig radikalisering forbindes ofte med samspillet mellom venstre- og høyreekstremister. I en tid preget av globalisering og polarisering er det knyttet stor bekymring til hvordan ulike former for kumulativ ekstremisme kan bidra til å forsterke konflikter mellom ulike grupper i vestlige demokratier. Samtidig mangler vi komparativ forskning på kumulativ ekstremisme, og vi vet derfor lite om hva slags omstendigheter og faktorer som fremmer eller hemmer det.»

Dette er eit scenarie vi diverre kjenner altfor godt. Ekstremisme knytta til vold er det så å seie kun islamske organisasjonar som har stått bak, men det ulmar og gløder på den andre sida også. Det ulmar og gløder hjå fleire og fleire av «folk flest»! Alle vi som står som makteslause vitner til stadig meir islamsk terror og valdsbruk, alle vi som snart har gitt opp å tru at våre politikarar er villege til å freiste finne konstruktive og fungerande (sic!) løysingar, alle vi som er sårt fortvilte og samstundes uendeleg leie av å måtte snu ryggen til, å måtte «la humla suse».

Vi treng ei radikal endring av dagens politikk. Men kvar skal DEN kome ifrå? Eg har inga løysing. Men eit nytt parti kan kanskje vere tingen? Noko må uansett gjerast. Fort! Innan den kumulative ekstremisma når kulmineringspunktet…

Filmtips:
«Die Welle», 2008
https://www.imdb.com/title/tt1063669/

Ein strålande opplagt Jürgen Vogel spelar hovudrolla i denne dramatiske filmen. Han er gymnaslektor i historie, og slit med å få studentane til å forstå at eit diktatur kan skapast også i dagens Tyskland.
For å prove at det er mogleg, får han elevane med på eit eksperiment.
Eksperimentet kjem snart ut av kontroll, det lever sitt eige liv, og lektoren mister grepet totalt.

Les også

-
-
-
-
-
-