Spør vi norske politikarar om kva norsk kultur er, får vi som regel rimeleg intetsigande og kunnskapslause svar. Her eit utval frå ulikt politisk hald (dei skal sleppe å bli nemnde): Brunost og vafler, pinnekjøt og rabbestappe, 17. mai og pølser, Kvikklunsj og graut, vinteridrett og dugnad, selbuvottar, stavkyrkjer og strikkegenserar.

Forbausande mange referansar til matrettar og klesplagg, altså – dog med dugnad og stavkyrkjer som heiderlege unntak.

Store norske leksikon innleier slik:
«Kultur brukes i en rekke forskjellige sammenhenger med ulike betydninger. Vanligst er det å snakke om kultur i forbindelse med tanke-, kommunikasjons- og atferdsmønstre hos mennesker, og da i både vid og snever forstand.

I vid forstand snakker man gjerne om «norsk kultur», som en samlebetegnelse på visse fellestrekk nordmenn deler. I snever forstand snakker man gjerne om «kultursektoren», som blant annet inkluderer kunst, musikk og litteratur.»

Kritikk: Mangel på finkultur
Det har vore hevda at norsk kultur er «mindreverdig». Vi finn nemleg ytterst få døme på såkalla finkultur (https://snl.no/finkultur) i kulturhistoria vår. Dette av di vi heilt sidan Svartedauden mangla adelsmenn og aristokratar; ei gruppe med stor makt både økonomisk og sosialt og som hadde tid og råd til å opptre som mesénar for evnerike kunstnarar av ulikt slag, særleg innan klassisk musikk (medrekna opera og ballett – fleire fyrstehus opererte med eigne «hoffmusikarar») og teater (Shakespeare mottok t.d. støtte frå to høgtståande adelege).

I tillegg var den katolske kyrkja ivrig støttespelar for biletkunstnarar og skulptørar. Både Leonardo da Vinci, Michelangelo og Rafael vart rikeleg framfødde med hjelp frå Vatikanet.
Alt dette slåande døme på finkultur.
Likeeins finn ein store skilnadar på norsk og europeisk kultur innan arkitekturen.

Multikultur det nye, store
Av nyare kritikk finn vi eit stigande antal døme på at alt vi gamaldagse grobianar har rekna som etnisk norsk frå høgste hald (og i stadig høgre grad) vert hevda vere nasjonalistisk, isolasjonistisk, ja, til og med rasistiske vurderingar (aka «tankegods») – for i denne vår trongsynte, tarvelege og tendensiøse vurdering, gløymer vi jo multikulturen, den einaste offentleg og offisielt gangbare kulturen, den som ingen eigentleg kan forklare, men det spelar inga rolle, for ingen vert heller beden om å gjere det.

Den er berre.

La gå med det.
Vi tåler kritikk!

Vi veit også at kultur er i stadig endring.
La gå med det også!
Men vi har uendeleg mange kulturskattar som vi må ta vare på, før dei druknar og går under i støyen kring multikultur og globalisme.

Norsk kultur sett frå eigen ståstad
For meg er norsk kultur – upresist og særs vidt skildra (og eg nyttar preteritum) – ei udefinerbar blanding av moral, etikk, humanisme og kristendom. Noko eg fekk inn med morsmjølka, noko som låg i lufta eg pusta inn, som omgav meg/oss både i klasseroma, på idrettsbanene og på nærbutikkane, når Besta og eg plukka poteter, eller når eg song godnattsongar for borna mine. Norsk kultur er (var?) bindeleddet mellom alle nordmenn, det minste felles multiplumet – hovudingrediensen i fantasiane våre, basiselementet draumane våre vert skapt av. Noko eg har med meg overalt eg ferdest, i utlandet ikkje minst! Noko som gav grunnlag for sinnstilstandar som samvit, skamvit, respekt for andre, toleranse, nestekjærleik – kort sagt: Dette var limet som heldt det norske samfunnet saman.

Norsk kultur er fedrelandskjensle. Norsk kultur er stoltheita (og denne har ingenting med nasjonalisme, isolasjonisme eller rasisme å gjere!) eg føler i å vere norsk, av å vere landsmann med t.d. Grieg, Hamsun, Gina Krog, Bronselaget, Thor Heyerdahl, Grete Waitz, Haaland, Aha, Nansen, Undset, kong Olav – og så vidare, vidare og atter vidare.

Document startar eiga kulturspalte
Noreg har ein rikhaldig song- og litteraturskatt, som i frustrerande grad går meir og meir i gløymeboka.

For å freiste kome denne uheldige og utilgivelege utviklinga i møte, vil Document no slå eit slag for denne særs verneverdige delen av norsk kultur. Dette ved å innføre ei fast spalte der vi presenterer dikt og/eller songar.

Underteikna vil fungere som redaktør, og eg oppfordrar våre lesarar og kommentatorar til å kome med eigne forslag og framlegg henta frå litteraturhistoria vår. Gjerne med refleksjonar og minner knytta til det enkelte skriftstykket!

Om interessa syner seg god, kan vi tenkje oss å utvide spalta ved å også inkludere musikk, prosa og film.

La oss saman slå eit slag for norsk kultur!

Håvard Hedde

 

inntil videre skriv til kontakt@document.no

ny epost kommer

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.