Kommentar

Eugene Delacroix Fanatics of Tangier (1837-38)

Ungdommeleg begeistring og idealisme er ei sterk drivkraft, som både sekulære og religiøse rørsler har nytta seg av. Sjølv i gammaltestamentleg tid var dei klar over kor viktig det var å oppdra barnet tidleg nok, slik Ordtaka 22, 6 vitnar om: «Lær den unge vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han blir gammal.» Det er i utgangspunktet ikkje noko gale med gode forsett og ideal,  for høgre enn ungdoms draum, når ikkje manndoms verk, som det er sagt. Men fordi barn  og ungdom så lett let seg påverke, risikerer dei også å bli offer for enten kyniske eller utopiske propagandistar. Ungdom frå Hitlerjugend var dei mest fanatiske soldatane i kampane ved Caen i 1944 og lojale mot Føraren i sluttstriden om Berlin heilt til hans død. Like eins var det den kritikklause ungdommen Mao kunne mobilisere under kulturrevolusjonen i Kina, grundig og godt skildra av Jung Chang både i biografien om Mao og i «Ville svaner«, familiehistoria hennar. 

Her til lands hadde vi AKP-ml som argumenterte for væpna revolusjon for femti år sidan og fanga mange idealistar i sitt garn. Terje Tvedt har betre enn dei fleste gitt oss innsikt i ideologiars forførande makt. Eit vitnemål om den tids dårskap finst også i Frances Vestins bok «Håndbok i barneindoktrinering«, der det står:

 «Den revolusjonære «elite» – de som har vært så heldige at de har klart å bryte ut – kommer til å bli et fåtall. Det kommer til å bli mer og mer uunngåelig å bruke vold.» 

Slik tenkte altså dei som dyrka revolusjonen for knapt femti år sidan, slett ikkje så ulikt Breivik – «det var grusomt, men nødvendig», og sjølvsagt i tråd med leninistiske dogme om kadrar og demokratisk sentralisme. Paradoksalt nok var det forlaget Pax (Fred) som gav ut boka med slik krigersk oppskrift.

Med Pol Pot og folkemordet i Kambodsja forsvann sverminga for våpenbruk, men ikkje for kulturrevolusjon, sosialisme og ideologisk hjernevask, som den radikale intelligentsiaen seinare har drive med frå sentrale stillingar i media, akademia og  politikk. Utopien skifta også delvis mål, frå det klasselause samfunn til det multikulturelle fellesskap, slik eg har skrive om  her. 

Dette gjorde det også nødvendig å skrive om historia ved kollektivt å ta sjølvkritikk på vegne av Vesten, og i staden framheve det positive ved andre kulturar og religionar.  Det verste er kanskje at lærebøkene som barna og ungdommane våre no har i historie, tek ei konsekvent antivestleg haldning, slik masteroppgåva til Kristoffer Tyssøy Høisæther viser. Denne vart først omtalt i Dag og Tid, men er på nett lettast tilgjengeleg på sidene til MIFF, der det også er lekkje direkte til oppgåveteksta. 

Siste skrik er å intervjue og framheve barn, som om dei kan gje oss svar på dagens og morgondagens problem, enten det gjeld innvandring, terror, økologi eller klima. I 2014 fekk 17 år gamle Malala Yousafzai frå Pakistan Nobels Fredspris som symbol på jenters og kvinners rett til utdanning, og no har tre stortingsrepresentantar for SV nominert den svenske 16-åringen Greta Thunberg til same prisen. Ho starta trenden med å skulke skulen for i staden å demonstrere for endra klimapolitikk. Eg får sitere eit Pauli ord frå 1. Tim. 4, 12: «Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik.» Viss nokon er å kritisere, så er det difor ikkje desse unge jentene, men heller dei som skyv ungdommar fram i rampelyset som talsmenn for eige syn. Barn som blir intervjua på fjernsyn veit stort sett ikkje anna enn det dei har fått seg fortalt på skulen og gjennom media. Røysta deira blir derfor berre eit ekko av meiningane som er gjengs i samfunnet, same enten desse er tufta på kunnskap eller på ideologi. 

Det er sagt at den som ikkje er radikal eller idealistisk som ung, har ikkje hjarte, men den som ikkje blir konservativ som gammal, har ikkje forstand. Motdagisten John Lyng, som enda som formann i Høgre og statsminister for den borgarlege firepartiregjeringa i 1963, skal ha uttrykt seg slik, men folk må ha tenkt i liknande baner lenge før han. Dei klassisk skulerte får kome med fasitsvaret om opphavet til dette fyndordet. 

I tidlegare tider og dei fleste kulturar har dei eldre hatt makta, truleg fordi dei sat inne med mest kunnskap og erfaring om korleis menneska kunne overleve i karrig natur. Når livskåra endra seg, vart det derimot ei ulempe med eit altfor konservativt og tradisjonsbunde samfunn og styresett. I nyare tid har vi gått i andre grøfta ved direkte dyrking av alt som er ungt, nytt og radikalt. Men det tidlegare uprøvde kan også representere ein risiko og ein blindveg. Revolusjonar har som regel gitt stor kostnad både for individ og samfunn.