Nytt

Walid al-Kubaisi har møtt Tariq Ramadan. Det skulle vært et intervju, men Ramadan lar seg ikke intervjue. Han omdefinerer spørsmålene, legger noe annet i dem, eller svarer ikke. Derfor ble intervjuet til en artikkel der Kubaisi reflekterer over det han hører.

Sjølvvald stigmatisering
Om ein høgrepolitikar hadde bede muslimane om å ta på seg ein halvmåne rundt halsen, for å skilja dei frå resten av folket, ville det vorte ramaskrik. Men det som skjer i Vesten, er det motsette. Muslimar tek på seg hijab for å skilja seg frå resten av folket. Men er hijab eit påbod i islam?

Eg diskuterte dette med Ramadan. Han meinte at alle tekstar provar dette påbodet.
– Du tek feil. Hijab er ikkje eit påbod, svara eg.
– Å dekkja til håret med eit sjal er eit felles trekk i alle semittiske religionar, men det har ikkje noko med islam å gjera. Og bror til Hassan al-Banna, farbror til mor di, meinte at hijab ikkje er eit påbod. Han synte meg ein gong foto av syster si, der ho kledde seg vestleg utan å dekkja til håret. Far hennar var teolog, og forfattar av tjue band islamsk teologi.
Tariq Ramadan smilte til meg og sa:
– Far til morfar min var liberal.
– Det er ikkje eit argument. Han var teolog og skjøna islam like godt som sonen Hassan al-Banna. Tanta til mor di var god muslim.

Mitt poeng er at hijab vart innførd av Muslimbrørne og har ikkje vore eit krav i islam før, men eit tradisjonelt kledeplagg. Så kvifor oppmodar Ramadan jenter om å bruke hijab? Jau, fordi det er ein politisk bodskap som stør politisk islam.

Unyttig samtale med Tariq Ramadan
Walid al-Kubaisi i Dag og Tid 12.februar 2010

Les også

-
-
-