Nytt

I ein tale i Ankara i dag tysdag 20 nov. gjekk Tyrkias statsminister hardt ut mot Israel for krigføringa mot Hamas. Recep Tayyip Erdogan meinte responsen på rakettangrepa frå Gaza ikkje kunne kallast sjølvforsvar. Han kalla Israel i staden for ein terroriststat og anklaga dei for etnisk reinsing:

”Israel is committing ethnic cleansing by ignoring peace in this region and violating international law. It is occupying the Palestinian territory step by step.”

Erdogan klagar FN for å sjå mellom fingrane med Israel. “On Monday, Erdogan said the United Nations «turned a blind eye» on Israeli attacks against Palestinians, accusing the international body of double standards against Muslims,” skriv Middle East Online.

Men så kjem det. Statsministeren for Natolandet Tyrkia seier så: «Sooner or later, Israel will answer for the innocent blood it has shed so far». At Erdogan har piska opp den antiisraelske stemninga i fleire år er kjendt stoff. Men her kryssar han ei grense.

Det er oppsiktsvekkande at ein Natoalliart kjem med så sterke truslar som dette mot eit naboland. Det er ei oppmoding om terror, krig og jihad mot Israel. Og dette kjem frå ein viktig alliert i Nato, vår eigen militærallianse. Ikkje berre er det ein alliert i Nato, men norsk statsrådar, vårt kongehus og vår statsminister har vore på offisielle vitjingar i landet dei siste åra. Dette er Jonas Gahr Støre si strategiske satsing inn mot den regionale stormakta frå småstaten og fredsmeklaren Noreg.

Det kunne vere interessant å vite kva vår nye utanriksminister no synes om dette, og om det vil bli reagert offisielt på ein slik krigsretorikk. Slike aggressive utbrot er ikkje tilfeldige kommentarar utan konsekvens. Det er den største krigsmakta i heile regionen som taler. Regionen er no på sitt mest eksplosive på mange tiår. Og så dette. Kva seier fredsnasjonen Noreg?