Kommentar

Harald Stanghelle i Aftenposten trur det er Kina som betalar First House for å undergrave Torbjørn Jagland sitt kandidatur som fortsatt leiar av Nobelkomiteen. Dette er ein så sensasjonell og spekulativ teori, at ein må reise spørsmålet om ikkje Stanghelle villeiar oss med overlegg. Kina ligg bak i kulissane, sjølvsagt, men det er ikkje Kina som dreg i trådane, det er det sjølvsagt Jonas Gahr Støre som gjer.

Det er ikkje Morten Wetland si kopling til First House og eventuelt Kina som ligg bak innlegget han hadde i Dagens Næringsliv om Torbjørn Jagland og Obama sin Nobelpris, det er sjølvsagt relasjonen Wetland har til Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og AP.

Likevel er ikkje Stanghelle innom dette momentet i det heile. Wetland sine tette band til AP blir ikkje nemnt. Korleis er det mogleg å skrive om Wetland i denne saka utan å nemne at Wetland er ein sentral bakmann i Arbeiderpartiet og ein nær alliert til Jonas Gahr Støre?

Dei to arbeidde tett saman på Statsministerens kontor under Gro Harlem Brundtland. AP-mannen Wetland blei seinare statssekretær for både Brundtland og Torbjørn Jaglands regjeringar. Han gjorde mellom anna grunnarbeidet for Gro Harlem Brundtland når ho skreiv sin autobiografi. JGS fikk sidan MW utnemnt til FN-ambassadør i strid med innstillinga frå UD sitt eige embetsråd i 2008.

MW er altså en sentral og betrodd bakspelar for AP og for Brundtland, Stoltenberg og Gahr Støre spesielt. Antagonismen mellom desse tre på ei side og Jagland på den andre er allment kjent. Det var dessutan under JGS som utanriksminister og med Stoltenberg som statsminister at Jagland gav fredsprisen til Liu Xiaobo – imot JGS og regjeringa si vilje. Når Morten Wetland no går ut og sender ei salve i retning Jaglands kandidatur kjem difor krutrøyken frå eliten i AP.

Det er difor ikkje Kina som no hemnar seg, det er JGS. Kina sin hemn har vi alt fått kjenne. Dette forstår Stanghelle, men i staden mistenkjer han First House og konsulentbransjen. Før nokon andre rekk, eller ønskjer å peike på den openberre koplinga til AP og JGS, kjem Stanghelle med oppsiktsvekkande ryktespreiing. Det er forunderlig. Det liknar ein avleiingsmanøver: Ingen skal mistenkje Gahr Støre eller AP for å drive kampanje mot ein av sine eigne! Ingen skal forstå at Noreg sin mulige neste statsminister straffar Nobelkomiteen sin leiar for å tekkjes Kina.

JGS vil ikkje vere den som gjer knefall for Kina. Slik vil han ikkje framstå. Det ville også svekke Nobelprisen og Norge sitt renommé og vår integritet.

Det handlar truleg heller ikkje berre om hemn. JGS legg planar for si statsministergjerning frå 2017. I planane han har som statsminister høyrer neppe Jagland med i koreografien. Nobelkomiteen er alt for viktig for Noregs posisjon og sjølvbilete til at det kan vere i hendene på ein laus kanon som Jagland.

Eg tipper at JGS heller tek støyten; det blir ei ny ripe i lakken for Noreg om vi kaster Jagland, men JGS reknar nok med at regjeringa vil få den kraftigaste støyten, og dessutan Kina og no First House. AP og JGS vil få sitt, men mykje tyder på at så lenge Høgre og Frp sit i posisjon blir Ap skjerma, slik dei blei i Dalai Lama-saka.

Spørsmålet er om Stanghelle er med på dette?

Det som styrkjer mistanken om at Stanghelle styrer framstillinga i feil retning med vilje, er ikkje berre at han overser den openberre røyklukta som kjem frå Youngstorget, men at han som den erfarne redaktør han er, bruker rykte som basis i ei så alvorleg sak, og det utan ein gong å spørje First House. Som ein parafrase frå Paulus kunne ein seie at det han veit, det skriv han ikkje, men det han ikkje veit, det skriv han.

Morten Wetland er ein av dei fremste strategane i AP – og ein nær medspelar til JGS. Når MW går ut i DN og undergrev Jagland i denne svært vanskelege saka for både regjeringa og for AP, med sensitive opplysningar frå stabssjefen til Obama via den norske ambassadøren i Washington, då er det heilt usannsynlig at Wetland berre skriv om privatperson, som han sjølv seier det. Det er nesten ikkje tenkjeleg at ikkje venen og strategen har klarert dette med Jonas Gahr Støre. Kvifor vel Noregs viktigaste politiske kommentator å oversjå dette?

Det kan sjølvsagt tenkjast at det er Kina som står bak, og det ville i sanning vere sensasjonelt. Poenget er likevel at Kina ikkje treng bruke First House. Vi har nyleg sett at Kina kan påverke oss direkte utan å gå i det skjulte. Kvifor skulle dei?

Folket, derimot, i det store og heile, med media i front, har lite sympati med Kina og realpolitikken i denne saka om Dalai Lama og fredsprisane. Folket er lært opp i den humanitære idealismen og forstår ikkje at vi må ta omsyn til makt og økonomi. Jagland har difor indirekte fått sympati for si line, og sidan Dalai Lama-saka vekte sterke kjensler i landet vil ingen politikar no ha lyst til å vere den som fjernar Jagland som leiar av Nobelkomiteen.

Ein kampanje mot Jagland vil difor bli tolka som knefall for Kina. Slik symbolpolitikk forstår JGS seg svært godt på. Problemstillinga er dessutan forståeleg og legitim. Kina-saka er problematisk. Det som er sikkert er at Jagland er ein laus kanon. Prisen til Obama er det beste døme på dette. Wetlands refleksjon er sjølvsagt svært interessant, og etter alt å døme heilt rett. Prisen må ha gjort Obama rasande.

Det gode for AP var sjølvsagt at regjeringa blei liggande å steikje einsam i sitt eige fett, sjølv om ei AP-regjering naturleg nok helle ikkje ville tatt i mot Dalai Lama. Men ikkje ein journalist (med unntak av BTs kommentator) har reist spørsmålet om kanskje AP og deira komande leiar og utanrikspolitiske guru ville møtt tibetanaren. Nei, AP og JGS blei fint skjerma i media. Det er forunderlig om dei no skal klare å få Jagland bort samtidig som Kina og First House framstår som manipulatoren i kulissane, alt medan H/Frp-regjeringa ligg der og putrar i panna. For eit spel. Og Stanghelle er med.