Der er ei internasjonal rørsle på gang som vil boikotte Israel. Det vil og dei kristelege ungdomsorganisasjonane KFUM og KFUK. Av alle land har dei valt seg ut Israel. Dei kunne ha leita seg fram til andre land i Midtausten eller Afrika, eller dei kunne valt seg Kina. I omtalen av fredsprisvinnaren Dalai Lamas besøk i Det Kvite Hus nyleg, nemnde reporteren at til saman tjue tibetanske nonner skal ha brent seg til døde i protest mot den kinesiske okkupasjonen av Tibet. Kinas okkupasjon begynte 1950 og er omtrent så gamal som staten Israel.

Etter den tid er Kina blitt så økonomisk mektig, at mange statsleiarar verda over kvir seg for å støyte landet. Dette risikerer ein ved å ta i mot Tibets åndelege leiar.

Dalai Lama reiser stilt omkring på jorda. Reiser rundt med ein bodskap om god vilje, tru på forsoning og fred. Men Tibet er i hans hjarte, Tibet er i det store smilet og i fredshelsinga, dei flate hendene som han løfter mot verda.

President Obama tok nyleg i mot Dalai Lama, men ikkje i det Ovale rom. Bildet frå møtet viser Obama, utan sitt breie smil. Det ville Kina kanskje ikkje likt? Andre statssjefar, med mindre makt i verda held Dalai Lama på større avstand, jamvel utanriksministrar kvir seg. I mai kjem Dalai Lama til Norge. Vår eigen regjering har nå valt ikkje å ta i mot han.

Etter kvart går verda på katteføter rundt Kina – for handelens skuld. Men det kan vere eit kjøp på forskot. Rekninga vil ein måtte betale seinare.

Ungdomsrørsla KFUM og KFUK, og den før omtalte verdsrørsla som vil bokotte vesle Israel, kunne ha valt å gå ut mot Kina på vegne av dei brennande nonnene – eller i protest mot at Kina ennå held fredprisvinnaren frå 2010, Liu Xia-obo i fengsel.

Den kinesiske okkupasjonen av Tibet er hard. Dalai Lama er i exil og stengt ute. Landet er stengt inne, liksom Liu Xia-obo. Nøkkelen er i Bejing. Den tibetanske kultur, ein mektig verdsarv, er i fåre. Eit folkemord er i gang! sa Dalai Lama i ein tale i Tokyo nyleg. Kven vågar hente nøkkelen i Bejing?

Ein kan kanskje ikkje vente at KFUM/KFUK skulle gå laus på molokken i verda. Vi kunne heller ikkje vente at utanriksministeren vår vil ta i mot Dalai Lama, fredsprisvinnaren. Utanriksministeren sa nyleg at ei av hans fremste oppgåver er å betre forholdet til Kina. Dette har skranta sia Nobels Fredskomite for vel tre år sia gav dissidenten Liu Xia-obo fredsprisen. Nå står auka eksport av laks til Kina på utenriksministerens prioriteringsliste. Då tar ein ikkje mot ”ulven i fåreskinn”, som Kina kallar Dalai Lama.

KFUK-K har alt agitert ei tid for sin Israel-boikott. Der er krigar i gang i Midtausten; Syria går opp i flammer, bomber eksploderer rett ofte i Irak, Sunnimuslimar og Shiamuslimar er i blodig krig. Islamistrørsler presser kristne ut av Egypt, Syria, og Irak. 80 kyrkjer skal vere brende i Egypt. Ein kristen exodus er i gang frå verdas eldste kyrkjelydar. Kven vågar løfte fana mot dei som pressar kristne ut av Egypt og Midtausten?

I den lange rad av moglege boikott-land har president Vladimir Putin meldt på Russland. Det gjekk ikkje slik presidenten ville i Ukraina. Så sende han soldatar inn i det utarma, men frigjorde Ukraina. Med eitt blir dei fleste andre boikott-mål små. I Europa gjeld det nå å sikre fred og berge fridom både i Ukraina og her. Den internasjonale rørsla og KFUM/KFUK, som vil boikotte Israel må få gå sitt løp.. Den er ei av mange som gjennom åra har sikta seg inn på Israel som eit boikott-mål. Landet som arabarane i si tid ville utslette, som Iran nå vil utslette. Som Hamas vil, som vi ventar Israel skal avtale fred med.

Israel må få kritikk når det gjer feil, handlar galt, men må få ros for å ha bygt opp eit fritt, demokratisk samfunn, endå det måtte skje med sverd ved lend. Men Israel er ufarleg å boikotte. Kina må vente, og Russland. Nonnene i Tibet også?

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene som vi skriver om. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.