Nytt

I bokhandelen som ligger i samme bygg som Islamsk Råd, selges bøker med grov antisemittisme, sier Sara Azmeh Rasmussen til Vårt Land.

Ho er oppskaka over boka som er på arabisk og, som ifølgje det Azmeh Rasmussen har fått opplyst, er subsidiert frå Saudi-Arabia. Boka heiter i Azmeh Rasmussen si omsetjing: Jødiske overgriparar – og landet deira Israel. Ifølgje Azmeh Rasmussen er innhaldet like ille som Hitlers antisemittisme.

Dei eldgamle løgnene om ein jødisk verdskonspirasjon vert spreidde. Ved å slå opp nærast på måfå fann Azmeh Rasmussen eit avsnitt der jødane vert håna som lumske, forræderske, griske og sleipe og at jødehatet har si forklaring i desse eigenskapane hos jødane. Slikt står saman med koranvers og religiøse utleggingar, skrive av ein lærd mann.

I bygget med moskeen og bokhandelen held også Islamsk Råd til. Generalsekretær Shoaib Sultan avviste i Dagsnytt 18 måndag kveld ansvar for bokhandelen og moskeen. Men Sara Azmeh Rasmussen meiner Islamsk Råd likevel ikkje kan lukke augo for den litteraturen som alle som skal til rådskontora, passerer. Boka er framleis til sal, for 55 kroner.

Jødar vert stempla som sleipe og griske i muslimbok

Les også

-
-
-
-