Poesi

Du er den du er, seier havet
Kven er eg?
Ein symjar på brådjupe vatn
ein siglar ovanom skyer
søkk eg i kvinnehender
flyt eg på eigne ord
styrer eg skipet i blinde
høyrer eg døden rope
er eg ein tapar
som ikkje har mot til å vinne
anna enn strid med menn
mens livet livet
det mjuke livet
glid over mi panne som søvn
du er den du vart, seier havet,
bli ny

Åse-Marie Nesse Av hav er du komen (1970)