Medan demonstrantar deltek på markeringar i Oslo, manar preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit til fridom og respekt for skilnadar Gud har skapt.

– Rasisme er ein brutal røyndom, og den spreiar seg igjen med ei stor kraft, seier han.

Han gir sin støtte til fredelege demonstrasjonar mot rasisme.

– Mangfaldet som Gud har skapt oss med og til, er vorte skiljer, diskriminering og konflikt. Rase er ein konstruksjon. Vi får ikkje puste, seier han.

Rasisme finns overalt i verda, meiner Fykse Tveit. Han lengtar etter ein fridom der alle kan vere seg sjølve. I følgje han, viser dei skremmande bileta frå Amerika at det motsette pregar livet akkurat no.

Han meiner kyrkja har ei viktig oppgåve i å stå opp for dei undertrykte i heile verda.

– Vi står saman med vår søsterkyrkje ELCA i USA i deira kamp mot rasisme. Den fredelege kampen er eit uttrykk for kva det betyr å vere kyrkje. Våre bøner er med dei som strever for rettferd og fred, avsluttar han.