Nytt

Per Steinar Runde har en utførlig, detaljert gjennomgang av «innvandrerregnskapene» som SSB, Frisch-senteret og Brochmann-utvalget har kommet med. Men den virkelige regningen er langt større og berører mer enn bare økonomi:

Sjølv dagens direkte utgifter til Utlendingsdirektoratet og til «Integrering og mangfald» på 11-14 milliardar per år blir små samanlikna med tapa skissert ovanfor. Men dei aller største utgiftene ved vidare innvandring og folkevekst har verken Frischsenteret eller Statistisk Sentralbyrå teke med. Sjølv om den etnisk norske befolkninga vil minke frå 4,2 millionar til godt under fire i løpet av dette hundreåret, vil folketalet pga innvandring stige bratt: til sju millionar i 2055 og 9 millionar i 2100 etter middelalternativet til SSB, og til seks millionar i 2027, sju millionar i 2045 og ni millionar i 2086 etter høgalternativet. Kanskje kan det gå endå verre. Så seint som i 2005 spådde SSB at vi først ville nå fem millionar i 2020, og bomma med åtte år! Sjølv i ei tid der BNP veks, har den raske auken i folketalet gitt lågare BNP per innbyggjar i alle år frå 2008-2011. Men framfor alt vil dette i tiåra som kjem krevje enorme utgifter til ny infrastruktur. Aukar folketalet med 2 millionar før 2045, treng vi alt om 30 år ein 40% auke i talet på barnehagar, skular, husvere, transportkapasitet, sjukehus, sjukeheimar og fagfolk av alle slag. Leiar for liberalistane i Civita, Kristin Clemet, har også her på Verdidebatt skrive at det er ikkje innvandringa, men velferdsstaten det er noko gale med. Sjeføkonom i LO, Stein Reegård, har ei meir nøktern og realistisk oppfatning. I Dagbladet 2. juni i fjor sa han det slik:

«De to høyreideologene (Clemet og Hegnar) bygger opp under forestillingen at innvandring løser viktige samfunnsutfordringer. Jeg nøyer meg med å påpeke at ‘mangel på arbeiskraft’ nok er relevant fra en enkeltbedrifts eller -bransjes side, men gir liten mening for et samfunn. Grunnen er at nye arbeidstakere i sin tur mobiliserer arbeidskraftbehov og etterspør boliger, tjenester og offentlige ytelser som oss andre».

I møte med Stortingets finanskomite 18. oktober i fjor sa Reegård det så enkelt : 

«Hver gang det kommer en innvandrer, så trenger vi en ny for at den første skal få bolig, helsestell, barnehagetilbud, transport, osv.»

Runde kvier seg ikke for å si hva det er som kan stanse en slik utvikling der nordmenn blir i mindretall og utgiftene galopperer:

Konklusjon

Skal ein bevare velferdsstaten, kan ein berre tillate eit minimum av innvandring; til dømes midlertidig asyl for reelle flyktningar og varig opphald berre for spesialistar som landet treng. For å realisere dette, må både EØS- og Schengen-avtalen seiast opp, og vi må erklære oss ubundne av dagens tolking og praktisering av menneskerettserklæringar skrivne i ei anna tid og for heilt andre tilstandar. Slike tiltak er sjølvsagt svært urealistiske i dag, men vil kunne tvinge seg fram på lengre sikt. Fram til då får alle innvandringsliberale seie ope og ærleg at dei prioriterer utlendingar framfor fattige, arbeidslause, sjuke, uføretrygda og eldre blant sine eigne landsmenn. Noko anna vil vere hykleri eller kunnskapsløyse.

Hele artikkelen sto på verdidebatt.no: http://www.verdidebatt.no/debatt/cat1/subcat6/thread377068/#post_377068