Avskrift av Erling Lægreids bidrag til folkeopplysning i Dagsnytt Atten tirsdag (se Hans sin kommentar «Rødt kort til Lægreid» under):
«Då Bush vart vald til president med et mindretall bak seg, jubla palestinarane, medan isralerana frykta det verste. Republikanerane har nemlig hatt et meir rasjonelt forhold til Israel enn demokratane, for nesten alle amerikanske jødar stemmer demokratisk. Og Clinton-administrasjonen var dominert av jødar. Men alle tok feil. Bush har avvist all kontakt med palestinerane, og har gitt de israelske haukene full ryggdekning.
I og med at jødane dominerer medie- og underhaldningsindustrien i USA, er det umogleg å styre landet utan å ha dei amerikanske jødane i ryggen. For ikkje å snakke om dei kristne fundamentalistane, og dermed den moralske majoritet. Clinton prøvde med dialog, Bush snakkar berre med høgtaler – med handa på revolveren. Dermed har han styrka dei aggressive kreftane i Israel, fundamentalistar, nasjonalistar og settlarar. Når vi veit at det israelske valsystemet berre har éin valkrets, og ingen prosentsperre for partia, er det ikkje rart at 26 parti stiller til val, og at truleg 18 parti blir representerte i det nye Knesset. Karismatiske og fanatiske enkeltpersonar kan lett kome inn, og derfor dreier israelsk politikk seg mykje om kjøp og sal, og personlege interesser.
Landet har vore ridd av korrupsjonsskandalar i 30 år, og det er så vanleg at ingen lenger reagerer. Det får i alle fall ingen politiske konsekvenser.
Samstundes har Israel blitt meir og meir et orientalsk land, fordi dominansen frå dei velutdanna europeiske jødane har forvitra. Nå blir folkeflertalet styrt av kreftar utan demokratiske tradisjonar. Ideologiane er døde, og gruppeinteressene har overtatt som politisk basis. Det er eit mønster vi kjenner igjen frå mange utviklingsland.
Men mange er forundra over at religionen ikkje greier samle folk og utøve ein moralsk autoritet i landet. Men jødane er like splitta religiøst som politisk. Dei ortodokse aksepterer ikkje ein gong den israelske staten. Og fredsrørsla har forstumme, kvar palestinar er ein fiende. Eg veit ikke om jødane framleis ventar på ein —- Messias, men en Nelson Mandela hadde kanskje vore like nyttig.»