Gjesteskribent

Antisemittismen har ei lang historie bakover, og det er for tidleg å snakka om ettermælet – ideologien er i høgste grad levande – og faktisk aukande.

Dei fleste tek sterk avstand frå denne fæle ismen, men seier seg gjerne å vera sterk tilhengjar av den ferskare antisionismen. Men er dei  ikkje – barn av same mor – to sider av same sak? 

Antisionistane meiner ikkje det.  Ein av dei uttrykte seg i ei avis nyleg med desse orda: «Eg er ikkje antisemitt, men antisionist. Eg og kanskje dei fleste antisionistar har ingenting i mot jødar som folk, korkje i Norge eller i andre land inkludert Israel. Men eg er ein ihuga antisionist, med bakgrunn i sionistleiarane sine gjerningar i Midtausten…….»

Det er altså sionistleiarane og det dei har fått til – den israelske staten, og det den har føreteke seg som er årsaka til den uforsonlege haldninga: – «Bort med Israel!»

Men ein kan spørja: Kva er vel israelstaten utan jødar?  Finst det ei folkegruppe som er tettare knytt til sin stat og er meir lojal og oppofrande mot sine føresette?

At det finst  5. kolonistar – jødiske quislingar – er heilt sikkert. Og dei vert brukte som gislar og stråmenn i denne striden. Dei blir hyra inn og driv sitt verk mot Israel – godt løna av utanlandske organisasjonar.

 Eit jødefritt Israel? 

Det finst hundretals organisasjonar frå andre land som brukar israelske stråmenn. Her hjå oss har me det statlege Utanriksdepartementet som med milliardar støttar terroristar og propagandatiltak for å delegitimera jødestaten. Vidare har Den norske kyrkja med Mellomkirkelig råd og Kirkens Nødhjelp eit stort engasjement med såkalla «ledsagerprosjekt» – med tendensiøs og  einsidig vinkling på konfliktsituasjonen ved dei såkalla check point. Her fylgjer også KFUK-KFUM sterkt opp med propagandautspel – dei skal bruka 20 millionar frå Operasjon Dagsverk til palestinske søsterorganisasjonar og til innanriks agitasjon vendt mot norske vidaregåande skular. 

Palestinakomiteen, SV, Raudt og  MDG, LO, og fleire bykommunar – Troms og Trondheim går inn for boikott, – og heile medielandskapet støttar opp om denne «tekkelege» antisionismen – ved å underkommunisera og fordreia hendingane rundt staten Israel.

Kor mange har fått vita at det er 3000 mål skog og 15000 mål åker og eng som er svidd av og øydelagde av brann etter meir enn 500 terrordrakar sendt frå Gaza inn over Israel med brannbomber – av fredelege demonstrantar?

Nei, i NRK, NTB og alle riksaviser heiter det berre at «israelske militæra skyt med skarpt mot fredelege demonstrantar».

Alle desse nemnde organisasasjonar seier seg å vera «dei sanne venene av jødane».

Antisemittismen har ikkje skifta sinn – han har berre fått seg ny hatt.

 

Støtt oss

Vi setter stor pris på om du kan gi et månedlig beløp. Dette gir oss en forutsigbar inntekt og gjør oss i stand til å publisere mer og bedre. 

Bestill Douglas Murrays bok “Europas underlige død” fra Document Forlag her!