Det er overraskende å sjå kor korttenkt nesten alle ser ut til å vera når det gjelder Trumps/USAs utspell om Grønland. Nokre er skadefro og synes dette er tilpass for Danmark. Andre synes kravet er forståelig: Danmark er for svakt, vi er for svake, vi kan ikkje forsvare Grønland – ikkje no, ikkje i framtida. Dessuten er det ingenting å forsvare. Atter andre forstår at Grønland har enormt med ressurser, men meiner at da må sjølsagt Danmark gi frå seg dette – USA må få det. Eller kanskje USA vil betale – eller kanskje ikkje, Grønland er fristillt, så kvifor skal USA betale Danmark?
Mange seier at at det enkleste og greieste er at grønlenderane sjøl får bestemme. Men det er korkje enkelt eller greit. Det er under 60 tusen menneske på Grønland, og det betyr at berre 30 tusen menneske ville vore eit fleirtal som kunne låse utviklinga med enorme konsekvensar for mange millionar av menneske. I alle høve må Norden før noko slikt by Grønland bedre vilkår enn USA, og her er felles løft saken. Men det er også vanskelig, når det einaste dei fleste er einige om, er at vi er så stakkarslege at vi kan ingenting gjera.
Denne husmannsånda har vi sett før her til lands, med katastrofale følger. I 1872 foreslo Svenska Vetenskapsakademien til Kong Oscar at Svalbard skulle underlegges Norge, men den norske regjering fraba seg dette, med grunngjeving at det ville bli for dyrt!! Så, i 1896 kom den norske ishavsskipperen Søren Zachariassen til Tromsø med ei last med kol i frå Svalbard – og deretter ville alle ha Svalbard. På fredskonferansen etter 1. verdenskrig i Paris i 1920 vart Norge tilkjent området på visse vilkår. Norge var ytterst underdanig og måtte nesten pådyttes Svalbard, og vilkåra vart som dei vart. Etter den tid har Norge eit kjempeproblem med Svalbard – på grunn av korttenkt husmannsånd.
Så når det gjelder Grønland, Island, Færøyane, var vi litt tafatte i 1814. Fordi Norge anerkjente aldri Kiel-traktaten, men laga ei grunnlov der det står at Norge er et fritt og udelelig rike. Patriotene på Eidsvoll kunne lett ha kome på den tanke å føye til ein setning om dei norske riksdelene i vest. Det hadde ikkje gjort nokon forskjell i 1814, og det er altfor mykje forlangt at dei gode menn på Eidsvoll skulle vera så framsynte at dei kunne sjå for seg at slike formuleringar i grunnloven kunne bli artige poeng å ha i 1905 og 1933 – og i 2026. Verre vart det av at Norge langt på veg godtok dansk suverenitet ved gjeldsoppgjøret i 1819 og ved seinare høve.
Men også ellers finn vi denne tafatte innstillinga. Oljeleiting var nyttelaust, alle visste da at det var ikkje olje i Nordsjøen. Så, lille julaften 1969, vart det funne eit stort oljefelt i Nordsjøen – Ekofisk – men sjøl da funn var eit faktum, var reaksjonen hos mange at dette kunne ikkje Norge ta seg av, vi hadde ikkje kompetanse, ikkje kapital, ikkje grunnlag for noko slikt – nei, selg rettighetene til amerikanske oljeselskaper, vi kan sikkert få fleire millioner!
Men så er det heldigvis mange eksempel på fornuft. Avvisninga av Kiel-traktaten og Grunnloven er nemnt. Tidlig på 1900-talet fekk vi industrikonsesjonslov og vannfallsrettighetsloven, og heimfallsrett på vasskrafta vår. Seinare vart olja ein rikdom under nasjonal kontroll, men til gagn for alle aktørar, oljeselskapa inkludert. Norge kan som få andre, hvis vi løfter blikket opp frå skoa.
Så er det slik at i dag er det ikkje mange som forstår dei verdiar Grønland har. Dette kjem nok mykje av at i Oslo føler dei fleste seg nærare dei kontinentale delane av EU enn det eigentlige Norge, som er fjernt for Oslo. Derfor manglar også historia om Norge og Grønland, der norske fiskarar hadde stor hamn, store anlegg, Nordanfar, på Grønland, saman med færøyværingar, danskar og islendingar. Det nære samkvemet mellom Sunnmøre og Grønland har vara til denne dag. At dagens befolkning på Grønland har ca. 30 % nordisk DNA, har nok ei høgst naturlig forklaring.
Men dei fleste kjenner den eldre historia, at Grønland vart først busett av nordmenn ca. år 985 og sida under dansketida som ein norsk del av Danmark–Norge til 1814.
No må vi sjå framover. Da kan vi sjå at Trump sitt utspell er ei lissepasning til Norge og Norden. No har vi sjansen: Vi kan nytte denne krisa til å få forståelse for eit langt tettare nordisk samkvem, vi kan starte arbeidet med å få Norden saman i eit statsforbund. Lykkast vi med det, er Grønland sikra som eit av Nordens land og riker, og vi kan tilby Grønland sjølstyre og særs gode vilkår i dette statsforbundet. Påstandar om at det er berre USA som kan gi 60 tusen menneske på Grønland gode levevilkår, er propaganda så grov at det er latterlig.
Men dette gjeld ikkje berre Grønlands framtid, det gjelder også Danmarks og Nordens framtid – og ikkje minst Norges. I dag er Norge omgitt av naboar som er EU-medlemmar, og EU er fiendtlig innstillt til norsk kontroll over land og havressurser – og ikkje minst Norges status på Svalbard.
Dette er i lengda ein uholdbar situasjon. Island er også veldig utsett, dei kan vanskelig klara seg aleine – og slett ikkje Færøyane eller Grønland. Skulle islendingane utvikle kollektiv kugalskap og gå inn i EU, ville Norge verkeleg vera ille ute. Vi må finne eit alternativ.
Svaret er opplagt: Norge, Island, Færøyane og Grønland må danne eit felles forbund – eit statsforbund. Da må Danmark vera med, og no, i denne vanskelige situasjonen, kan Danmark sjå at dette er redninga. Einaste redninga. Så i neste omgang bør jo Sverige og Finland henge seg på. USAs trugsmål mot Grønland fører til eit samhold, til ei brekkstong vi kan bruke.
I eit slikt statsforbund ville Norge hatt sine naboar som venner og medspelarar og ikkje som motmenn. Svalbard vil heile Norden stå bak. Og – ukjent i Oslo, men uhyre viktig – dei store fiskeriressursane og den hyperviktige mulighet for felles ressursforvaltning etter bærekraftig norsk forvaltningspraksis, av heile det nordlege Atlanterhav. Det ville bli interne diskusjonar, jovisst, men utad: einig og tru til Kvitserk faller! (Kvitserk, Grønlands høgste fjell, gamalt landemerke på austkysten for norske sjøfolk.)
Som forbundet Norden så presist forklarar, til sammen ville vi vera ein formidabel region, og den forsvarsmakt vi ikkje har, må vi og kan vi bygge opp. Denne gongen har den fattige ynkelige husmann Norge ressursar og pengar til det. Og vi er ein stor fiskeri og sjøfartsnasjon. Eingong hadde vi også ein marine, det vil vi få igjen, i tett samarbeid med The Royal Navy, som også hadde ein marine ein gong, den gongen Britannia ruled the waves… Og det er mange andre utfordringar som også må overvinnes. Vi har innvandringsgalskap, klimagalskap og dertil hørande økonomisk galskap. Men alt dette må vi uansett ordne.
At Danmark, Sverige og Finland er medlemmer i EU, er eit problem, men hvis dette statsforbundet vart danna, ville EU måtte gå med på handelsavtaler. Mot Norden som blokk har ikkje EU så mykje å stille opp med, og handel vil alle ha. Mange i Norge meiner jo, truleg med rette, at Norge aleine vil få brukbare handelsavtaler med EU om vi går ut av EØS. Vi har ein gamal handelsavtale, og vi har varer EU vil kjøpe.
Tilbake til sikkerhet: USA har utvilsamt sikkerhetsinteresser på Grønland. Og Danmark har stilt seg veldig dumt på mange vis, særleg ved å fristille Grønland, slik at grønlenderane er fri til å forlate dansk tilknytning og kan finne på å takke ja til kinesiske tilbud. Men USA har i avtale med Danmark frå 1951 tilgang til å bygge dei basar dei vil på Grønland. Danmark er med i NATO. USA har dei muligheter dei trenger allerede, og vil no lett forhandle fram fleire. Derfor gjelder dette ikkje berre sikkerhet for USA, dette gjelder å sikre seg ressurser – og verre: land. Fordi når Trump også seier at Canada helst skulle vore ein del av USA, kan det tyde på at han ser for seg eit super-USA som omfatter alt frå Mexico og nordover: Canada, Grønland og Alaska – alt skal vera USA. Det kan forklare dette voldsomme kjøret. Trump ser sin sjanse no.
Den viktigaste linja for NATO og USA går i frå Svalbard austom Bjørnøya og til Vardø. Derfor vil ikke USA gå ut av NATO, og derfor vil ikkje USA godta at Russland overtar Svalbard. USA kan som alle traktatpartar etablere sivile verksemder på Svalbard, men er dette godt nok for USA? Det ville vera fornuftig av USA å sikre seg Svalbard før Russland gjer det, og Norge stiller svakare på Svalbard enn Danmark på Grønland. Danmark har handla dumt og korttenkt når det gjelder Grønland, men Norge har i alle år handla enda mykje dummare på Svalbard – tilslutt no lagt ned drifta av kolgruver i verdensklasse og godtatt stadig mindre norsk og stadig meire utanlandsk aktivitet på øyane. Om det ikkje er nokon som vil stille for å kjempe millitært mot USA i forsvar av Grønland, er det i alle fall ingen som stiller for Svalbard. Mister Danmark/Norden Grønland, vil Norge miste Svalbard. Dette skjønar dei neppe, dei som meiner at USA kan no berre få Grønland – Danmark sitt problem, ikkje vårt (Norge, Kiempedaarers Fødeland).
Igjen, Statsforbundet Norden ville stå langt sterkare her, og ny bedre avtale om Svalbard er også tenkelig hvis USA fekk sikkerhet for at Svalbard–Finnmark er NATO sitt område, og Norge er igjen ved sans og samling, og tar fatt i sine problemer.
Sjølsagt er alt dette vanskelig å få til, eit statsforbund vil møte motstand, og dagens EU-frelste globalistregjering vil naturligvis vera fullstendig i mot noko slikt. Men alternativa er verre, mykje verre, i alle høve på lengre sikt.
Derfor må nokon starte prosessen, først ved å legge fram tanken, så få ordskifte om det, og så kanskje det kan bli eit stadig meir opplagt alternativ.
Det er særs interessant at Forbundet Norden har tatt fatt i dette.
Norden må stå samlet mot press utenfra. For at Norden skal kunne ivareta sine interesser og verdier i møte med internasjonale utfordringer, må vi styrke vårt samarbeid innen forsvar, beredskap og utenrikspolitikk. Vi må snakke med en stemme og bygge en mer formalisert nordisk enhet – politisk, økonomisk og sikkerhetsmessig.
På tide med en felles plan? Kan Norden – inkludert Grønland og Danmark – sette sine hoder sammen og komme til enighet om en felles, troverdig plan for beskyttelse av Grønland? Spør politisk rådgiver Fredrik Emil Aas. Solidariteten og de tette bånd i Norden er ikke bare sentimental, men har en reell sikkerhetsverdi. Med en samlet befolkning på 28 millioner, og en økonomi som er blant verdens 10–12 største, bør Norden i større grad kunne være en samlet og trygg aktør – ikke bare med retorikk, men med delt ansvar for sine områder.
Forbundets Norden sine uttalelser er gull verd, og her har Forbundet Norden sin sjanse for å nå mange av sine mål. At dei nordiske og andre europeiske land har uttrykt støtte til Danmark må vi utnytte. Støtteerklæringer er ikkje nok. Vi må komme med ei konkret løysing. Det kan vi. Det er no eller aldri. Hamra skal jarn medan heitt er.
Så takk til Donaldo for lissepasninga.
Kjøp Hans Rustads bok om Trump her! E-boken kan du kjøpe her.

