Det ulmar i EU-leiren. Og med den nye regjeringa og Ine Marie Søreide på topp i Høgre, ligg det ope for ein ny EU-debatt. Motivet for eit medlemskap er at dei ynskjer seg eit ord med i laget i EU-parlamentet. Men det er slett ikkje nødvendig. Stortinget og regjeringar har heilt frå Gro sine dagar, og deretter med Stoltenberg, Solberg og Støre, omfamna alle EU-direktiv, lovar og forordningar. Dei kan ikkje få nok av EU-påbod, alt frå EU-kontroll på bilen til fasongen på flaskekorkane, så nå er det 15.000 EU-skriv som regulerer fedrelandet Noreg, og dei går utanpå norsk lovverk – utan at me er medlem av EU!
Det ligg det an til overvekt på ja-sida, og etter ei folkeavstemming kan Støre og Barth-Eide storma til Brussel og be om fullt ekteskap med EU-parlamentet på legitimt vis. Og EU, som er ganske bankerott og siklar etter medgifta, Oljefondet, vil nok feira det med champagne.
Då Gro ikkje fekk folket med seg inn hovuddøra til EF i 1994, smaug ho oss inn bakdøra, og via EØS fekk ho oss inn i EU likevel, så me har vore EU sin logrande hund heile den siste mannsalderen.
Men det har kosta oss dyrt, alt frå Det grøne skiftet med elektrifiseringseventyret, havvind, vindkverner, straumkablar, miljø-øydelegging, Melkøya, korona-nedstenginga, vaksineskadar, konkursar, uhemma innvandring, kriminalitet, til nedbygging og fråflytting av utkantstrok.
Nordmenn er blitt husmenn i sitt eige land.
