Foto: Privat.

På Tveranger-gården i Solund, vest i Sogn, har det vore drift og liv siden 1500-tallet, men ein vårdag i 1965 var det slutt. Bestemor gråt når båten med familien forlot sjøbua med kurs mot sentrale strøk i Alver.

Gården som var samholdet til familien i generasjonar, inkludert bygda og skulen, blei borte.

Kvifor blei det slik? Me fekk nei frå lokale styresmakter til vei, som var nødvendig for å bu på gården vidare. Men sentrale styresmakter med Arbeidarpartiet ved roret hadde også ein hand på rattet i dette spørsmålet. Ikkje nok med at veien uteblei, så fekk mine foreldre ei årslønn i flyttetilskot fra gården. Avgjersla var enkel, og dyra vart sendt på slakteriet.

Ap har fått det som dei ville. Avvikla distrikta, legge ned landbruket, splitte familien til sentralisering. Valget i 1972 om EF-medlemskap (dagens EU) hadde ein rolle her med matimport som skulle erstatte tapet av norsk matproduksjon.

Men Ap gav seg ikkje der. Sjølv etter oljealderen kom, innførte styresmaktene moms på varer og tjenester i 1970 og laug at dette var midlertidig. 55 år er gått, og momsen blei verande for å lønna folk i staten som knebler vår frihet og våre valg.

800.000 jobbar i offentleg sektor no, mens Finland har 250.000. Alt blei 25 % dyrare, og presset på familiene auka. Resultatet vart at begge partar i heimen blei tvinga ut i jobb til slutt. Barnehagen overtok oppdragelsen med statlig rød/rosa ideologi, og stakkars barna i dag som ikkje veit hvilken kropp dei veks opp i lenger?

Over 200.000 årsverk er blitt borte i distrikta av denne politikken som Ap har ført dei siste 60 åra. I dag sitter dei på NAV fordi A4-samfunnet ikkje har bruk for dei lenger, sjølv om Norge kun er 40 % sjølvforsynt med mat. 730 tok sitt liv i fjor, uten at politikerne våkner. Mykje er samansett, men sorteringssamfunnet har mykje av skylda i denne situasjonen.

At ikkje ein føler seg nyttig i samfunnet lenger, er ein belastning. Ap har hovudsakleg skylda for dette tragiske eksperimentet, som starta for alvor med Reform 94 og øydela dei praktiske faga, noko som skapte mange taparar.

Me trenger nye koster i regjeringskvartalet og parti som tenkjer på sitt eige folk og land. Ikkje minst ta i bruk distrikta igjen til oppvekst og matproduksjon.

Eg vil prøve å stemme Konservativt denne gongen, når andre parti har svikta tidligare. Programmet har politikken for deg og meg. Kanskje blir det liv og røre på Tveranger-gården snart?

Godt val!

 

Kjøp «Et konservativt manifest» av Jordan Peterson her!

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.